«Ottast ikkje, berre tru!»

Det er godt å få kome til eit anna kontinent og til eit anna land og få møte menneske der ein kjenner på samfunn i Herren Jesus Kristus, på tross av ulike språk og kulturar.

Me opplever vanskelege tider i mitt kjære fedreland, Norge, for tida. Det er eit fråfall frå Guds ord som me ikkje har sett på 1000 år, sidan kristendom vart innført i Norge. Kristendommen har prega samfunnet vårt gjennom lange tider, men fjernast no frå skule og samfunn.

Me har hatt ei luthersk statskyrkje, og tidlegare var det mange bibeltruande, gilde prestar, men no er ho vike frå Herren og Ordet. I dag kan mange prestar velsigne synda – menneske av same kjønn som lever saman. Dei er med og fører dom inn over land og folk.

Samtidig hender det at dei som står fram og peikar på kva Bibelen seier, opplever å verte hengt ut i media. Slik sett ser det ut som det er forfølging som ligg framom for den som vil stå fast på Guds ord. Difor er det lett å verte motlaus når ein ser på alt som skjer.

Ein morgon eg vakna var eg nokså nedfor. Det såg så mørkt ut. Men då var det eg las frå Markusevangeliet (5:36b): «Ottast ikkje, berre tru!» Det talte til mitt hjarte. «Ottast ikkje, berre tru!» – Set din lit til meg, seier Jesus. Det er ikkje kven som helst som seier dette. Det er Jesus Kristus, Guds son – han som no har all makt i himmel og på jord. Det er Jesus som seier det til ein som er i naud, ein som kjenner seg maktlaus. Det er Jesus som seier det til synagogeforstandaren Jairus. Dotter hans var sjuk.

Han har fortalt Jesus om det, men det er så mange som vil ha tak i Jesus – og det tek tid. Medan han ventar på Jesus, kjem folket og fortel at no er det for seint, alt håp er ute, no er jenta død. Dei seier til han: «Kvifor bryr du Meisteren lenger?»

Men då er det Jesus vender seg til han og seier dette: «Ottast ikkje, berre tru!» Ottast ikkje, Jairus, berre set di lit til meg du, eg har kontrollen, eg vil ta meg av deg og det som er vanskeleg. I ein norsk song syng me: «Eg er ein gjest i verda på reis som framand her». Ein kristen har eit anna fedreland. Så lenge ein er her på jorda vil ein kjenne seg som ein framand.

Her vil ein oppleve at det er farar, og det er ein strid slik Paulus skriv til sine vener i Efesus og seier: «For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot maktene, mot herrevelda, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelromet» (Ef 6:12). Det er ein åndskamp om di og mi sjel.

Den som er ein kristen lever midt i denne åndskampen, der ein har fiendar som heile vegen angrip: djevelen, verda og vårt eige kjøt. Denne striden kan arte seg på ulikt vis. Men midt i denne strid er det at Jesus kjem sine i møte og seier: Ottast ikkje, berre tru på meg! Berre set di lit til meg, eg kjem aldri for seint. Om det ser aldri så vanskeleg ut, har eg kontrollen, eg vil ta meg av deg og dine…

Då eg las dette, var det som mismotet slapp taket og eg fekk vende blikket bort frå meg sjølv og til Jesus og Ordet. Hebrearbrevet sin forfattar er også innom dette der han skriv: «Så lat oss difor, etter di vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, leggja av alt som tyngjer, og synda som heng så fast ved oss, og renna med tolmod i den striden som ligg framfor oss, med augo feste på Jesus, han som er opphavsmannen og fullendaren til trua.

For å oppnå den gleda som venta han, leid han krossen med tolmod, utan å akta vanæra, og har no sett seg ved høgre sida av Guds trone. Ja, tenk på han som heldt ut slik motseiing frå syndarar, så de ikkje skal verta trøytte i sjelene dykkar og verta motlause» (Heb 12:1-3). Tenk på Jesus! Set din lit til Ordet!

Les me i Det gamle testamente (GT) får me igjen og igjen «anskuelsesundervisning» om korleis denne striden kan arte seg.

Paulus skriv til sine vener i Korint og seier om GT: «Alt dette hende dei som førebilete, og det er skrive til formaning for oss, som dei siste tider er komne til» (1Kor 10:11). Dette er ei oppmoding til oss i den siste tid! Ein kjær dansk salmediktar som er mykje nytta i Norge, men som no er heime hjå Gud, skriv i ein song:

Det er en liten tid
så har jeg vunnet,
så er den hele strid
med ett forsvunnet,
så kan jeg hvile meg
i rosendale
:/: og uavlatelig :/:
med Jesus tale.
(Sb 434. Hans Adolph Brorson)

Det er ei historie ifrå andre Kongebok, kapittel 6, som har tala til meg om dette med å «sjå». Herren openberra for profeten Elisa det andre ikkje kunne sjå.

I dette avsnittet (2Kong 6) møter me Guds folk, Israel, som er i krig med fienden, Syria, som angrip Israel. Men Herren openberrar for profeten Elisa kor fienden er, slik at Guds folk ikkje vert nådd av fienden. Herren fører dei og vernar dei. Slik er han også i dag!

Men så kjem fienden og omringar Guds folk i Dotan, der profeten og tenaren hans er, og frå 2Kong 6:15-17 kan me lesa: «Då tenaren til gudsmannen stod opp tidleg om morgonen og gjekk ut, fekk han sjå at ein hær med hestar og vogner kringsette byen. Og tenaren sa til han: Å, meister, kva skal vi gjera?

