Ofringa av Isak

Ofringa av Isak

Av Ragnar Opstad

«Ei tid etter hende det at Gud sette Abraham på prøve. Han sa til han: Abraham! Og han svara: Ja, her er eg. Då sa han: Tak no sonen din, den einaste du har, han som du har så kjær, Isak. Drag til Moria-landet. Der skal du ofra han som brennoffer på eit av fjella, som eg skal syna deg».

1Mos 22:1-2

Skulle Gud kunna frelsa slekta på den måten han hadde bestemt, måtte han gi Abraham ein son, for gjennom denne sonen skulle frelsaren koma. I 25 år vandra Abraham i venting og tru. Då all menneskeleg von om å få ein son var ute, vart Isak født.

No hadde endeleg Abraham fått noko synleg å forhalda seg til. Men etter ei tid blir han sett på ei ny prøve. Herren talar til han og byd han å dra opp til Moria-landet og ofra Isak!

Abraham og Sara hadde tidlegare prøvd å hjelpa Gud, den gongen han fekk sonen Ismael, med trælkvinna, Hagar. Og tanken kom nok òg no – om han på ein eller annan måte kunne koma Herren til hjelp utan å måtta ofra sin einaste son.

Vandring i tru

Men Abraham hadde lært i Guds skule, så han gjev seg i veg, sikkert utan å rådføra seg med Sara! Det vart ei vandring i tru – åleine til Guds lovnad om Isak: «I Isak skal det nemnast ei ætt åt deg» (Heb 11:8).

Abraham skulle ved denne gjerning, ved dette offer, prova kor han hadde si trøyst, om det var i Ordet, i lovnaden, eller i det synlege, i Isak. All menneskeleg trøyst vart teken ifrå han. Såg han bort frå lovnaden, vart det djupast sett å ofra si eiga von om frelse, som jo var avhengig av Isak og hans slekt. Men «han tenkte og at Gud er mektig til å vekkja opp frå dei døde» (Heb 11:19).

Vi kjenner til korleis det gjekk, og Abraham fekk sjå inn i evangeliet om den komande frelsaren, større og rikare enn nokon gong før. Gjennom denne hendinga vitna samstundes gjerningane til Abraham at han ikkje hadde ei død, men levande tru (Jak 2:17+26). Og frå himmelen lydde det: «Eg sver med meg sjølv, seier Herren. Fordi du gjorde dette og ikkje sparde den einaste sonen din, vil eg velsigna deg storleg og gjera ætta di talrik som stjernene på himmelen…» (1Mos 22:16-17).

Då Isak var 40 år, vart han omsider gift – med Rebekka. Abraham var no 140 år. Så viste det seg at Rebekka var ufruktbar! Under 20 års ekteskap bad Isak for Rebekka (1Mos 25:21), og Herren høyrde bøna, og Rebekka fekk sønene Esau og Jakob. Abraham var då 160 år gammal. Når så Abraham skal bort frå denne verda, 175 år gammal, har han berre desse tre etterkomarane etter seg og Sara! Med det må han gå i grav – i tru til Herren!

Isak og Ismael – to ulike fødslar

Det står om Abraham i Rom 4, at han er alle truande sin far, og når vi les derifrå, ser vi at i grunnen så er vegen akkurat den same for oss som for han. Ein kvar sann kristen har fått sin «Isak». Det vil seia at han har fått det som han må ha for å vera ein kristen. Kva er så det? Det er gjennom ei sann omvending å ha gått over frå døden til livet. Det er å ha gått fallitt på alt sitt eige, si eiga rettferd, og ha fått sitt alt i Jesus. Det er skjedd ein ny fødsel.

Då trælesonen, Ismael, vart født, skjedde ikkje noko under. Alt gjekk føre seg på naturleg vis. Abraham og Sara kom Herren til hjelp ved at dei vart samde om å nytta seg av trælkvinna, Hagar, og så vart det ein fødsel etter kjøtet, «født ved mannsvilje» og ikkje av Gud. Eg er redd at det er slike fødslar det er flest av i dag. Det skjer ved ein «bestemmelse». Men Guds ord seier at kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike. Ismael var født etter kjøtet, Isak etter lovnaden. To ulike fødslar, to ulike barn (Gal 4:22-31). «Men han som var fødd etter kjøtet, forfylgde han som var fødd etter Anden. Og slik er det no òg. Men kva seier Skrifta? Driv ut trælkvinna og sonen hennar! For sonen til trælkvinna skal ikkje arva saman med sonen til den frie kvinna» (Gal 4:29-30).

