Når Gud kallar

Herren møter oss med sitt kall på ulikt vis gjennom livet. Hans mål er å berge di og mi sjel for himmelen. Det er ein vekkingssong som ofte har talt til meg i samanheng med kallet. Den vitnar om ein som fekk oppleve Guds kall, og den respons han gjev. Songen vert innleia slik:

Nei ikke ennu, sa en liten gutt,
som Åndens dragelse på seg mon kjenne.
På lystig lek kan det ei være slutt,
når jeg blir voksen vil jeg meg omvende.

Så går det ei tid, og han er vorten vaksen og me møter han att, men igjen lyder det frå han:

Nei ikke ennu, sa den samme gutt når
han som voksen stod iblant de andre.
Når jeg blir mann, skal vellyst tage slutt,
og jeg vil glad på Herrens veier vandre.

Djevelen veit å male ut kor forferdeleg det må vere om ein skulle bli ein kristen. «All vellyst tage slutt» som det stod i songen.
Eg har lese om Mathias Orheim. Han var ein vilter krabat og var aktiv i det frilynde ungdomsarbeidet. Han skriv i ein av sine songar:

Eg tenkte då eg levde i syndelivet vilt:
Skal eg ein kristen verta, er all mi gleda spilt.
Men dette var eit mistak så stort som ingen finn,
nå er eg glad som aldri før, for nå er Jesus min!

Kva var det som skjedde med Orheim? I Pinsehelga i år 1900 kom det besøk til bygda der han budde. Det var to vidkjende lekpredikantar som skulle tala, Ludvig Hope og Thormod Rettedal. Mathias møtte på eit møte. Det førte til at han vart frelst og fødd på ny. Livet fekk ein heilt ny kurs.
Kva vitnar Mathias Orheim om? Jau, han skriv seinare i den same songen:

Eg tenkte at eg aldri meir vener kunne få,
når eg med bønefolket som lesar skulle gå.
Men kvar eg kjem i landet og ferdast ut og inn,
eg vener finn som aldri før, for no er Jesus min.

Også han fekk sjå at djevelens tale hadde vore løgn. No fekk Mathias Orheim erfare det eigentlege liv, i samfunnet med Jesus. Alt vart forandra, og han trega ikkje ein dag. Han vart seinare blind, og reiste som lekpredikant med Guds ord.

Oppvaksne i kristne heimar
I vekkingssongen som me innleia med, forflyttar me oss enno nokre år fram. Me møter guten i songen att i hans manndom, og då lyder det slik:

Han blev snart mann, sitt løfte kom i
hu, men nu han fikk så meget å utrette.
Nei ikke ennu, lød det også nu,
til han ble gammel ville han oppsette.

Midt i manndommen var han komen, og då kjem djevelen på ny og seier: Nei, ikkje enno – du kan utsetje det til du vert gamal. Lev livet! Og på ny gjev han etter for djevelen.
Så går det enno nokre år, og me møter han att i alderdommen, og det fjerde verset lyder slik:

Han gammel ble, hans hår ble sølverhvitt,
men synden hang så fast i mannens sinne.
Nei, ikke ennu, lød og denne tid,
når han ble syk han ville Herren finne.

Når eg høyrer denne songen, tenkjer eg på at her møter me mange som er oppvaksne i kristne heimar. Dei veit at det mor og far stod for var sant, at det med Bibelen og Guds ord er sant og rett. Dei ynskjer også å nå himmelen, men likevel vert det utsett gong etter gong med å vende om til Herren. Så vert det som me høyrer i det neste verset:

Han blev snart syk, men nu var ikke tid,
han hadde nok med sykdommen å gjøre.
Når jeg blir frisk vil jeg omvende meg,
men denne natt han dødens bud fikk høre.

Slik har det gått i mange menneskeliv, og eg trur diverre det gjeld mange som er oppvaksne i gode kristne heimar. Dei var overtydde om kva som var rett, men likevel gav dei ikkje overtydinga rett i livet sitt. Omvendinga vart utsett og utsett og utsett. Dei vart bundne av band til vener, familie, arbeidskollegaer – terskelen for å søkje Herren vart for høg for dei. Til slutt gjekk det evig galt.

