Det fortapte mennesket

Då Jesus uttala orda «det er fullført», då var alt det ordna som gjeld vår frelse, alt det som vi treng. Alt som skulle gjerast, var gjort.

Ei fullført frelse
Lova var oppfylt, synda sona, gjelda betalt. Vår gjeld! Absolutt alt var gjort. Ingen ting stod att.
Som ei stadfesting på det, vart Jesus vekt opp frå dei døde. Verket var dermed godkjent av Gud.
Jesus var – og er vår mellommann heilt og fullt i vår stad. Alt hans vart mitt – og alt mitt vart hans.

Den Heilage Ande sitt kall
No seier Guds ord at dette er gjort for fortapte syndarar, dvs. for alle.
Ut frå Guds ord veit vi at ikkje alle vert frelste. Kva er årsaka til det? For det første har vi ein arv frå Adam som vi må løysast frå. Den arven fører med seg at vi ikkje vil verta frelste. Når den dagen kjem at vi vil frelsast, så er det eit kall og ei draging på oss ved Den Heilage Ande. Det er ikkje vårt eige initiativ, sjølv om vi kan oppleva det slik; men «Det finst ikkje éin som er vitug, det finst ikkje ein som søkjer Gud» (Rom 3:11). Omsider innser vi at om vi ikkje omvender oss, går vi fortapt.

Omvendinga
No er saka den at vi ikkje kan omvenda oss. Ei fortapt slekt, ein fortapt person har ikkje evne til å omvenda seg. Vi er døde i misgjerningar og synder (Ef 2:1). Gud ventar ingen ting av ein død person!

Likevel seier Guds ord at vi må omvenda oss! Korleis heng det saman?
Om vi ikkje blir frelste mot vår vilje, blir vi det heller ikkje med vår vilje. Likevel må vi vilja verta frelste, for Gud tvingar ingen inn i sitt rike på jord.

For at Herren skal bli av med si frelse, så er det noko vi må erfara og innsjå: At vi er fortapte på grunn av vår arv og våre eigne synder. Men så er det slik at vi ikkje har forutsetning til å innsjå kva som ligg i det å vera eit fortapt menneske. Vi er for døde å rekna. Reint teoretisk har vi evne til å kunna tru at vi er døde og fortapte i oss sjølv, men vi trur likevel at det står i vår makt å omvenda oss. Om så var tilfelle, var vi slett ikkje fortapte og døde!

«Himmelvandrarar» på veg mot fortapinga
Så går mange under kristennamnet med det dei sjølv har føreteke seg – med si eiga omvending og tru. Dei ber og vitnar og les og talar Guds ord. Ein kan nå langt på denne vegen – og enda opp både som forkynnar, prest eller biskop, utan å ha liv i Gud.

Kva kjenneteiknar ein slik person? Han har si trøyst i det han meiner Gud har verka i hans liv. Han takkar og tilskriv Gud for alt saman – som farisearen i templet. Nei, han trur ikkje at han er syndfri, men Jesus tilgjev der ein kjem til kort.

Når spørsmålet om ein er ein sann kristen av og til dukkar opp, kor finn han då si trøyst? Kor vender han sine augo? Er det ikkje slik for deg som dette gjeld – at du ser innover i deg sjølv, til di omvending, ditt kristenliv, ditt bøneliv; og sjølvsagt det viktigaste, at du trur på Jesus! Er det i dette du finn di trøyst?

Ei sann omvending
Korleis er ei rett omvending? Det kan starta liknande som her er omtala, men det kjem ein dag då all trøyst blir teke frå deg. Det må skje noko med deg som du ikkje er i stand til å tileigna deg. Dette er ei første erfaring om at du er ein hjelpelaus synder. Det blir galt med alt ditt. Ikkje får du det til med di omvending, ikkje kan du tru, ikkje angra dine synder osv.

No er det ikkje alle som opplever det akkurat likt, men eitt er felles for alle: Dei går fallitt på sitt eige, sin eigen kristendom. Er du kjend her? Det er ikkje berre ei eingongs-hending. Det gjentek seg i kristenlivet.

Ei stor glede
Kva skjer så vidare? Under vekkjing i mi ungdomstid vart det gjerne stilt dette spørsmålet: Har du fått sett det? Så gjekk eg og venta på å få sjå det. Dette med Jesus måtte openberrast for hjarta. Men eg var den eg var og såg ingen ting. Eg stod der – heilt hjelpelaus.

Eg fann ikkje lenger trøyst i mi omvending. Sjølv ei åndeleg oppleving eg hadde hatt vart verdilaus i min situasjon. Alt mitt var utan verdi. Eg skjøna at dei andre hadde fått tak i noko som eg mangla.

Fekk eg sjå det som var så livsviktig å få sjå? Eg må vel svara eit lite «nei» – men eit større «ja» på det spørsmålet. Det skjedde ikkje det som eg venta på, iallfall ikkje slik eg hadde tenkt. Det som vidare skjedde ved forkynninga av Guds ord, var at synet mitt litt etter litt vart vendt frå meg og mitt til det som Jesus hadde gjort for meg. Og eg byrja å sjå at alt mitt var ordna ved ein annan! Eg var sett til side. Ein annan hadde ordna opp for meg! Det var jo ferdig og ordna for 2000 år sidan! For ei openberring! Og for ei glede!

