Heilage, ulastande og ustraffelege

«Dykk òg, som før var framande og fiendar av sinnelag, i dykkar vonde gjerningar, har Gud nå forlikt med seg sjølv i kjøtslekamen hans ved døden, for å stilla dykk fram for sitt åsyn,- heilage, ulastande og ustraffelege, om de berre held ved i trua, grunnfeste og faste, og ikkje lét dykk rikka frå den vona evangeliet gjev.» Kol 1:21-23

Det er ein del år sidan at eg las desse bibelorda og på nytt fekk sjå meg frelst og fri. Sidan har eg mange gonger vendt tilbake til dei same orda. Gud har forlikt meg med seg sjølv – utan at eg har hatt noko med det å gjera. Han gjorde det med kjøtslekamen hans, dvs. Jesus – «ved døden, for å stilla dykk fram for sitt åsyn heilage, ulastande og ustraffelege, om de berre held ved i trua, grunnfeste og faste, og ikkje let dykk rikka frå den vona evangeliet gjev».

Her kjem du og eg inn i biletet. Vi har fått noko som gjeld oss og som vi må halda fast på. Vi kan seia at her ligg vårt ansvar. Ikkje å blanda oss inn i det som er fullført, men ta vare på det som er gjort, halda fast på det og ikkje la oss «rikka frå den vona evangeliet gjev».

Korleis kan vi makta det? Vår kamp er ikkje mot menneske, «men mot maktene, mot herrevelda, mot vondskapens åndehær i himmelromet». Guds ord talar om ein rustning som vi må ta i bruk. Denne rustningen er omtala i Ef 6:11- 17. Her er mange ting nemnt. Eg kan ta med eit par av dei: «Grip framfor alt trusskjoldet, som de kan sløkkja dei brennande pilene åt den vonde med. Tak frelse-hjelmen og Andens sverd, som er Guds ord.» Det er så fort gjort at vi slepp våpna ut av hendene våre.

Ein forkynnar kom ein gong inn på dette med å sleppa dei åndelege våpna. – Det er nokre, sa han, som er så snare til å sleppa våpna at ein kunne få lyst å låsa dei inne på eit rom og berre forkynna evangeliet for dei!

Det er Guds vilje at vi skal tru han på hans ord. Så les no Kol 1:21-23 nokre gonger – til du finn kvile i det som er ordna mellom Gud og Jesus på dine vegne, og det utan din medverknad eller innblanding! Ikkje eingong ved di tru!

Det som i det siste har vore godt å tenkja på, er at då Jesus vart døypt i Jordanelva, bekjente han mi synd som si.