«Lasarus, kom ut!»

«Det luktar alt av han, for han har lege der i fire dagar», vart det sagt om Lasarus. Men på Jesu ord kom han ut. (Joh 11:39-43).

Like lite som Lasarus kunne vekkja seg sjølv, kan eit åndeleg dødt menneske gjera det. Jesu ord opna øyro på Lasarus, og hjarta begynte å slå. «Då kom den døde ut», står det. Det er ikkje sikkert at Lasarus kjende seg så fri og glad då han kom tassande ut, sveipt i likklede på hender og føter og med ein sveitteduk bunden om andletet – og beglodd av alle omkringståande. Det hadde vel vore betre å få slå opp augo i himmelen! Men på Jesu ord kom han ut – i den habitten han var iført.

Det å bli frelst er i grunnen å bli vekt opp frå dei døde. «Dykk òg har han gjort levande, de som var døde…» (Ef 2:1).

Lov-kristen
Å bli ein kristen skjer gjennom ein døds- og livsprosess. Loven fortel deg at dersom du ikkje vender om, går du fortapt. Du vil difor bli ein kristen. Det er både nødvendig og rett. Så gjer du alvor av det. Du byrjar å gå på møte, lesa i Bibelen og be – og stri mot synda. Ja, så trur du sjølvsagt på Jesus. Og du har kanskje i tillegg fått med deg ei større eller mindre åndeleg oppleving.

Alt det som her er gjort og opplevd, skal vi ikkje tala vondt om, tvert imot. Du har tatt imot Guds kall og gjort det einaste rette, så langt det står til deg. Men dersom dette har lukkast for deg, og du trur at på grunn av det du har gjort eller ved det som har hendt, kan du rekna deg som ein kristen, så har du likevel enda opp som ein farisear. Du er ikkje gjennom dette blitt ein fortapt syndar. Du har gjort det som loven oppmoda deg til. Du er blitt ein lov-kristen. Men loven krev mykje meir enn som så. Slår du inn på den vegen så må du oppfylla alle Guds bod.

Det kan vel ingen? Nei, det kan ingen, men loven tek ikkje omsyn til det. For loven er Guds ord som alt anna Guds ord.

Du som er i denne tilstanden, har ikkje bruk for ein frelsar, ein «stedfortreder», for du har frelst deg sjølv med det du har gjort. Du er blitt ein kristen – basert på eigne gjerningar, eller – om du vil – med Guds hjelp. Men det er håp også for deg, som det var for Paulus og Nikodemus – og tallause andre som har vore i same stilling.

Å gå fallitt
No lærer Skrifta at Jesus kom for å frelsa det som var fortapt. Skulle Jesus kunna vekkja opp Lasarus, så måtte Lasarus først døy.

«Eg døydde», vitnar Paulus. Det skjedde ved at heile kristendommen hans rakna ved at han fekk sjå seg sjølv i Guds ords lys. Det å gå fallitt på sin eigen kristendom er ei vond oppleving. Å gi slepp på det som eg trur eg må ha for å vera ein kristen, det er døden for det gamle mennesket. Det er å koma til den erkjenninga at eg er ingen kristen. Det var det Nikodemus opplevde i samtalen med Jesus.

Vegen til livet går gjennom døden. Her oppstår det eit skilje mellom den som vil berga sin kristendom, og den som er villig til å missa sitt liv. «For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, skal finna det!» (Mat 16:25).

Så er det kanskje ein og annan som har mislukkast meir eller mindre både med si omvending og sitt kristenliv. Du strir mot synda og lid nederlag. Du synest alt er gale med deg. Du kjenner deg død og kald og upåverka av Guds ord. Det er nettopp loven si oppgåve det: å få på deg likkleda og leggja deg i grava. Då er du komen på rett plass. Det er der du høyrer heime etter din falne natur. Det er her du blir mottakeleg for Jesu røyst. «Slik har lova vorte vår tuktemeister til Kristus, for at vi skulle verta rettferdiggjorde av tru» (Gal 3:24).

For Guds del treng vi ikkje gjera alle desse nedslåande erfaringane om oss sjølv. Han har ikkje bruk for dei. Han har fått betaling. Men vi treng dei skal vi få bruk for ein mellommann, ein «stedfortreder». Evangeliet ville elles berre bli ein teori som ikkje ville nå hjarta. Eit resultat av syndefallet er at vi ikkje forstår kor djupt vi har falle. Difor må Herren la oss gjera nokre erfaringar om nettopp det når vi skal førast over frå døden til livet. Det same vil vi oppleva meir eller mindre gjennom heile kristenlivet, så sant vi ikkje er heilt sovna av. Vår gamle natur er slik at vi igjen og igjen vil byggja på noko i oss sjølv.

Alt av nåde
Du er kanskje uroleg med tanke på om du har gjort desse omtalte erfaringane, om du er skikkeleg død. Ja, kunne du bli viss på det, ville det vera lettare å tru! For då ville du få ei tilleggstrøyst i noko av ditt eige! Eigarettferda gjev seg mange utslag! Loven er nettopp gitt for å gi oss ein «tilstoppa munn» ved å ta frå oss all trøyst som er knytt til oss sjølve (Rom 3:19).

Her kan det kanskje høva med eit Luther-sitat (frå «Samlede Skrifter» på dansk av Carl Olof Rosenius):
«Jeg kan aldri få troen ren og saken klar, med mindre jeg forestiller meg at jeg er uten alt nådens verk i sjelen – uten omvendelse, anger og tro – og forlater meg kun på Kristus, at han har gjort og gjør allting for meg».

Det at du er død, er djupast sett ei trussak, og ikkje først og fremst ei kjenslemessig oppleving. Vi er døde gjennom både vår arv og ved våre eigne misgjerningar og synder. Dette er noko vi må tru; på same måte som vi får tru Guds ord som var sitert tidlegare frå Ef. 2:1: «Dykk òg har han gjort levande, de som var døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar».

Enn i dag lyder Jesu røyst inn i gravkammeret: «Lasarus, kom ut!»

Han sender ikkje først inn reine klede til deg så du kan stasa deg opp.

Nei, du får koma som Lasarus, slik som du er.

Det at du tek di tilflukt til Jesus nettopp slik som du er og har det, beviser aller best at det er ei frukt av at du trur Guds ord om at du i deg sjølv er ein fortapt syndar – og at du både treng – og har fått ein «stedfortreder».