Evig frelst – evig fortapt

Kva er det alvorlegaste ordet vi har i Bibelen? Kan det vera ordet «fortapt»?

Eg har tenkt på eit anna ord, ordet «evig». Evig – har det i seg at det aldri tek slutt, ei evig notid. Det kan vi ikkje til fulle forstå. Men eingong skal vi fatta meir av det. Det skjer den dagen slekta skal skiljast og delast i to flokkar, evig frelst – evig fortapt. Til glede for dei første, til sorg, redsle og fortviling for dei andre.

«Då skal dei gje seg til å seia til fjella: Fall over oss! – og til haugane: Gøym oss!» (Luk 23:30).

«I dei dagane skal folk søkja døden, men dei skal ikkje finna han. Dei skal stunda etter å få døy, men døden skal røma frå dei» (Op. 9:6).

«I dag er nådens tid, i dag er Gud å finne» (Hans Adolph Brorson. Sb 175).

Evig – – – . Det er ikkje lenger noko som heiter tid. Skal vi bruka jordiske år for å forstå litt av det, kan vi seia at millionar av år er berre som ein prikk – samanlikna med det som ligg framføre. Etter alle desse millionar åra er vi ikkje kome lenger enn til startgropa. Og der vert vi verande! Ein tilstand i pine – utan noko form for kvile.

Det var dette Jesus måtte gjennomgå for oss i dei timane på korset då landet låg i mørke. Det var dette han grudde seg for i Getsemane-hagen. Og det er dette han vil berga oss frå. Det er ingen som har tala så mykje om fortapinga og helvete som Jesus, medan vi helst vil høyra evange-liet og nærast skammar oss ved å ta desse orda i vår munn, endå det er frelse eller fortaping, himmel eller helvete det mest av alt dreier seg om.

«For tida er komen då domen skal ta til med Guds hus. Men tek han til med oss, korleis skal det då enda med dei som ikkje vil tru Guds evangelium? Og er det med naud og neppe den rettferdige vert
frelst, korleis skal det då gå med den ugudelege og syndaren?» (1Pet 4:17-18).

Det er dette som vil skje med kvar og ein som ikkje har omvendt seg medan det enno var nådetid.

Det blir også tilfelle for dei som bekjenner seg som kristne, men som aldri er blitt avkledde si eiga-rettferd, som var tilfelle med farisearane. Dersom dette er ukjent for deg, må du tala med Herren om
det. Bed han om å ransaka deg. David ba om det. Han var ikkje i stand til å ransaka seg sjølv. Det er ikkje vi heller (Sal 139:23-24).

Det er ikkje farleg å bli ransaka av Herren. Han vil deg berre vel. Eg vil tru at ein kvar sann kristen ofte bed denne bøna. Skulle det ikkje stå rett til med deg, så er det stor nåde at du blir klår over di
stilling medan det er nådetid. Det er det beste som kan henda deg. Er du frelst, så tek du ikkje skade av å bli ransaka. Det fører deg ikkje bort frå Jesus, tvert imot!

Farisearane tok ikkje imot Jesu ord som openberra deira sanne tilstand. Deira nådetid var dermed til ende – før deira levetid, men dei fortsette sikkert med si gudsdyrking! «Den som ei vil lyset
kjenne, han skal seg på lyset brenne.»

Når nådetida er slutt, kan vi lesa om dei mange som var sikre på at dei var kjende av Jesus. Men Jesus kjende dei ikkje. «Då tek de til å seia: Vi åt og drakk for augo dine, og du lærte på gatene våre» (Luk 13:26).

Kva skal vi seia? Vi omvende oss jo, vi gjekk trufast på bedehuset og høyrde Guds ord. Vi var med i bibelgrupper og foreiningar. Du kjenner vel oss?

«Strid for å koma inn gjennom den tronge døra. For mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn og ikkje vera i stand til det» (Luk 13:24).

Vil du la deg ransaka, eller skyr du ransakande forkynning? Vil du berre høyra evangeliet? Risikerer du evigheten berre for å berga di eiga ære? Det står om nokre at dei ville heller ha ære av menneske
enn ære av Gud (Joh 12:43).