Satans finaste list
25. januar i 1953 heldt professor Ole Hallesby si kjende radiotale. Hallesby sa:
«Jeg taler sikkert til mange i kveld som vet at de er uomvendt. Du vet at hvis du styrter død om på gulvet, så styrtet du rett ned i helvete. Og du vet at slik som du er nå, vil du ikke og kan du ikke dø. Du må bli omvendt først. Men du vil ikke omvende deg nå. Vet du min venn, det er ikke bare Gud som preker omvendelse, også Satan… Når han preker omvendelse sier han: Det står skrevet at du må omvende deg eller så kommer du til helvete. Men, sier han, det haster jo naturligvis ikke slik som alle disse predikanter og prester forteller.

Dette tror jeg er satans fineste list. Han får mennesker til å tro at de vil omvende seg – siden. Og det gir dem mot til å leve uomvendt. Hvordan kan du som er uomvendt, hvordan kan du legge deg til å sove om kvelden du som ikke vet enten du våkner i din seng eller i helvete? Jo, ganske liketil: Du kan legge deg rolig til å sove fordi du mener du vil omvende deg siden. Kunne du spørre dem som er i helvete i dag om ikke de ville omvende seg, så vil de sikkert svare de fleste: Jo, det ville vi. Hvorfor er de så i helvete? Vi ville aldri omvende oss nå, men siden».

Så langt frå Hallesby sin tale.
Det vart eit ramaskrik ut over landet og i det offentlege rom, og verre hadde det gjerne vorte om ein preste-lærar frå MF hadde talt slik i dag. Mange vart rasande på Hallesby for det han hadde sagt.
I etterkant sa Hallesby at noko av det som var med og heldt han oppe, var alle dei oppmuntrande tilbakemeldingane han fekk etter talen, alle breva frå dei ulike menneske som hadde søkt Gud.

Hvordan kan du som er uomvendt, hvordan kan du legge deg til å sove om kvelden du som ikke vet enten du våkner i din seng eller i helvete?

Kallet vart for sterkt
Han fortalde at ei eldre kvinne hadde teke kontakt. Ho og mannen var ikkje kristne, og dei vart sitjande å høyre på Hallesby sin tale på radioen denne kvelden. Det vart så alvorleg for dei det som Hallesby tok fram, og kallet til dei lydde så sterkt, at dei måtte bøye kne der ved sida av radioapparatet og overgje seg til Gud.

Neste morgon gjekk kona ned som vanleg for å laga frukost, men då ho skulle rope mannen ned til frukost, kom han ikkje. Då ho til slutt gjekk opp, fann ho han død i senga. Han var inn i æva. Det vart eit veldig sjokk for henne det som hadde skjedd.

Ho kontakta Hallesby, og var så takknemleg for at han hadde talt sanninga frå Guds ord til dei slik at mannen hadde vorte frelst og berga for himmelen. Ei sjel! Om ikkje det var for anna enn denne sjel, trur eg Hallesby ville opplevd at det var verd lidinga. Men det vart eit stridt år for Hallesby.

I desember 1953 var det arbeidar-møte i Landsindremisjonen i Oslo, og ein kveld fortalde Hallesby litt om den harde tida han hadde vore gjennom det siste året sidan talen i januar. Men så gjekk det eit breitt smil over professoren sitt ansikt, og han seier: «Men, mine venner, jeg har fått mer enn tusen brev fra kvinner og menn, omkring i hele Norge, som på grunn av denne prekenen måtte gjøre opp sin sak med Gud».

Som menneske har me berre «nuet» og evigheita, og difor seier Bibelen alltid: «I dag, om de høyrer hans røyst, forherd då ikkje hjarto dykkar» (Heb 3:7). Når du og eg lyttar til Guds ord verkar det enten til frelse eller forherding. Står menneske imot kallet, kan det til slutt skje ei forherding slik at Guds ord ikkje lenger når inn. Då kan nådetida gå ut før levetida. Kong Saul er eit tragisk eksempel på det – han som var utvald, men som vart forkasta og til slutt forherda – fordi han ikkje ville bøye seg for Herrens tale.
Det hender likevel at eit menneske kan verte frelst på dødens rand, men det er i unntakstilfella. Dei aller, aller fleste menneske døyr som dei lever.

Det er ikkje håp for meg
Bestefar min på farssida var eit slikt unntakstilfelle. Vinteren 1902-03 var det ei veldig vekking i Norheimsund og bygdene her i Hardanger. Det står om denne vekkinga i boka «Vårløysing» av Oscar Handeland.