Vi blir sett på prøve

Så var det nok slik for Abraham, som for oss; han begynte etter kvart å vilja setja lit til både Herren og til Isak, til det synlege, til det som Gud hadde verka i livet hans, til fruktene. Kom han i tvil, ja, så hadde han Isak. Difor måtte Herren setja han på prøve. Det må han gjera med alle sine. Det er så fort gjort at ein trøystar seg til sitt eige, til si omvending og til dei opplevingane ein måtte ha i livet med Gud osb. Ein forkynnar sa det ein gong slik: «Vi må frelsast frå vår omvending».

Kva går så prøva ut på? Kort sagt at han tek frå meg alt det som eg trur eg må ha for at det skal vera rett med meg i mitt gudsforhold! Men tek han frå meg alt det eg må ha for å vera ein kristen, då er eg vel ingen kristen?

Kva treng eg for å vera ein sann kristen? Eg treng Jesus! Jesus åleine – og ikkje noko meir! Difor må Herren ta frå oss alt anna. Det å ha noko trøyst i tillegg til Jesus, det kallar Skrifta for åndeleg hor.

Når vår «Isak» skal ofrast

Det er ikkje lett når Isak skal ofrast! Då kjem tvilen: Er eg verkeleg ein sann kristen? Kan det vera rett med meg, slik som eg er og slik som eg har det? Eg er så urein. Var det ei sann omvending eg opplevde? Er eg verkeleg fødd på ny? Finst det forlating for syndene mine?

Når det så i tillegg kjem ransakande forkynning (som det mest ikkje finst meir av), vil eg helst finna ut at det er i orden med meg og mitt kristenliv. Eg prøver å berga min kjære «Isak» så godt eg kan. Eg vil ikkje stå som ein syndar for Gud, men som ein som har det rett med Gud! Dermed blir eg ein sjølvrettferdig farisear. Men det står skrive at den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for Jesu skuld, skal finna det (Mat 16:25).

Guds ord seier at vi alle er fortapte syndarar. Det er lett nok å vera samde om det – med forstanden. Men får Herren ta frå oss alle falske trøystegrunnar, då blir ein ståande for Gud som den ein er – og på den plassen vi høyrer heime, på syndarplassen. Då er det ikkje lenger lett å tru!

Men det er her Herren kjem til oss med sitt nådeord. I Rom 4:5 står det slik: «Den derimot som ikkje har gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer den ugudelege, han får si tru tilrekna som rettferd».

Om du skulle koma til at alt er gale med deg «så har du enda en rett igjen: den ugudeliges rett. (…) Når så alt svikter for deg, har du likevel det igjen at du kan tro på ham som gjør den ugudelige rettferdig. Den retten skal du gripe fatt i. La så alt hos deg selv gå i stykker, ved denne rett er du frelst» (Ludvig Hope).

Den som er villig til å gi slepp på sin eigen «kristendom» og tek imot ordet om Jesus, så fattig og hjelpelaus som han er, han har i åndeleg forstand lagt Isak på altaret for å ofra han. Desse ting gjer ein erfaring om i kristenlivet. Det vart ein gong sagt at porten er trong, og den smale vegen er så smal at det er port heile vegen! Der blir vi ribba for alt vårt eige.

Falsk eller sann trøyst

Du som er framand for desse erfaringane, slå deg ikkje til ro med ditt «standpunkt for Jesus», dine bøner, din møtegang, din bibellesing. Slå deg heller ikkje til ro med at du kanskje eingong for lenge sidan fekk sjå inn i evangeliet. Det er mogleg å vera åndeleg avsovna, sjølv om du framleis har alt klart i din forstand.

Det står skrive at det er med naud og neppe den rettferdige vert frelst (1Pet 4:18).

«Difor seier Skrifta: Vakna du som søv! Stå opp frå dei døde, og Kristus skal lysa for deg» (Ef 5:14).

Liksom Abraham såg framover til han som var lova og hadde si einaste trøyst i det komande offerlammet, slik skal vi få sjå bakover i tida og ha vår einaste trøyst i det same offerlammet – som vart slakta på Golgata. Det vil ikkje bli tolt at du kjem dragsande med nokon som helst innblanding av ditt eige. Men det er heller ikkje nødvendig! Du er kjøpt fri med Jesu dyre blod akkurat slik som du er og slik som du har det. Det er nok det som Jesus gjorde. Kanskje nokon vil tenkja at det er då noko som alle kristne veit! Veit ja, men trur vi det? For den som trur det, han kan seia: Ja, er det som Jesus gjorde for meg nok, då er eg frelst!

«Når blodet da virket så kraftig hos Gud, at han lot seg evig forsone. Og derfor alene vil ta deg til brud, og gi deg den himmelske krone. Så la du deg dermed og nøye!» (Carl Olof Rosenius).