Jamen er ikkje det noko som alle kristne veit? Gjerne det, men har du sett det – eller veit du det berre? Eg fekk ei glede også den gongen eg bestemte meg for å verta ein kristen, med den nemnde åndelege opplevinga på kjøpet. Det er jo den beste avgjerd ein kan ta i livet. Det skal ein ikkje sjå smått på. Men det er Den Heilage Ande som må føra oss gjennom den tronge porten.

Slike ting blir sjeldan tekne fram i bedehus-samanheng i våre dagar. Ein reknar helst med at alle er kristne. Men er dei frelste? Kven bryr seg vel om å høyra ransakande forkynning? Ein kan jo missa heile kristendomen sin! Det ser ein klårt då Jesus forkynte Guds ord. Til slutt stod han att berre med
læresveinane sine, og han spurde om også dei ville gå bort.

Den tronge porten
«Gå inn gjennom den tronge porten! For vid er den porten og brei er den vegen som fører til fortapinga, og mange er dei som går inn gjennom han. For trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han» (Mat 7:13-14).

Kva for ein av portane har du gått gjennom? Mange skal ta feil og tru at dei er på den smale vegen, men dei oppheld seg berre på fortauet på den breie vegen og forveksler det med den smale. Dei har gått inn gjennom feil port! For desse var den tronge porten det at dei måtte bestemma seg og ta eit
såkalt standpunkt for Jesus. Dei måtte skilja seg frå verdsleg lag osv. Og så gjekk dei inn med heile si eigarettferd. Skal desse verta frelste, så må dei ut att der dei gjekk inn.

Kva betyr det vel i den store samanheng – med tanke på evigheten – om du etter 10-, 50- eller 60-års kristenliv skulle vakna opp og sjå at du ikkje er frelst; samanlikna mot det å gå evig fortapt! Tenk
på farisearane som stod imot Jesu ord. No har dei aller fleste av dei vore ca. 2000 år i pine i fortapinga. Trur du dei angrar på at dei stod imot Jesu ransakande forkynning og ikkje gav han rett? Men Nikodemus angrar ikkje! Jesus fekk ta frå han alt det han sette si lit til, alle dei falske trøystegrunnane, heile kristendommen hans. Kva trur du det kosta for ein slik person? Lukkelege Nikodemus! Lukkeleg er den som let seg ransaka av Herren. David ba om det, og det bør og må vi òg be om.

Kva risikerer du med å bli ransaka av Herren? Du risikerer å bli frelst om du ikkje er det frå før! Å ta innover seg Guds ord fører alltid til noko godt om det i første omgang ikkje smakar så godt. Vil vi til himmelen gjer vi ikkje som vi vil med Guds ord og vårt liv. Kvifor skriv eg om dette? Fordi eg har fått erfara noko av det i mitt eige liv, og fordi at mange på den dagen då det skal haldast dom, skal bli utestengde for evig. Forseint oppdaga dei at dei hadde teke feil. Er du blant desse, så er det enno, i den stunda du måtte lesa dette, nådetid.

Vandringa som kristen
Vi som har gjort nokre av desse erfaringar som er tekne fram; kva med  vegen vidare? Det peikar Brorson på: «Begynt er ikke endt, det må du vite! Du som har Jesus kjent, bli ved å stride.» «Tenk hvilken skjendig ting. Først Gud å kjenne, og siden seg omkring til verden vende.»

Korleis står det til med meg i dag? Eg må seia med Per Nordsletten: «Jeg ofte er i frykt og fare og tenker alt er selvbedrag. Jeg synes livet ei vil svare som når det rett var hjertets sak.» «Jeg fattig var, er verre vorden, ser mer og mer av hjertets dynd.»

Når eg ser tilbake på kristenlivet mitt, har eg mykje å skamma meg over. Ser eg inn i meg sjølv, er det
inga trøyst å finna. Der finn eg berre det som gjer det vanskeleg å tru at eg kan vera eit Guds barn, men eg finn samstundes det som gjer at eg har bruk for ein frelsar. Og så treng eg å få augo opplatne til å sjå at denne Frelsaren er min Frelsar.

«Jesus, takk, du levde livet til Guds ære. Dette livet får jeg regne med som mitt. Du var alt for Gud, ja, slik jeg skulle være. Slik en Frelser er det til oss alle gitt.» (Ragna Brentøy) Slik steller Herren med oss. Han tek frå oss alle falske trøystegrunnar – og gjev oss kvile åleine i det som han har utretta for oss.

Sjølv om vi har fått vårt alt i Jesus, så har vi framleis vårt gamle kjøt, arven frå Adam. Det er det som gjer det så vanskeleg. Den striden vil vara livet ut. Vi kan frykta når vi les om kongane i Bibelen, korleis det på slutten av deira liv gjekk galt med dei mange som hadde begynt så godt. Skulle så
du eller eg vera utanfor fare?