Uthaldande i bøn

Uthaldande i bøn

Av Dag Rune Lid

Dei femten gongene det i evangelia står om den bedande Jesus, er det ved viktige hendingar. Då tok Jesus ekstra tid til bøn. Til dømes då han vart døypt i Jordan, ved utveljinga av disiplane og ved kampen hans i Getsemane.

Då disiplane såg korleis Jesus bad, seier dei til Jesus: Lær oss å be! Då er det Jesus lærer dei «Fader Vår» – denne mektige bøna som gjev oss himmelen så nær.

Aldri pensjonist

Bibelen vitnar om mange personar som ber. Eg tykkjer det er så fint å lese om Anna Fanuelsdotter. Ho miste mannen etter sju år og hadde grunn til å fortvile, men kva gjorde ho? Ho bøygde seg for Herren sin handlemåte, og deretter står det at ho forlet aldri templet (Luk 2), men tente Gud i faste og bøn dag og natt. No var ho 84 år. Her var hennar kall. I Guds rike vert ein aldri pensjonist, men då kan ein få enno meir tid til å gå inn i ei av dei viktigaste tenestene i Guds rike – bønetenesta.

Tenk om det var mange truande pensjonistar som ville gjere som Anna Fanuelsdotter. Kva ville då skjedd? Då trur eg mange åndelege sigrar kunne vorte vunne i åndskampen. Tenk om det var mange pensjonistar som tok reiserutene til forkynnarane for seg, og nedbad åndsmakt frå himmelen over dei! At dei måtte leve i vekkinga, og kunne gå med ein vekkande bodskap. Hadde det hatt verknad? Ja, det er eg overtydd om, fordi Skrifta seier: «Be, så skal de få» (Mat 7:7).

Eit underleg bønesvar

No var det 700 år sidan Jesaja hadde forkynt om Guds lidande offerlam som skulle døy for syndarar. Sidan hadde Israel som Guds folk falle djupare og djupare frå Herren. Tida var mørk, men likevel sette Anna Fanuelsdotter si lit til Herren, Ordet og lovnaden.

Kvar dag tente ho Gud i faste og bøn i templet, står det. Skjedde det noko? Ja, det var eit underleg svar ho fekk. Det står om Simeon, som òg kom til tempelet denne dagen, at han vart driven av Den Heilage Ande, og det var nok slik for ho òg. Herren ville vise henne noko denne dagen: Underet frå himmelen – Han som skulle frelse folket frå syndene deira.

Då Josef og Maria kom til tempelet med Jesus, står det så underleg: «I same stunda stod ho òg fram og lovprisa Gud, og ho tala om han til alle dei som venta på utløysing for Jerusalem» (Luk 2:38). I sanning eit forunderleg bønesvar. Ja, ein kunne vel knapt tenkje seg noko større svar på hennar faste og bøn. No kom han endeleg han som skulle berge folket hennar frå syndene deira.

Måtte det vere mange slike som Anna i landet vårt – unge og gamle som lever i det stille, i Herrens fortrulege råd. Eg trur at opp gjennom tida har mange slike utretta langt meir med sine bøner enn predikanten som samlar tusener. For Guds rike er på mange vis eit omvendt rike, og han arbeider gjennom det som ingenting er og som ikkje er noko i menneskeauge.

Me må sukke til Herren, at han driv ut mange slike til bønearbeid for land og folk. Me treng dei sårt i denne tida – gjerne meir enn nokon gong. Framfor alt treng vi bøn om samvitsvekking over bygdene og byane, så det kan verte himmelske jordskjelv som ristar hjarto og samvit, slik at dei får med Den Heilage Gud å gjere.

De får ikkje…

Men det står noko vemodig i Jakobsbrevet (4:2): «De har ikkje, fordi de ikkje bed». Eg trur det er same skaden mellom mange truande menneske i dag òg. Svevnen har gripe mange hjarto slik at me har slutta å be. Me får alt til å svive utan Guds velsigning.

Djevelen gjer det så travelt for Guds folk at ein trur ein ikkje har tid til å be. Men ein kan sitje ein time å lese avisene eller internett, men å be har ein ikkje tid til. Det var ein som sa at når han hadde det travelt, tok han ein ekstra time til bibel og bøn. Nettopp då treng ein å vandre i dei ferdiglagde gjerningane, slik at ein ikkje slit seg ut med stress og kav. Her ligg noko av skaden i dag òg.

Uthaldande i bøna

Ole Hallesby tala ein gong om bøna sitt arbeid, og då samanlikna han bøna om vekking med mineborarar i gamal tid. Det tok lang tid å bore hola, og det var uthaldande arbeid for han som slo og han som heldt på boren. Likevel var det heilt nødvendig at arbeidet vart gjort om sprengningsarbeidet skulle få den verknad som var naudsynt. Skal me få djuptgripande samvitsvekkingar, treng me truande kvinner og menn i uthaldande bønearbeid, slik at Anden får bore djupe hol ned i samvita, så vekkinga kan gå djupt og ikkje berre gje overfladiske «smell».

Når Paulus skriv til romarane, seier han: «Ver glade i vona, tolmodige i trengsla, uthaldande i bøna!» (Rom 12:12). Kor me treng denne formaninga i dag òg, me som er så rastlause og stressa.

Alle ting

Når Paulus skriv frå fangeholet i Roma, seier han til filipparane: «Gjer dykk inga sut for noko, men lat i alle ting bøneemna dykkar koma fram for Gud i påkalling og bøn med takkseiing» (Fil 4:6).

Hadde ikkje han som sat i fangeholet grunn til å ha mange suter? Kva skriv han? Gjer dykk inga sut for noko. Han legg det fram for Gud. Begynn heller å takke, seier han.

Me har lett for å avgrense Guds ord og tenkje at bøn i Jesu namn gjeld berre åndelege ting. Men Guds ord understrekar at me skal få leggje av alle ting. Då meinar Herren alle ting.

Utan opphald

I brevet til tessalonikarane går Paulus enda lenger: «Bed utan opphald! Takk for alt! For dette er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus» (1Tes 5:17-18).

Takka Gud for alle ting! Det var no ei underleg formaning, tenkjer du gjerne. Eg høyrde for ei tid sidan historia om to systre som sat i tysk konsentrasjonsleir under andre verdskrigen. Der fekk dei lus, og den eine byrja å takke Gud òg for dette. Då meinte den andre at no gjekk det over alle støvleskaft. Tenk å takke Gud for noko slikt! Men ho heldt på sitt.

Kva skjedde? Alle som fekk lus blei isolerte, og der inne som dei då blei plasserte vågde ikkje fangevaktarane å kome inn. Ingen av dei ville ha lus. Då kunne dei be og lovsyngje. Det blei som himmel på jord. Slik fekk Gud snu det som menneskeleg sett såg vonlaust og umogleg ut, til den største velsigning.

Takkar du for alle ting? Eg trur ein må ha gått nokre klassar i Herrens oppdragande skule før ein har lært den leksa. Men Guds ord seier det likevel: «Takk for alt! For dette er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus». Det er Guds forunderlege vilje at me skal gjere det. Er det ikkje slik? Takken har så ofte snudd mismot til frimot.

Del 4 av 5 om «Bøn i Jesu namn»