Forkynn Guds ord!

«Vakna du som søv!» Ef 5:14

Guds ord er adressert til alle menneske. Alle har rett til å høyra det, ha det og eiga det. Mange har aldri fått høyra. I vårt folk er dei fleste likegyldige til Guds ord. For andre er Ordet blitt til frelse, og det er desse Gud kan få bruka til å gjera det kjent og berga dei som er på veg mot den evige fortapinga. Skal det skje, må Herren vekkja oss til å sjå den fortvila stillinga kvar ufrelst er i. Deira nød burde vera vår nød. Men det lettaste for oss er å slå lag med profeten Jonas, og finna ein stille plass og leggja seg til å sova.

Jesus var ikkje redd for å vekkja og uroa læresveinane. Ein stad les vi at dei vart så redde at dei skreik, endå det var Jesus som kom til dei, rett nok vandrande på sjøen! Ein annan gong sa Jesus til dei at ein av dei skulle koma til å svika han. Det skaka opp heile flokken. Så kan vi lesa om at då han tala til dei om kor trong porten inn til Guds rike var, vart dei forferda og spurde: «Kven kan då verta frelst?» (Mat 19:25). Jesus svara at for menneske er det umogleg! Er det di erfaring? Eller har du ordna den saka sjølv? Eventuelt med Guds hjelp?

«Det er ikke nok at folk har det litt vondt. De må virkelig se at de er fortapt. Hvordan skulle en kunne se frelsen og hva forsoningen i Jesu blod betyr, hvis en ikke har sett at en er et hjelpeløst, fortapt menneske?» (Øivind Andersen).

Guds bodberarar
Når vi les i Det gamle testamente, ser vi at bodskapen frå Herren kom først til profetane. Det førde ofte mykje liding med seg å bera fram det dei fekk å gå med. Det same ser vi i Det nye testamente med apostlane. I dag er det først og fremst forkynnarane som må få bodskap frå Herren å bringa vidare til folket. Som det var falske profetar i gamaltestamentleg tid, var det sameleis falske vitne i aposteltida – og har vore det fram til i dag. Det kan ein både sjå og høyra og lesa om.

Det vil kosta å bera fram ein bodskap som venteleg vil skapa skilje blant tilhøyrarane. Den som då er av sanninga, vil koma til å ta imot og bøya seg for Ordet. Slik gjekk det òg når Jesus og apostlane forkynte. Guds ord traff tilhøyrarane slik at for dei som gav Ordet rett, vart det til frelse. For dei aller fleste vart det til forherding. Det er her skiljet oppstår. Den som er av sanninga, gjev ordet rett og bøyer seg for det, sjølv om han går fallitt på alt sitt eige.

Motstanden var aller størst blant slike som meinte seg sjølv å vera Guds born, men som ikkje hadde kome gjennom til liv i Gud. Det er ikkje annleis i dag. Men ein sann kristen står i same fare. Det sat langt inne for kong David før Herren, ved profeten Natan, fekk han til å erkjenna si synd. Eg vil tru at det var spenning både i himmelen og i helvete i den stunda – om kvar David sin opphaldsstad skulle vera når jordelivet var til ende. Som dei forarga seg over forkynninga og bodberaren den gongen, må ein også i dag rekna med den same dommen over dei sanningsvitna som vågar å bera fram det dei får ågåmed–utanåslåavpågrunnav menneskefrykt eller av andre årsaker.

Forkynnaren, tilhøyraren og den gamle Adam
Det kviler eit veldig ansvar på den som forkynner Guds ord. I dag kan ein saktens høyra rett og sann forkynning, men det bit ikkje, for det er noko som manglar. Det er utan brodd. Alle kan sitja trygt på stolane sine utan å verta uroa. Ein blir ikkje stilt andlet til andlet med ein heilag Gud. Så om det er rett som blir sagt, så er det noko som ikkje blir sagt, som skulle vore sagt! Resultatet blir at det som skulle døy, blir halde i live, og gamle Adam veks i åndeleg teori og kunnskap, lærer om nåden, ja, om lov og evangelium – og blir snart utlært til å kunna reisa ut som predikant! Og sit han som tilhøyrar på møte, kan han koma med sit «ja»…«ja» til det som høyrest evangelisk ut. Kanskje talaren òg fort kan tru at han preikar godt når han høyrer det? Men når ransakande forkynning lyder til dom over alt vårt eige, blir han taus.

Får den gamle Adam vera med i sangkor, likar han godt å ta seg ut, gjerne med eit kunstig smil om munnen under framføringa. Når dette blir lese, tenkjer kanskje nokon at han må te seg gravalvorleg. Det treng du ikkje. Ver du berre slik som er naturleg for deg – i pakt med bodskapen songen formidlar.

Den gamle Adam er ein trufast og allsidig medvandrar som fylgjer oss kor vi går og i kva vi gjer. Han vil bli rekna med – og helst vera den beste. Han vil ikkje vera ein fortapt syndar – anna enn i teorien. Nei, han vil vera ein god kristen – med ein annan Jesus, ein Jesus for slike som har alt sitt på det turre, og han kjempar for sitt eige liv.

Den sanne Jesus er ein frelsar for fortapte syndarar. Kva har vel ein fortapt syndar som er rett? Kva har vel han å berga? Eller å mista?

Kampen vi står i
I ein kristen foregår det ein kamp på liv og død mellom Ånd og kjøt, mellom Gud og satan. Kva som skjer når kjøtet, den gamle Adam, får overtaket, er vi ikkje ukjende med. Djevelen og vårt eige kjøt spelar på lag om å føra oss ut i synd. Dei spelar på lag òg når dei får oss til å disponera vår tid til ting som ikkje treng vera direkte synd, ja, det kan vera noko godt, men som tek frå oss den tida som kunne vore nytta til noko betre – og framfor alt den tida
som kunne vore brukt på «Maria-plassen». «Eitt er naudsynt» (Luk 10:42), sa Jesus om den plassen.

Den gamle Adam unnar oss god tid til avkopling – frå det eine nødvendige!

Det er ikkje så vanskeleg å sjå at vi er syndarar, men korleis får ein sjå seg
som den fortapte syndaren ein er?

Åleine Den Heilage Ande kan gi oss ei slik overtyding. Anden brukar Guds lov. Loven, dei ti boda, ber i seg eit åndeleg krav om at vi skal vera fullkomne i alt. Når vi omvender oss og trur at dermed har vi gjort vårt, så er ikkje loven nøgd. Difor fortset han med sine krav. Kva du gjer eller ikkje gjer, så kjenner du, som ein har sagt, «den dømande mannen i bringa». Kva er det i grunnen han vil? Han vil gjera deg til den fortapte syndaren du er!

«Men vi veit at alt det lova seier, det talar ho til dei som er under lova, så kvar munn skal verta attlaten og heile verda verta skuldig for Gud. Difor vert inkje kjøt rettferdiggjort for han med lovgjerningar. For ved lova kjem ein til å kjenna synda» (Rom 3:19-20).

Difor, den som lukkast med si omvending, har brote brodden av loven sitt åndelege krav til seg og er blitt ein farisear. Han har «frelst» seg sjølv. Men det fins redning òg for slike. Det er å gi Guds ord rett når det dømer deg. Så vil Gud ta av deg fikenblada, slik som han gjorde med Adam og Eva, og kle deg i sin eigen rettferdsklednad, den som han arbeidde på i trettitre år og gjorde endeleg ferdig for deg på Golgata – då han ropa ut: «Det er fullført!» Det var nok for Gud! Er det nok for deg?