Har du ei overfladisk tru?

Tidleg på sommaren var eg ein tur opp i lia der eg bur, og eg kom over ei stor og høg bjørk som hadde rotvelta. Stormen hadde herja. Med seg i fallet hadde den også teke fleire mindre trær. Eg tykte det var vemodig å sjå. Eit så stort og fint tre, og så hadde det enda slik. No gjekk det mot død.

Kva var så årsaka til det som hadde skjedd? Treet hadde vokse i fint jordsmon, og alt hadde sett fint ut før stormen. Det hadde fått vekse i mange år. Det såg ut for at det hadde fått rikeleg med vatn, som gjerne ofte kom sigande av seg sjølv nedover lia.

Men då ein kraftig storm kom, vart skaden avdekka. Røtene låg berre i overflata, og det var gjerne berre 20-30 cm mold. Under var det fjell, og røtene hadde spreidd seg utover, men ikkje kome ned i djup jord og fått feste. Då stormen kom, sleppte underlaget, og treet rotvelta. Eg tenkte det var eit talande bilde.

Ei overfladisk tru
Eg kom til å tenkje på menneske eg gjerne trefte i yngre år. Ytre sett var dei med mellom Guds folk. Alt såg så fint ut på overflata. Men så skildes våre vegar, og det gjekk gjerne mange år. Dei kom inn i ulike livsstormar. Dei byrja gjerne å studere, dei fekk seg gjerne høge stillingar, dei fekk gjerne familie. Men etter kvart vart det klart at rotvelting hadde skjedd. Dei vedkjende seg ikkje lenger kristen tru. Ein kan undre seg om røtene hadde funne åndeleg rotfeste, eller berre hadde vore på overflata.

Me lever i ei overfladisk tid, og me møter også mykje av det overfladiske på kristenfronten i dag. Brorson er inne på dette når han spør:

«Av døpte vrimler stad og land,
Men hvor er troens brann?
Hva hjelper det vi vet:
Du døden for oss led,
Når vi ei står mot Satans verk
I troen frisk og sterk?»

Rosenius gjorde også erfaring med det overfladiske og han skriv i ein av sine songar:

«Jeg var da vel fornøyet
Når rørt jeg hjertet fant,
Men var jeg mindre bøyet,
Min tro med ett forsvant.»

Kanskje var det slik mange unge hadde det då dei forlet heimen og skulle ut i livsstormane. Kristendommen vart over evne, som Bjørnstjerne Bjørnson erfarte og skreiv om.

Om Rosenius hadde gjort sine overfladiske erfaringar, fekk han etter kvart også erfare noko anna. Han kunne vitne og seie:

«Men Gud skje takk som sa meg
Min feil så den jeg så,
Og bedre grunnvoll gav meg
Å bo og bygge på:
På nåden i Guds hjerte
Som Jesus frem har brakt
Ved korsets død og smerte,
Som han for oss har smakt.»

Følelsane kan vere gode å ha, men er lite å byggje på.

«I følelsenes verden der veksler dagen lang, fra sol til vintermørke, fra bitter gråt til sang. Men Herrens ord og løfter er uforanderlig, Og følelser påvirker ei det som står skriftelig.»

Det er dette Paulus også skriv om til sine vener i Kolossæ, om å verta rotfesta i Kristus (Kol 2:7) – i Guds ord og løfter.

I den hardtrampa jord
Asbjørn Aavik fortel i ei av sine bøker at han besøkte Hampton Court, eit eldre slott utanfor London. Det var ein vakker park som omgav dette slottet. I denne parken var det eit drivhus, men dei hadde verken blomar eller grønsaker. Eit mektig og urgammalt tre fylte huset. Stamma var diger, greinene var tjukke – skjulte av grøne og friske blad. Eit dryss av veldige drueklasar hang ned frå taket.

Så skriv han: «Ikke noe sted i Østen kunne jeg minnest å ha sett slike kraftige druer.» I Austen hadde det gjerne vore langt betre forutsetningar, men der hadde han aldri sett slik frukt.

Jorda her i drivhuset var hard som sement – etter at hundretusenvis, ja gjerne millionar av føter hadde trampa jorda ned heilt frå veggene og ut til trestamma. Frå naturen si side skulle ein då tru at treet ikkje kunne overleve.

Menneskeleg sett vil ein tenkje slik. Her er det ikkje von om at treet kan overleve. Ein gartnar følgde dei rundt, og Aavik spurde gartnaren: «Korleis kan det ha seg at dette treet som er planta i denne jorda som ser ut som sement, kan ha så veldig frukt?» Då smilte gartnaren.
«Ser du den vesle elva som renn der nede», sa han, og peikte på ei elv som rann gjennom parken. Aavik såg elva.
«Røtene til dette vintreet når heilt ned dit. Om du går ned der, finn du røtene i mudderet ved elvebreidda», sa gartnaren.

Treet stod planta midt i det som såg ut som betong. Men det strekte sine røter mot kjelda med livgjevande vatn. Gjennom mørk og gjerne tørr jord, fekk det likevel rikeleg med vatn og næring og bar veldig med frukt. I livsstormane stod det støtt.

Held ikkje opp med å bera frukt
Jeremias nytta treet som bilde på menneske og skriv: «Velsigna er den mannen som lit på Herren, og lèt Herren vera si von. Han skal vera lik eit tre som er planta der det er vatn, og skyt røter attmed ein bekk. Det vert ikkje redd når heten kjem, alltid har det grøne blad. Det sørgjer ikkje i tørre år og held ikkje opp med å bera frukt.» (Jer 17:7-8)

Her hadde røtene funne vatn. Men korleis skjer det i praksis?

Jau, høyr om Jesus, syng om Jesus, les i Ordet, samlast med andre truande om Ordet, folda dine hender og tal til han som er eitt med Ordet – Jesus sjølv. Gje Guds ord rett, og du vil få erfara at Ordet gjer si gjerning i ditt liv. Dine sjelsrøter slår rot i Guds ord og løfter.

Då vil treet verta ståande, sjølv om stormane rasar, sjølv om det er hardtrampa og vanskeleg jord der du bur. Då vil du erfara at treet ikkje vert redd når heten kjem, alltid har det grøne blad. Det sørgjer ikkje i tørre år og held ikkje opp med å bera frukt.

Salmisten si erfaring
Salmisten hadde også gjort sine erfaringar med treet og han skriv:

«Sæl er den mannen som ikkje ferdast etter råd frå gudlause menneske og ikkje står på vegen saman med syndarar, og ikkje sit i sete med spottarar, men som har si lyst i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt. Han skal vera lik eit tre som er planta ved rennande bekker. Det gjev si frukt i si tid, og blada på det visnar ikkje. Alt det han gjer, skal han ha lukke med. Slik er det ikkje med dei gudlause. Dei er lik agnar som vinden bles bort. Difor skal ikkje dei gudlause stå seg i domen, og ikkje syndarar der dei rettferdige samlast. For Herren kjenner vegen åt dei rettferdige, men vegen åt dei gudlause fører til undergang.» (Salme 1:1-6)