Gjer arven kjent!

Ein jordisk arv må bli kjent for alle arvingane. Vert nokon utegløymd, kan ein gå glipp av sin rettmessige del. Dette gjeld så mykje meir den himmelske arven. Tenk, ikkje å vita om, eller ikkje bry seg om, at det er testamentert ein arv som frir oss frå evig fortaping og gjev oss del i herlegdomen i himmelen!

«Difor er han mellommann for ei ny pakt, så dei som er kalla skal få den evige arven som var lova, etter at det har funne stad ein død til utløysing for brota under den første pakta (lovpakta med dei ti boda). For når det gjeld eit testamente, er det naudsynt å få stadfesta at den som gjorde det, er død. For eit testamente gjeld først etter døden, sidan det aldri har kraft så lenge han som gjorde det, er i live» (Heb 9:15-17).

Vi står i gjeld
Testator, Jesus, er nå død, og arven må kunngjerast for alle arvingane. Det er difor vi er her. Det kviler eit ansvar på oss. Vi står i gjeld! Det er frykteleg å gå fortapt. Ei evig pine. Ein tilstand som ein aldri, aldri kjem ut av. Skulle vi ikkje stilla oss til disposisjon for Herren med alt det vi er og har, og ransaka vegane våre, slik Paulus gjorde? Han seier: «Eg står i skuld både til grekarar og barbarar, både til vise og uvise. Difor er eg for min del villig til å forkynna evangeliet for dykk i Rom òg» (Rom 1:4-5).

Det gjeld alle
På Golgata let Jesus etter seg eit testamente. Han skreiv det med sitt eige blod. «Da han skrev dette testamentet, husket han på alle Guds skyldnere, også på deg og meg, og ut fra dette dyrebare dokumentet lyder det nå til oss: Din synd er sonet, din gjeld er betalt. Du er frelst og fri fra alle dine synder» (B. A. Lindeland). «Han strauk ut skuldbrevet mot oss som var skrive med bod, det som
gjekk oss imot. Det tok han bort då han nagla det til krossen» (Kol 2:14).

Det er dette som må gjerast kjent for arvingane, men også korleis det endar om ein ikkje bryr seg om dette livsviktige dokumentet.

Det er fullført!
Kjære medarving: Du er kjøpt fri! Løysepengen er betalt av «han som gav seg sjølv til ein løysepenge for alle» (1 Tim 2:6). Testamentet er nå gjort gjeldande for alle arvingane. Får du ein jordisk arv, vil eg tru du tek imot med takk! Du har mykje større grunn til å gjera det same med den himmelske arven!

Når det er tale om arv, er det aldri spørsmål om forteneste, om du er verdig eller uverdig. Det er spørsmål berre om du høyrer med blant arvingane, anten gjennom slektskap eller ved at testator har kome deg i hug i testamentet. Når det gjeld den himmelske arven, må du berre forvissa deg om at du er eit menneske! I så fall er du ein rettmessig arving til alt det Jesus har gjort for deg.

Korleis tek ein imot arven? Han blir rekt gjennom Guds ord og må takast imot i tru. Tru er alltid ei motsetning av gjerning. Trua er difor ikkje noko vi skal få til, men ho kjem til oss gjennom forkynninga av Ordet og ber det i seg at vi fattar tillit til Jesus og det han har gjort for oss (Rom 10:17).

I meg er jeg fattig, i ham er jeg rik.
Ja, tenk at min Frelser har ordnet det
slik, at allting er fullbragt for deg og
for meg. Det lød ifra korset. Han åpnet
oss veg.

Han sonet min synd og betalte for
den. Han livet sitt gav, og hva fikk
han igjen? Han fikk kun en synder,
han ønsket ei mer. I ham jeg min
frelse og redning nå ser.

Å, synder som ennå går borte fra
Gud: Se, allting er ferdig er Frelserens
bud. Du slipper å streve for
frelsen, min venn. I ham blir du arving
til himmelens hjem.

(Ragna Brentøy)