Vårt forhold til våre to stamfedre

«Altså, liksom ein manns fall vart til fordøming for alle menneske, såleis vart og éin manns rettferdige gjerning til livsens rettferdiggjering for alle menneske» (Rom 5:18).

Her les vi om to menn, som begge representerer heile slekta.

«Kristus er vår andre stamfar: Vi arver nå like uforskyldt rettferdighet og liv fra ham, som vi fra Adam, vår første stamfar, arvet synd og død. Gud ser oss i Kristi død og oppstandelse som døde og oppståtte saman med ham – likesom vi i Adams fall er falne og i Adams død er døde sammen med ham».

Vi blir sette på prøve
«Adam og Eva ble satt på prøve overfor treet til kunnskap om godt og ondt. På samme måte skulle Gud nå kunne sette hvert eneste menneske på en personlig prøve overfor Kristus. For nå skal evig liv eller evig død ikke bero på delaktigheten i Adams skyld. Den har Gudslammet båret sammen med slektens synd i sin helhet. Det avgjørende blir den enkeltes forhold til Kristus – tro eller vantro» (Carl Olof Rosenius).

Omvendinga
Guds ord lærer oss at vi må omvenda oss frå syndene våre og tru på Jesus. Det er vegen for alle som har tenkt seg til himmelen. I omvendingsprosessen oppstår gjerne eit skilje. For nokre går det tilsynelatande forholdsvis greitt med omvendinga og trua, men det er opplagt at det kostar å bryta med det gamle livet, men samtidig er det noko stort når så har skjedd. Ein har teke sitt livs viktigaste val og har fått eit nytt mål for livet.

For andre går det ikkje så lett. Dei får problem med si synd og ser seg sjølve så lettsindige og ugudelege. Då blir det ikkje lett å tru. Dei trur nok ordet om Kristus og at hans soning er tilstrekkeleg, men ein tenkjer at feilen ligg hos meg, i mitt hjarta, i min kjærleik til synda. Det må difor skje ei endring med meg. Når så ingen ting skjer i positiv lei, heller det motsette, kan ein vera nær ved å gi opp alt saman.

Eiga-rettferd
Kvar ligg så løysinga? Til deg som går anklaga og dømd i samvitet, kan seiast: Det er på ein måte rett som du tenkjer, at feilen ligg hos deg, men kan henda på ein annan stad enn du tenkjer. Feilen er at du trur ikkje Jesus frelser oss som heilt fortapte syndarar. Difor går du med eit håp om å bli slik at du kan ta til deg Guds nåde. Du vil med andre ord kjøpa Guds nåde for noko som først må bli i orden med deg sjølv! Men Guds nåde er ikkje til sals. Guds nåde er ei gåve til den som ingen ting har å betala med. Det er ei frelse for uverdige. Det er det Herren vil ha deg til å innsjå og gå med på. Difor let han det mislukkast med det du prøver å få i stand.

Omvendinga er ikkje noko vi gjev Gud. Den sanne omvendinga er eit verk av Herren der han let alt vårt falla i grus – for å gjera oss mottakelege for sin nåde. «Omvend meg du, så vert eg omvend» (Jer 31:18).

Her trur eg Herren har mykje bry med oss; ikkje berre første gongen. Igjen og igjen vil vi gjerne bli verdige til Guds nåde. Tenk, verdige til nåde! Noko så meiningslaust! Det let seg faktisk ikkje gjera! For med ein gong du blir verdig, er det ikkje lenger av nåde! (Rom 11:6).

Tru eller vantru
Arven frå den første Adam fekk vi del i ved naturoverføring, i vår fødsel; og vi blir verande under vår «første fødsels bann», som Hans Adolph Brorson uttrykkjer i ei sangstrofe, så lenge vi står Gud imot i vantru, eigarettferd og andre synder.

Arven frå den andre Adam får vi del i gjennom truoverføring. Trua kjem til oss gjennom forkynninga av evangeliet – og ber med seg den nye fødsel.

Arven
Som vi utan nokon gjerning frå vår side fekk del i arven etter vår første stamfar, får vi på same måte del i arven etter vår andre stamfar.

Om arven etter Jesus skriv Lina Sandell i eit av versa i sangen «Forsoninga er vunnen i Jesu Kristi blod» (Sb 251): «Ein tenar vel for dagløn, men ikkje for ein arv, for denne skal du sleppa sjølv å masa. Er eg i deg fullkomen, eg ikkje lenger tarv med gammal klut min nye kledning stasa. Du einast er rettferdig og all mi rettferd er. Så sulka til av synda, som du min Herre ser: Di rettferd einast, Frelsar, gjer meg verdig».

Den andre Adam er vår «stedfortreder» som har ordna vår sak med Gud. Her kan du setja deg ned og kvila ut! Jesus har stridt din strid. Set du di lit til det han har utretta for deg, er du fri frå fangenskapen under den første Adam.

Den tronge porten
Kva med dei som fekk det til med si omvending? Dei som heller ikkje seinare har gjort den erfaring å gå fallitt på alt sitt eige? Desse har si eigentlege trøyst i si omvending og sitt kristenliv. Evangeliet er sjølvsagt det viktigaste, med det var jo så fort lært, so no er det livet det kjem an på. Det er der det sviktar.

Kva kan hjelpa desse? Det må vera først å bli klar over si eiga stilling og erkjenna ho, for desse har nok ikkje gått inn i Guds rike gjennom den tronge porten. Då har dei heller ikkje kome inn på den smale vegen. I staden har dei laga seg ein sti heilt i grøftekanten på den breide vegen. Det er stor nåde frå Herren å bli klar over sin eigen tilstand medan det enno er nådetid.

Ransak meg, Gud
Det burde vera ei dagleg bøn for ein kvar kristen å be som David: «Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarta! Prøv meg og kjenn mine mangfaldige tankar, sjå om eg er på fortapingsvegen, og lei meg på ævevegen!» (Sal 139:23-24).

I den bøna seier vi oss villige til å lata oss gjennomlysa av det himmelske lys. Det vil seia at vi er villige til å ta imot alt Guds ord og ikkje velja og vraka etter eige hovud.

Det farlegaste ein kan gjera er å forsvara seg og ikkje vilja erkjenna det ein ut frå Guds ord vert overtydd om. Det kan vera både eigarettferd og allslags anna synd som ein ikkje vil omvenda seg frå. Slik gjekk det med farisearane. Jesus ville berga dei frå fortapinga. Det kunne han ikkje utan først å føra dei til erkjenning av den stillinga dei var i, men dei stod imot og reagerte med sinne og hat. Dei var jo Abrahams barn! Og dermed også Guds barn!

Vi står i same fare som dei. Vi har jo omvendt oss og veit vi er fortapte syndarar i oss sjølve. Vi kan skilja mellom lov og evangelium. Ja, vi veit og kan alt – kanskje så altfor godt! Så står vi i fare for å forveksla det vi veit med det vi er.

Det går diverre ein veg frå den andre stamfar – tilbake til den første. Det skjer når Ordet ikkje lenger får døma oss for vår synd, fordi vi vil ha både nåden og synda.

Kanskje får dei jordiske tinga overta sinn og tankar, slik at klungeren veks opp og kjøver Ordet. «Demas gjekk frå meg, av di han fekk kjærleik til den noverande verda…» (2Tim 4:10). Det treng ikkje bety at han slutta å bekjenna seg som ein kristen, men klungeren skilde han frå Paulus – og truleg frå Herren.

«I omvendinga lærde me at porten var trong, no skal me også læra at vegen er smal. Denne lærdomen er ‘besk og sur som døden selv for vår natur’» (Ludvig Hope).