Bestefar min var også på eit av møta. Han var ingen kristen. Ein kveld stod han i «Storasmåje», som me kalla det, vegen nedanfor garden på Lid. Han var så kalla av Gud om å gå til Bøhn, der besteforeldra mine på morssida budde, og overgje seg til Gud. Han visste at der var dei truande ungdommane samla om kvelden etter møtet.

Men då han stod der, høyrde han ei stemme som sa:
– Det er vel ikkje så om å gjera å venda om, du kan vel venta til i morgon med å gjera det.
Han gav denne stemma frå djevel-en rett. Neste dag var ikkje kallet så påtrengjande lenger. Det gjekk mellom 50 og 60 år, før Herren igjen nådde han.

Då han låg på dødsleiet, snakka far min med han. Då kunne bestefar fortelje kva som hadde skjedd i hans ungdom. Etter den dagen i ungdommen, hadde djevelen sagt til han på ny og på ny:
– Du forkasta kallet då du hadde det, det er ikkje håp for deg! Han måtte gje djevelen rett at han hadde ikkje nytta anledninga.

Djevelen, som er løgna sin far, han talar alltid løgn, det finst ikkje sanning i han. På dødsleiet fekk far min forkynne han evangeliet om Jesus, om han som døydde for dei som svikta, for dei som hadde falle, for dei som hadde synda.
På terskelen inn i døden fann bestefar fred i Jesu blod. Men det er unntaket at slikt skjer. Oftast døyr menneska som dei lever. Lever dei borte frå Gud, seier Bibelen at då går dei evig fortapt. Det er forferdeleg. Sjølv om ein ikkje vil høyre slik tale i dag, er det sanninga, om mange ikkje vil erfare det før på dommens dag.

Overtydd, men likevel fortapt
Mange menneske vil ikkje ha noko med Gud å gjere, andre menneske tenkjer at dei gjer så godt dei kan, og så kan ikkje Gud krevje noko meir. Atter andre seier: Eg er ikkje verre enn andre menneske. Mange, mange – lever, døyr og går fortapt.

Andre lever borte frå Gud som desse som Hallesby talte om. Dei har tenkt seg til himmelen, og dei vil omvende seg, men dei vil omvende seg seinare. Diverre lever mange, mange menneske her – og døyr utan Jesus.
Det er fortvilande! Eg trur at mange som er vaksne opp i gode kristne heimar er mellom desse. Dei veit og er overtydde om kva som er rett å gjere, dei veit kva dei burde gjere, men så vert menneskefrykta større enn gudsfrykta.

Ein fryktar for kva familie, vener og arbeidskollegar vil seia, og så døyr dei som dei lever. Det er det tragiske for mange av desse. Det er ofte mange, gilde, fine menneske moralsk sett, som lever her.

Likevel er det slik som songaren syng: «Nesten en kristen, nær ved å tro» … og mot slutten av songen … «Nesten, men tapt!». Det hjelper ikkje å vere nesten ein kristen. Atter andre er religiøse, og kan vere positive til det som har med kristendommen å gjere. Dei kan vere engasjerte i både kyrkje og bedehus. Likevel lever dei ikkje i eit fortruleg forhold med sin Gud og far. Dei er opptekne av kva
dei skal vere og gjere, og ikkje kva Gud har gjort for dei i Kristus Jesus til frelse.

Me veit ikkje når Gud sluttar å kalle på eit menneske, men står eit menneske mot kallet, skjer det ei
forherding som til slutt gjer at Gud ikkje kan nå det lenger. Då går nådetida ut før levetida.

Gje Ordet rett!
Herren kallar for om mogleg å nå deg.

I den tause midnattstime
for ditt hjertes dør
står en gjest og stille banker,
banker nå som før.
Har du hørt det sterke kallet
dypt i sjel og sinn?
Det er Åndens røst som sier:
Gå og lukk din frelser inn!
Lukk ham inn, lukk ham inn!
Det er Åndens røst som sier:
Gå og lukk din frelser inn!

Lukk han inn, og la Ordet få tale til deg om dine synder! Gje det rett! Då vil du også erfare Jesu ord: «Den som kjem til meg, vil eg slett ikkje støyte ut» (Joh 6:37).