Han som du har så kjær

Han som du har så kjær

Av Odd Dyrøy

I ein heim nær Jerusalem hadde sjukdom og død teke ein ung mann bort. Lasarus heitte han. Tung blei tida for dei som sat att, berre mørke og sorg. Dette hende i ein heim der dei kjende Jesus, der han hadde gått ut og inn, og dei hadde lært å setja sin lit til han.

Då sjukdommen ikkje ville gi seg, sende dei bud til Jesus: «Herre, han som du har så kjær, ligg sjuk». Dei tenkte nok at Jesus ville skunda seg til han som han hadde så kjær.

Men kva ser vi? – Tenk, ikkje går han sjølv, og ikkje sender han nokon av sine. Det ser ut som om Jesus hadde gløymt dei og forlete dei. Dei såg nok ofte ned på vegen – kjem han ikkje snart nå? Vi har så bruk for den lækjande handa hans. Lange og tunge blei dagane i Betania-heimen, for Jesus kom ikkje. Den fine helsinga: «Herre, han som du har så kjær –» var inga hjelp i heller. I staden for besøk av Jesus og lækjedom, blei det døden. Alt håp var ute.

Eg undrast på om ordet «folkeforføraren» fekk rom i Marta og Maria sine hjarto, tanken på at dei vart lurt av denne Jesus frå Nasaret som dei hadde så god tru på. Var det sant at han hadde dei så kjær, hadde han vel kome før det vart for seint, og ikkje overlate dei til sjukdom og død?

Slik tenkjer vel dei fleste menneske meir eller mindre, når dei kjem i liknande situasjonar. Og mange har nok vendt seg bort i forakt og spott for alt som har med Gud å gjera, når dei hadde berre Guds ord og lovnader å lita på. Ein som var så lite å lita på, ein som ikkje kom då dei hadde slik bruk for han, ville dei ikkje ha noko med å gjera.

Vi kan forstå deg, Marta, då du sa: «Herre, hadde du vore her, hadde ikkje bror vår døydt». Du tenkte kanskje òg at Jesus skulle koma og lækt bror din, så alle kunne sett di makt. Kanskje tanken på at det ville blitt til æra for heimen i Betania låg bak? Men nå blei det ein knekk for trua og tilliten til Jesus og omsorga og makta hans. Det var for seint, for døden tok det siste håpet frå dei.

Men ser vi det ut frå Skrifta, og spør om Jesus hadde dei i Betania kjær, må svaret bli ja. Det må ropast ut til kvart eit hjarta og til kvar ein heim at Jesus har oss kjær. Jesus fylgde med alt i Betania, frå time til time. Han visste om sjukdomen, døden og sorga, gråten og nauda.

tida hans var inne, kom Jesus til dei for å visa sin herlegdom og gi Gud æra. Han kom for å visa alle at han var den som Gud hadde sendt til verda som frelsar og herre.

Du som les dette kan setja ditt namn inn i staden for dei i Betania. Jesu har deg kjær, og auga hans fylgjer deg dag for dag. Han veit om alt, og sjølv om du tvilar og synest han er sein, skal du vite at Jesus kjem aldri for seint. Han kjem i den tida han synest er den beste, for å gi Gud æra og til å openberra seg for oss.

Så ei sida til. Du som har Jesus kjær, og har barn som ikkje er frelste, eller ektemake, vener og naboar, menneske som synda sin sjukdom held på å føra mot døden. Du lyt sjå på at vantrua rår i hjarto, og løgn og urettferd har teke plassen for sanning og rettferd. Du veit at Jesus elskar også alle desse, som dei i Betania. Du har sendt bud til Jesus, du har bede han om å koma og frelsa dei og reisa dei opp til nytt liv, til tru på Jesus og evangeliet. Men han dryger med svaret. Det kan synast som han ikkje høyrer, som han har gløymt deg.

Du kan forstå at Jesus hadde dei i Betania kjær. Der hadde Jesus vore før og var kjend. Men at han er glad i deg, nei, det kan du vanskeleg tru. Høyr kva Skrifta seier i denne sak: «Du er dyr for meg, er mykje verd, og eg elskar deg» (Jes 43:4). «For så har Gud elska verda at han gav sin eigen son, den einborne. (…) Gud sende ikkje son sin til verda så han skulle døma verda, men så verda skulle bli frelst ved han» (Joh 3:16-17). Jesus sa sjølv då slekta skulle fram for Guds dom: «Er det meg de leitar etter, så lat desse få gå» ( Joh 18:8).

Skulle ikkje vårt harde og vantru hjarta smelta ved slik tale og ved slik kjærleik?

Jesus lever med i alt som møter deg, veit alt og er herre over alt. Han kjem i sin time, når du har «tenkt deg trett til døden». Han kjem med frelsa, han kjem med trøyst ved sitt ord og gjennom sine lovnader. Han kom ikkje for seint til Betania-heimen, og kjem heller ikkje for seint til deg og meg, kva som enn er vår nød og vanske. Han kjem fordi han har oss kjær, og har teikna oss i begge sine hender og har murane våre alltid for augo sine.

Venta på Herren! I si tid skal de hausta, berre de ikkje trøytnar. «Lat ikkje hjarta uroast, tru på Gud og tru på meg» (Joh 14:1), seier han i sitt ord.

Fra L&E nr. 10/1972