Til ettertanke

Det ringjer på ytterdøra di ein dag. Du byr vedkomande inn. Han har noko interessant han vil dela med deg. Medan han talar tek han fram nokre flotte bilete han vil syna deg.

Samstundes som han fortel og viser fram bileta, kjem han med eitt og anna bannord, langt over grensa av det ein kan kalla sømeleg tale eller oppførsel. Endå oftare misbrukar han Guds namn – både på norsk og engelsk. Men blant dei flotte bileta kjem det fram nokre med pornografisk innhald.
Eg vil tru at du ville be han koma seg ut. Tenk, koma inn i ditt hus og by fram slikt! Noko så skammeleg frekt!

Kven er han?
Vil vi eigentleg jaga han ut? Tvert imot! Vi betalar ganske mykje for at han skal bli verande! Det er vår situasjon. Kven er denne personen? Han er ein blant mange som satan, gjennom TV, PC og andre ting, brukar for å øyde-leggja heimane i landet vårt, og til å få Jesus ut av hjarta og hus. Han vil sløva oss ned så vi ikkje lenger reagerer på det som er usømeleg tale og framferd.

Ja, men det er jo mogleg å slå av apparatet eller gå over til ein annan kanal! Det er mogleg, men gjer du det, eller ser du heile programmet til ende? Og om du ikkje ser alt, så vil du iallfall få med deg litt?

Tilvenjing
Satan vil at du skal venja deg til banning og misbruk av Guds namn og sjå på ureine bilete og handlingar. Så kjem det fengslande program, iblanda gift, som til slutt bryt ned motstanden din, og du må sjå, for du er fanga.

Så godtek du at Guds namn blir misbrukt i heimen din. Du ber vel ditt «Fader vår» om at Guds namn må verta halde heilagt. Korleis kan du då sitja å sjå og høyra at Guds namn blir misbrukt i di eiga stove – tvert imot det du ber om? Dette inntek deg gjennom syn og høyrsel – utan at du reagerer! Og du har tenkt deg til himmelen!?

Det finst nokre som ikkje har kjøpt fjernsyn, og det finst dei som har kasta det ut. Men så har ein gjerne PC eller nettbrett som også kan misbrukast til liks med fjernsynet, ja, kanskje endå meir? Det er berre eit tastetrykk, så er det ingen som ser kva du er oppteken med. Jau, Gud ser, men han er ikkje så farleg! Jau, han er det!

Guds ord advarar ein kristen mot å gjera Den Heilage Ande sorg, slik at han må forlata oss. Så kan ein bli sitjande att med ei død tru, som nå berre er gamal, tileigna kunnskap, som ikkje har innverknad på vårt liv, slik Anden ville.

Du les kanskje bøker og blad som den gamle Adam får mat gjennom? Godtek du banning og misbruk av Guds namn også der?

Åndeleg død
Det står om Samson at han visste ikkje at Herren hadde vike frå han (Dom 16:20).
Alle desse apparata og bøker er også tidstjuvar. Det betyr ikkje at vi ikkje kan ha glede eller nytte av dei når dei blir brukt rett. Nei, i vår tid er mange av desse apparata nødvendige å bruka, men det er ditt og mitt ansvar korleis dei vert brukte.

Er du ikkje redd for å mista det åndelege livet og gå fortapt? – Om du då nokon gong har hatt åndeleg liv. «Døden steig opp i vindaugo våre, kom inn i slotta våre» (Jer 9:21). Noko av det vi ser i vindaugo våre gjennom TV, PC, nettbrett og mobiltelefon, kan resultera i åndeleg død.
Skal tru om det ikkje må starta her, i våre eigne heimar – for oss som ber om vekking?
Då blir det kamp! Fordi Anden strir mot kjødet og kjødet mot Anden.

Mammon
Så har vi avguden mammon. Mange dyrkar han. Då kostar det å gi ein fem-hundrelapp i kollektkorga. Og du gir kanskje ikkje med glede, men meir av plikt. Bibelen seier at den beste måten å gi på, er kvar veke å leggja ein fast sum til side (1Kor 16:2). Då fell det mykje lettare å gi.

Det talast i Bibelen, kanskje mest i Det gamle testamente, om å gi tiende. Vi veit at farisearane gjorde det, og vel så det. Likevel var dei pengekjære! (Luk 16: 14) Og mange av farisearane gjer sikkert det same i dag både her og i Israel. Men dette er det ikkje noko påbod om i Det nye testamente. Vi kan gi meir eller mindre, alt etter kva vi har og etter hjartelaget – kanskje i enkelte tilfelle etter Guds påminning. «For dei gav etter evne, det kan eg vitna om, ja, over evne, av eiga drift» (2 Kor 8:3).

Forvaltar-ansvaret
Når eg tenkjer etter korleis eg mang ein gong brukar det eg har fått å forvalta, så blir eg skuldig.
Tek du Gud med på råd når du skal forvalta det du får inn – og med det du held på og samlar deg opp? Gud har gitt nokre av oss meir enn andre, for at vi skal dela med dei som har mindre. Samstundes har han sett oss på prøve som forvaltarar av det vi har mottatt. Vi skal svara for det ein dag.

Jesus sat ein dag ved tempelkista. Mange rike gav mykje. Vi som er rike, gir vi mykje? Då kom det ei fattig enkje og gav to skjervar, det er ein øre. Ho gav mest av alle, seier Jesus, for ho gav alt det ho åtte, alt det ho hadde å leva av. Gir du og eg noko som vi kunne tenkt brukt på oss sjølv?
Til ein lovkyndig sa Jesus at han skulle selja alt det han åtte og så koma å fylgja han.

Det hadde enkja gjort. Eigentleg hadde læresveinane gjort det same. Dei gjekk frå sitt levebrød for å fylgja Jesus. Samtidig seier Jesus at den som gir om så berre ei skål med kaldt vatn av di han er ein læresvein, han skal ikkje missa løna si.

Så forstår vi at Jesus ikkje ser etter mengde, men etter hjartelag, etter vårt forhold til han og til våre medmenneske. Likevel har det vi gir samanheng med vårt forhold til Jesus. Det vi gir til Guds rike eller til fattige, vil kanskje ein dag møta oss att i frelste sjeler. Den himmelske banken gir god
avkastning! Dersom du gir til Guds rike med motvilje, så står det skrive at Herren elskar ein
glad givar. Eg trur ikkje at du blir ein glad givar utan at evangeliet får innta hjarta ditt.

Avgudsdyrking
Det du har samla, får du ikkje ta med deg. Det er ikkje sikkert at vegstubben du har igjen er så lang. Kven skal då ha alt det du har samla? Uansett er det rett å gi, for det er til hjelp for slike som treng det, og det kan vera med å fri oss frå gjerrigskap. Det er eit sitat av Luther, som eg berre delvis hugsar, der han liksom befaler pengane sine, og seier: «Ut og gjer nytte for dykk!»

Er du gjerrig og vinnesjuk? Ei lita prøve på det: Du likar ikkje det som her er teke fram! Og du gir det ikkje rett i ditt liv. Kva vil du gjera med det? Vinnesjuke er avgudsdyrking, og avgudsdyrkarar skal ikkje arva Guds rike, seier Guds ord i Kol 3:5.

Guds ord kallar deg til omvending og tru. Heb 4:16 seier det slik: «Lat oss difor gå fram for nådens trone med frimod, så vi kan få miskunn (få syndenes forlatelse), og finna nåde til hjelp i rette tid» (til å seire over synda). Gjer du det eller let du synda råda over deg? Hugs at avgudsdyrkarar ikkje kjem inn i Guds rike!