Vårt forhold til Guds ord

«I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud» (Joh 1:1)

Dei som skreiv ned Guds ord, vart alle inspirerte av Den Heilage Ande, slik at alt det som vart nedfelt, var heilt og fullt Guds ord. «Heile Skrifta er innanda (inspirert) av Gud…» (2 Tim 3:16a). «… dei heilage Guds menn tala drivne av Den Heilage Ande…» (2 Pet 1:21b). Einast dei ti bodorda skreiv Gud sjølv på to steintavler til Moses.

Ordet er eitt med Gud, og Gud er eitt med Ordet. Slik som ditt forhold er til Ordet, slik er ditt forhold til Gud.

Når ein blir ein kristen, har det sin grunn i Guds ord, i Bibelen, og Anden sitt kall gjennom det leste og talte Guds ord. Gjennom det same Ordet får vi vita at livet har to utgangar: evig frelse eller evig fortaping.

Anten tek ein imot Guds ord, eller ein forkastar det. Anten trur ein at Bibelen er Guds ord til oss, eller ein trur det ikkje. Den som ikkje trur alt, han trur ikkje at Bibelen er Guds ord. Han trur gjerne at Bibelen inneheld Guds ord, men ikkje at Bibelen er Guds ord frå ende til annan, frå først til sist.

Ei anna sak er at vi ikkje forstår alt, men det er like fullt Guds ord. Ein kristen har berre Guds ord i Bibelen å forhalda seg til. Den som legg noko til eller trekkjer noko frå, vil få sin dom. Det fortel Bibelen oss. Slik som ditt forhold er til Guds ord, til Bibelen, slik er ditt forhold til Jesus. Den som blir ein kristen, han har Guds ord å forhalda seg til. Og berre det! Det er vårt forhold til Guds ord som avgjer vår evige opphaldsstad.

Kvifor er det så om å gjera å leggja noko til eller trekkja noko ifrå Guds ord? Ordet lærer at vi må omvenda oss for ikkje å gå fortapt. Og mennesket vil ikkje omvenda seg frå si synd eller si eigarettferd. Difor er det så om å gjera å få gjort Gud ufarleg. Gud er kjærleg og kastar ingen i helvete. Men Bibelen fortel at Gud også er heilag og ikkje kan forlikast med synd.

«Eg vitnar for kvar og ein som høyrer dei profetiske ord i denne boka: Dersom nokon legg noko attåt dette, då skal Gud leggja på han dei plagene som det er skrive om i denne boka. Og dersom nokon tek bort noko frå orda i denne profetiske boka, då skal Gud ta bort hans del frå livsens tre og frå den heilage byen, som det er skrive om i denne boka.» (Op 22:18-19)

Det kjem ein dag, og det kan skje fort og uventa, at vi skal møta Gud og få vår dom. Kva skal henda i samband med Jesu atterkome? Då skal dei som er frelste, hentast heim til himmelen. Dei ufrelste skal gje seg til å seia til fjella: Fall over oss! – og til haugane: Gøym oss! (Luk 23:30).

«I dei dagar skal folk søkja døden, men dei skal ikkje finna han. Dei skal stunda etter å få døy, men døden skal røma frå dei» (Op 9:6).

Er det nok berre å halda alt Guds ord for sant? Det er det ikkje. Det står at også dei vonde åndene trur det – og skjelv. Nei, det som vi trur, må bli vårt. Det som Jesus gjorde, må verta mitt. Vi får del i det ved tru, seier Guds ord, ikkje berre gjennom ei halda-for-sant-tru, men ei tru som kjem til oss gjennom forkynninga av evangeliet, der det som Jesus har gjort, blir mitt – og fører med seg glede og frelsevissa.

«Når vi tenker på evangeliet, det glade budskap, så er det et budskap om fred, fred på jorden i mennesker Guds velbehag. Men det er også et budskap til anstøt, til det største anstøt: korsets anstøt. Men i våre dager møter vi en slags evangelie-forkynnelse som det ikke er anstøt i. Hva er det for noe? Det er rett og slett ikke Guds ord. I enhver forkynnelse som forkynnes i samsvar med Guds ord, er det et anstøt. Den vil alltid få noen imot seg og i så sterk grad at noen vil reise seg til strid mot dette anstøtet i evangeliet.» (Reidar Linkjendal)

Rosenius seier at motstanden vil vera størst frå den kanten ein minst ventar det, dvs. innan kristenflokkane, og det ikkje frå kven som helst i kristenflokken, men der ein minst ventar det. Noko av det same skriv Paulus om i Apg 20:30: «Ja, mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fører falsk tale for å lokka læresveinane etter seg.» Det kostar for ein forkynnar å skulla vekkja forsamlinga frå åndeleg svevn og åndeleg død. Vi ser i GT korleis det var for profetane, og vi ser kva det kosta for Paulus og dei andre apostlane. Når vi ser tilbake til vekkjingstidene i landet vårt, så kosta det. Det vil kosta også i dag dersom forkynnaren ikkje dreg seg undan anstøyten i bodskapen.

Det ligg ein fare her når forkynnaren kjenner forsamlinga og veit kva forsamlinga forventar. Då kan det verta ei ”rett” forkynning av lov og evangelium utan anstøyt.

I brevet frå apostelen Johannes til dei sju kyrkjelydane i Litle-Asia, måtte han skriva om deira sanne tilstand. Eg vil tru at han vart forferda over det han fekk høyra – og måtte senda vidare. Men det var nødvendig at dei fekk vita korleis det stod til. Herren ville koma dei til hjelp og berging gjennom desse alvorsame breva. Det kan vi ha i tankar når det møter oss tunge ting i kristenlivet – ting som tek oss i skule, og vi får sjå kven vi er, og kor vi er.

Ein kristen har ingen ting å berga. Han tek imot Ordet i lov og evangelium og er villig til å la seg gjennomlysa – uansett korleis situasjonen er. Det er godt å få stå under Guds ransakande nåde med sitt liv. Herren vil oss uansett ikkje noko vondt. Han vil berga oss frå ei evig fortaping. Då kan vi be: Send det som du ser eg treng for å verta berga – og om mogeleg at eg kan bli brukt av deg. Det er sagt at den Gud vil bruka, gjer han først ubrukeleg. «Han skal veksa, eg skal minka», sa apostelen Johannes (Joh 3:30). Difor blir det kamp og strid mot det som i oss vil opp og fram – og bort frå tiggarplassen der vi får alt av nåde.