Korleis blir ein frelst?

«Evig fortapelse eller evig frelse, det er det alt Guds ord – gjennom hele Bibelen – dreier seg om», skriv Asschenfeldt-Hansen i bibelforklaringa «Gullgruben».No er det nådetid. No kan ein bli omvendt og frelst. Men den som står imot Guds kall, og ikkje vil omvenda seg, vil få rikeleg tid til å angra i for- tapinga.

«Kan man ikke få slippe disse traktatene noe sted?», sa en sint mann da han ble tilbudt et blad med Guds ord. Og svaret lød: «Jo, i helvete finnes det ikke traktater, der kan man bli fri; der lyder ikke noe evangelium».

Ein ny fødsel
Korleis blir ein så frelst? Det må bli slik at ein vil bli frelst, og at denne vilje også fører til omvending. Men ein blir ikkje frelst ved sin vilje. Her trur eg at det er mange som stoppar opp og ikkje kjem lenger, men finn trøyst i si eiga omvending, bibellesing og bøn, og trur om seg sjølv at dei er frelste. Så byggjer ein «halvt på Jesus og halvt på seg». Den som lukkast med si omvending, har ikkje møtt ein heilag Gud, slik at ein må be: «Vend du meg om, så vert eg omvend!» (Jer 31:18).Bibelen talar om ein ny fødsel. Ein fødsel er ikkje smertefri. Den er heller ikkje noko vi sjølv steller med. I denne prosessen får ein møta ein heilag Gud.Samstundes får ein sjå seg sjølv som den syndaren ein er – utifrå Guds ord.

Lov og evangelium
Guds ord er gjeve oss som «lov og evangelium». Desse to uttrykka står for Gud i hans heilagdom – og Gud i hans kjærleik. Vil du følgja og etterleva Guds ord, vil du møta han nettopp slik han framsteller seg i sitt ord. Det skjedde med Nikodemus; det skjedde med Paulus. Det skjer med alle som skal inn i Guds rike gjennom den tronge porten – og fortsetja på den smale vegen.Vi kan lesa om Nikodemus, korleis han vart avkledd si eiga rettferd, sin eigen kristendom. Her står vi alle i fare for å forarga oss, både første gongen og seinare i livet.

Vil du leva, må du døy
«Den som vil berga livet sitt, skal mis- sa det. Og den som misser livet sitt, skal vinna det» (Luk 17:33). «Eg døydde», seier Paulus (Rom 7:10-11).Når vi seinare les om Nikodemus, skjønar vi at han mista livet sitt – og vann det. Lukkelege Nikodemus!Og lukkelege Paulus, som kunne avleggja dette vitnesbyrdet: «Men det som var ei vinning for meg, det har eg for Kristi skuld halde for tap» (Fil 3:7).
Har du gjort denne erfaringa?

Frelsa må openberrast
I boka «Du er fri» – utvalgte prekenerav Sven Foldøen – seier han følgjande: «Videre må det skje at frelsen du har hørt og lest om, må åpenbares for deg ved Den Hellige Ånd. Uten at dette under skjer, tror jeg at din tro er død og bare en forstandstro.Hvorledes gikk det til at du ble frelst? Var det ikke så at du overgav deg og satte alt inn på det? Noen av oss kjempet i lengre tid, andre kortere. En dag gikk det opp for oss: Jeg er frelst, han har frelst meg; at jeg ikke skulle ha sett dette før! Du trodde Ordet, og Ånden kastet lys over hans frelse. Det var åpenbaringen. Da ble du viss på at du var frelst».

Han har frelst meg
«Jeg er frelst, han har frelst meg». Eg fekk på nytt sjå inn i Golgataverket. Det var her mi sak med Gud vart ordna! Då blir mitt eige så ubetydeleg, når Jesus tok seg av det heile.Då det var gjort, sa han desse dyrebare orda: «Det er fullført!». Så har eg ingen ting å rosa meg av, eller trøysta meg til, i tillegg til detsom alt er gjort.

Det er blitt spurt – og svart, omtrent som så: «Kva skal eg gjera for å verta frelst?» «Du skal gjera det som Jesus ikkje fekk gjort!».

Det gjorde meg så godt då eg las dette:

Må Herrens Ånd ta dekket bort
så syndere kan se
at det som er ved Sønnen gjort,
gjør sjelen hvit som sne.

(Abraham Thompson, Sb 252)