Fridom i Kristus

Fridom i Kristus
Av Ragnar Opstad

«Til fridom har Kristus frigjort oss…» Gal 5:1a

Til nokre som trudde om seg sjølv at dei var på himmelvegen – utan å vera det, sa Jesus: «Får då Sonen gjort dykk frie, då vert de verkeleg frie» (Joh 8:36). Dette reagerte dei kraftig på. Dei var jo Guds folk! Så kjem denne Jesus og vil øydeleggja heile gudsforholdet deira! Var det rart at dei vart forarga? Ja, så sinte vart dei at dei til sist ville steina han. Dei var – som pastor B. A. Lindeland har uttrykt det i boka «Underveis» frå 1932 – «himmelvandrere på veien til helvetet».

Guds ord til oss i dag

I dag er det oss det gjeld. Guds ord har ikkje endra seg. Også i dag lyder det same Ordet: «Får då Sonen gjort dykk frie, då vert de verkeleg frie».

«Ja, men eg er vel fri? Eg er omvendt! Eg ber – og les i Guds ord. Eg går på møte og høyrer Ordet forkynt. Eg avlegg vitnesbyrd når det høver slik. Eg gjev tiende – og vel så det! Eg fekk også ein gong sjå meg løyst og fri i evangeliet! Kva meir ventast det av meg? Skal ikkje dette bli rekna meg til gode?»

Du som har di trøyst i noko av dette, er i same stilling som dei Jesus sa dette til første gongen. Kjenner du kanskje noko av den same reaksjonen hos deg som farisearane på Jesu tid, når du les dette? Gjer då ikkje som dei, men tal ut med Jesus om det. Det gjeld evig frelse eller evig fortaping.

Noko som må takast frå oss

At du ein gong bestemde deg for å verta ein kristen, er den beste bestemminga du kunne ta. Alle som har tenkt seg til himmelen, må ta ei slik avgjerd. Men det er ikkje dermed det same som at du er frelst. All trøyst som er knytta til noko i deg eller meg – i tillegg til det fullførde frelseverket – må takast frå oss, for Jesus vil vera åleine om å frelsa oss – så ugudelege og fortapte som vi er. Så det er ikkje det du manglar som er problemet, men det er det som du endå har! Det er altså noko som må takast frå oss. Det var det Jesus freista å gjera med farisearane, men dei tviheldt på si eiga gudsfrykt og reagerte med sinne og hat.

Evangeliet må openberrast

Samstundes er det noko som må openberrast – som vi ikkje kan ta oss til. Ingen kjenner Faderen «utan Sonen og den Sonen vil openberra det for» (Mat 11:27b).

Abraham Thompson seier det same i songen: «Må Herrens Ånd ta dekket bort, så syndere kan se at det som er ved Sønnen gjort, gjør sjelen hvit som sne!» (Sb 252:6). Og Lina Sandell seier: «Det er meg openberra at eg eig barnerett, for Gud med meg i Kristus er forsona» (Sb 251:2).

For at dette skal kunna skje, må altså Herren ta frå oss det vi meiner talar til vår fordel. Det ville han med farisearane, og det vil han med oss, for det bur ein farisear i oss alle. Heller ikkje det Gud har verka i meg og deg, er den rette trøystegrunnen.

«Men det som var ei vinning for meg, det har eg for Kristi skuld halde for tap», seier Paulus (Les Fil 3:4-8!). Då hadde han blitt avkledd si eiga rettferd – og gjekk dermed konkurs på sin eigen kristendom. Då fekk han bruk for ein frelsar for fortapte syndarar.

Har du nokon erfaring om dette i ditt liv? Det er ikkje ei eingongsoppleving.

«Til fridom har Kristus frigjort oss»

Korleis gjorde han det? Forklaringa i «den andre artikkelen» i katekisma talar om det; kort samanfatta i desse orda: «Han er min Herre, som har gjenløst meg fortapte og fordømte menneske, kjøpt og frelst meg fra alle mine synder, fra døden og djevelens vold, – ikke med gull eller sølv, men med sitt hellige, dyre blod og med sin uskyldige pine og død. Alt dette har han gjort for at jeg skal være hans egen, leve under ham i hans rike og tjene ham i evig rettferdighet, uskyldighet og salighet».

Han kjøpte og frelste meg fortapte og fordømte menneske. Det skjedde på Golgata. Der vann han meg min fridom. Der fann eg mi frelse, der fekk eg mi trøyst.

Den dyrebare songskatten

Vi har så mange, fine songar – eller enkeltvers og songstrofer som peikar på nettopp dette:

«Jeg kjenner et navn med så deilig en klang, og om dette navn vil jeg synge en sang. Det navnet er Jesus, Immanuel god, som har meg igjenløst til Gud med sitt blod» (Sb 284:1). Det skjedde for meg – på Golgata.

«Å, jeg er frelst og salig fordi Sønnen har gjort meg virkelig fri» (S.b. 284:1). Det skjedde på krossen, der han «led og slet vårt fengsels bånd med naglet fot og hånd».

«For oss den Herre god sitt blod utøste, sitt blod, sitt dyre blod. Og oss forløste (gml. Sb 402:6. Dette verset er utelatt i den nye Sangboken. Red. anm.)

«Syng, å syng om min gjenløser! Med sitt blod han kjøpte meg. Jeg ble fri da han frivillig tok min skyld og straff på seg» (Sb 85). Ser du din fridom her – på Golgata? Det er der du finn han!

I alle desse vitnesbyrda er ingen ting sagt om noko du skal vera eller gjera. Alt er talt i «fortid» om noko som er gjort av ein annan for 2000 år sidan, men som gjeld oss.

Tre vitnesbyrd

«Den som vil tro til frelse, han skal tro det som skjedde for 2000 år siden, han må bygge sin tro på Golgata og

ikke på sin egen omvendelse og forbedring (Carl Olof Rosenius).

«Men han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, så vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom» (Jes 53:5).

«Det du skulle gjøre, men ikke kan, og det du skulle være, men ikke er – det har Gud gitt deg som gave i din frelser, Jesus Kristus! Du skal gi opp deg selv! Og det kan du bare gjøre på én måte: Ta din tilflukt til Jesus og stol på ham!» (Øivind Andersen).