Han svara: Ver ikkje redd! Dei som er med oss, er fleire enn dei som er med dei. Og Elisa bad og sa: Herre! Opna augo hans så han kan sjå! Og Herren opna augo på guten, og han fekk sjå at fjellet var fullt av hestar og eldvogner rundt ikring Elisa». Har du kjent noko av denne nauda slik som tenaren til Elisa? Ein byrja å sjå seg rundt, alt ser mørkt ut, frykta vil gripe hjarta. Ein opplever at fienden vinn siger etter siger, menneskeleg sett ser situasjonen håplaus ut – slik Jairus nok også opplevde det. Menneskeleg sett var det ikkje håp lenger.

Tenaren til Elisa såg med eigne augo at dei var omringa av fienden, og difor var det ikkje så underleg at han utbryt: – Å, meister, kva skal vi gjera? Dei var fortapte, det var ikkje mogleg å verte berga. Fienden var overveldande. Situasjonen var håplaus. Den som lever med Jesus vil kome inn i situasjonar der ein opplever det same. Ein ser seg omringa av djevelen, verda og sitt eige kjøt. Ein kan kjenne på synda, på dommen i samvitet. «Mon jeg skal nå det skjønne land, som snubler gang på gang?»

Men før Jairus får setje ord på den smerte, naud og fortviling han kjenner på, så talar Jesus og seier: «Ottast ikkje, berre tru!» Og her i Dotan, der tenaren er heilt fortvila og hjelpelaus, der er profeten heilt roleg. Akkurat som Jesus i møte med Jairus. Profeten seier: «Ver ikkje redd!» Korleis kunne profeten vere heilt roleg, når fienden var så overveldande? Såg han ikkje realitetane med eigne augo? Kvifor kunne han då seie «Vær ikkje redd»?

Profetane vert i Bibelen omtalt som «sjåarar». Dei fekk openberringar frå himmelen. Dei såg inn i den usynlege verda, der det menneskelege auga ikkje såg. Elisa såg kva som skjedde i den åndelege og usynlege verda, og det kan sjå heilt annleis ut enn det me ser med våre menneskelege augo. Der er det andre realitetar som gjeld. Guds ord talar om at ein truande må vandre i tru og ikkje i syn (2 Kor 5:7). Slik er det for den truande i denne verda.

Ein kristen må vandre i tru på Herrens ord og løfter, og er avhengig av kva Herren openberrar. Eg skal få sjå på trua sin opphavsmann og fullendar, bort frå meg og mitt – avhengig av Jesus. Slik er det når det gjeld frelsa i Jesus, og slik er det også når det gjeld vandringa mot det himmelske fedreland.

Kva er det du og eg treng? Jau, me treng å få augo våre opna slik at me ser dei sanne åndelege realitetane, slik Jesus talar til oss i Skrifta. Eg treng å få sjå og høyre sanninga, både det som avslører meg, men også det som openberrar Kristus for meg.

Så lenge ein kristen er her i verda vil han oppleve kors og trengsler. Paulus omtalar det også som «troens gode strid!» (1Tim 6:12). I denne striden er det viktig at du og eg, som har møtt Jesus til frelse, let Ordet få vitne om at «det er fleire med oss enn med dei». Sigeren er vunnen, eg har del i Jesu siger.

Herren oppdreg sine med kross og trengsler, og Paulus vitnar om at han måtte ha ein torn i kjødet (2Kor 12) fordi han heile vegen måtte vere avhengig av Guds nåde aleine. Han erfarte at Guds kraft vart fullenda i vanmakt (2Kor 12:9). Men det var nettopp for at Paulus skulle setje sin litt til Herrens ord og løfter aleine.

Slik må ein kristen også sjå bort frå seg sjølv, og gjennom alt setje sin lit til Herrens ord og løfter, på tross av det ein erfarer og det ei  Lov og Evangelium nr. 4-2019 side 19 ser med sine menneskelege augo. «Å tro det er ikke å tro at en tror, men barnlig å klynge seg fast til Guds ord. Det er i sin avmakt å se på Guds Lam, og late seg nøye med synet av ham».

Me møter denne «anskuelsesundervisning», korleis Herren fører sine, igjen og igjen i Bibelen. Tenk berre på dei som sat i Babel. Guds folk hadde synda, dei hadde svikta, dei hadde falle frå Herren, og no sat dei og gret. No såg dei sitt fråfall, no såg dei sine synder, og no trudde dei at situasjonen var lik den profeten Jesaja (49:14) skriv om: «Herren har forlate meg, Herren har  gløymt meg». Frå deira ståstad såg det slik ut. Dei var fortapte.

Men då er det at Herren talar og seier korleis han ser det: «Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt, så ho ikkje forbarmar seg over sonen ho fødde? Om endå dei kunne gløyma, så gløymer ikkje eg deg. Sjå, i begge hendene mine har eg teikna deg, murane dine har eg alltid for auga» (Jes 49:15-16).

«Sjå her, sjå på meg!», seier Herren. – Då Jesus døydde på Golgata kross, gjorde han soning for alle dine synder, og Ordet seier: «Han avvæpna maktene og herredøma og synte dei ope fram, då han viste seg som sigerherre over dei på krossen» (Kol 2:15).

Det er dette Ordet frå Guds munn som er realiteten, den som himmelen reknar med. Ein kristen som har teke si tilflukt til Ordet om Jesus, skal få rekne med dette. I Kristus er det ikkje noko å ottast for, i Kristus ser ein at det er fleire med oss enn med dei. Difor – kjære brør og søstre i Kristus – høyr Ordet frå Jesu sjølv: «Ottast ikkje, berre tru!»

Preken holdt i Sør-Amerika, 2018