Tankar om forkynninga

Tankar om forkynninga

Av Ragnar Opstad

Ein forkynnar må tala det Guds ord som han får å gå med, uavhengig av om tilhøyrarane likar det eller ikkje.

Forkynninga sist i 1950-åra og utover

Det som serprega ein del av forkynninga på den tida, var at ho var ransakande, «dødande» og frigjerande. Det var åndsmakt i bodskapen, og eg hugsar eg vart fråteken mi eiga rettferd og det som Herren hadde verka i livet mitt, og som eg nok meir og mindre sette mi lit til. Og så fekk eg flytta over og kvila i det som var fullført på Golgata.

Eg foraktar ikkje «den ringe begynnelses dag» (Sak 4:10). Nei, Herren stelte med meg omtrent som han gjorde med den blinde, han som han tok ved handa og leidde utafor landsbyen, spytta i augo hans og la hendene på han og spurde: «Ser du noko? Han såg opp og sa: Eg ser menneske, for eg ser noko som liknar tre gå ikring. Så la Jesus hendene sine på augo hans att. Då såg mannen klart. Han var lækt og kunne sjå alt tydeleg» (Mar 8:23-25). Altså etter to behandlingar kunne han sjå klart. Eg kan ikkje seia dag eller time då eg gjekk over frå døden til livet, men eg kan seia med den blindfødde: «Eitt veit eg: at eg som var blind, ser no!» (Joh 9:25).

Ransakande forkynning

Er det rett å forkynna slik at både frelste og ufrelste kjem i nød? Til det er å seia at når Guds ord vert forkynt i Ånd og sanning, er Ordet i seg sjølv lov og evangelium, til dom og frelse. Så er det ikkje predikanten, men Den Heilage Ande som deler ut etter kva den enkelte treng til. Såleis kan den same talen bli til trøyst for éin, men til dom for ein annan. Det er betre å få sin dom her medan det er nådetid, enn på dommedag. Vi ser fleire gonger at Jesus slett ikkje var redd for å uroa læresveinane sine. Då dei var samla skjærtorsdag, sa Jesus: «Ein av dykk kjem til å svika meg». Dette vart til ransaking for alle, sjølv om det berre galdt den eine. Likevel, når vi ser deira svikt denne natta, hadde dei all grunn til å frykta. Og vi er vel ikkje betre enn dei?

Frå bladet «Bibelsk Tro», 5/2006, tek eg med litt av stykket «Strategiarbeid – en sjelevinner før og nå» av Odd Eivind Stensland:

«Herren har et mål med ditt liv, at du skal bli frelst. Det er det alt dreier seg om i tilværelsen, at du lærer Herren å kjenne og kan gå ut av dette livet som et frelst menneske og få det evige livet.

Det må være fryktelig å være blant dem Herren skal si til på dommens dag: ‘Gå bort fra meg, dere som er forbannet, til den evige ild, som er beredt for djevelen og hans engler’ (Mat 25:41). Den som går fortapt, må være hos djevelen gjennom alle tider, og du må også dele hans straff i all evighet.

Hvordan er fortapelsen? Den blir beskrevet som ildsjøen (Åp 19:20; 20:14-15).

Ildsjøen er et pinested. De fortapte kommer dit legemlig fordi de er oppstått fra de døde, og de har kropp (Mat 10:28). De lider ikke bare åndelig, men legemlig.

Spørsmålet til deg er: Er du redd for å gå fortapt?

Det er dette budskapet som må lyde blant folk. (…) Hvis du ikke omvender deg, går du fortapt. Dette er realiteten. Vi skal ikke si at hvis du ikke omvender deg til Jesus, kommer du til å gå fortapt. Saken er den at du er fortapt der du sitter. Derfor er det kun ett sted du må vende deg for at ditt forhold til Gud kan bli endret, og det er til Jesus. (…) Er det noe vi ikke skal forutsette, er det å si at de 5–6 menneskene som kommer til møtet, har det rett med Gud. Så sier du: Jeg kjenner de menneskene, de er troende. Ja, du kjenner dem. Men kjenner du deres hjerter? Nei! Jeg har selv flere ganger hatt møter for små flokker, hvor en skulle tro alle som samlet seg var troende. Så kommer jeg hjem til stedet der jeg skal bo, og jeg får vite at hun har vi ikke sett her. Hun regner seg ikke som en troende.

Men om de var troende alle sammen, hva så? Skulle ikke de høre Guds ord forkynt for sin sjel?» Så langt Stensland.

Synda er alvorleg

Vi er no komne inn i ei fråfallstid både åndeleg og sosialt, og vi vert alle påverka av dei åndsmaktene som herjar landet vårt.

Det er ei alvorleg sanning at djevelen også har ein alliert i vårt eige gudfiendtlege kjøt. Er det då rart at det vert kamp for å berga sjela vår? Eller tek vi det med stor ro? Det er kanskje ikkje så farleg kva vi matar sjela med? Det er vel ikkje så farleg med ei lita synd? Det er så farleg at den som ikkje vil skilja seg frå ei bevisst synd, går fortapt!

Forkynninga og åndssituasjonen

Det var stor skilnad på Hans Nielsen Hauge og Carl Olof Rosenius si forkynning. Det hadde mellom anna å gjera med åndssituasjonen i folket på den tida dei steig fram. Så utrusta Herren dei med sine nådegåver til den gjerning dei skulle fylla.

Slik ser vi og at profetane i Den gamle pakta stod fram med sin bodskap rett inn i folket sin situasjon, som vel oftast var inn i folket sitt fråfall.

Syndserkjenning

Når profeten Daniel bad som han gjorde: «Vi har synda og bore oss ille åt. (…) Vi har vike av frå boda dine» (Dan 9:5), var det ikkje berre for å stilla seg solidarisk med folket. Nei, han var sjølv råma av Guds lov og stod skuldig for Gud.

Vi har, som Daniel, synda og bore oss ille åt, visseleg mykje verre enn den fromme Daniel. Vi har vike av frå Guds bod.

Men har synda blitt synd for oss?

Bare den som kjenner

syndens nød, seg vender

hen til nåden fri.

(Sb 476:2)

Vi treng å be om det som står i ei anna strofe i same songen (v. 1):

Vis meg mine brister

så jeg aldri mister

nådens legedom!

Kanskje det er profeten Natan si røyst som må lyda i dag: «Du er mannen»!

I bibelforklaringa «Gullgruben», skriv forfattaren:

«‘Du er mannen!’ Det lyder ikke bare til David. Det lyder fra Gud ved hans ord til alle syndere. Du er mannen som har overtrådt Guds bud. (…) Det har vært meget vanskelig for mange mennesker å bøye seg for dette ordet. Men for alle som dømte seg selv, fikk dette ordet en nådens tone. Da lød det: Du er også mannen Kristus døde for. (…) Da gjelder det om å ta imot dette ordet med takk, og tro det: Jeg er

mannen Herren har kjøpt fri».