Korleis Herren arbeider

Korleis Herren arbeider

Av Dag Rune Lid

Det katastrofale hadde skjedd. Han som dei hadde satsa livet på, han som dei trudde skulle forløysa landet deira frå fienden, var død. Framfor augo deira hadde han vorte dømd til døden, og krossfest på brutalt og forferdeleg vis. Det var heilt ufatteleg.

Han hadde berre gjort godt. Han hadde lægt dei sjuke. Han hadde gjort døde levande. Han hadde gjort blinde sjåande – og så hadde dei lagt han for hat og teke livet av han. Det var som dei ikkje kunne fatte at mennesket kunne handle slik. Han var som eit lam, og let seg hudflette, tornekrone og nagla til krossen.

Desse tre åra dei hadde vore saman med han, hadde dei opplevd mange forunderlege ting. Men no var alle deira planar og tankar falle til jorda. Palmesundag såg alt så lyst ut, men i løpet av nokre dagar vart alt snudd på hovudet. Han som skulle berge dei frå fienden, vart spikra fast til krossen.

Det hadde vore underleg å møte Jesus att den kvelden i Jerusalem – levande, han som var død. Men no hadde alt vorte så håplaust igjen. Kjenslene var heilt borte, og vantru hadde grepe hjarto.

Kor gjekk vegen vidare? Kva skulle dei gjere no, når Jesus ikkje var der? Det såg ut som om Guds rike tapte på alle frontar. Var han likevel ikkje Messias? Den siste tida hadde tvilen gjesta dei alle. Det såg ut for at all von slokna.

Den impulsive Peter hadde allereie teke avgjerda. Han hadde bestemt seg for å gå attende til sitt gamle yrke som fiskar, og dei vart alle gripne av mismotet (Joh 21). På morgonkvisten sat dei i båten etter ei lang natt, og garna var svarte. Alt gjekk imot dei for tida. Ingenting hadde vorte slik dei trudde det skulle verte. Menneskeleg sett såg det håplaust ut.

Det vart ikkje oppretta noko Guds rike med Jesus, og no lukkast det heller ikkje for dei i deira jordiske yrke. Folk måtte vel undre seg over korleis det gjekk med dei. Kva skulle dei no finne på?

Guds rike er annleis

I Johannesevangeliet, kapittel 21, får me innblikk i noko som skjedde på Genesaretsjøen etter Jesu død. Bibelen gjev oss ikkje alle detaljar, men slike tankar som er skissert over kunne nok røre seg i læresveinane sitt indre der i båten. Skrifta seier: «Denne natta fekk dei ikkje noko» (Joh 21:3), og det seier mykje om heile deira situasjon – tome garn og tome tankar.

Har du opplevd noko liknande? Motløysa grip hjarta, angsten herjar fritt. Det verkar som Herren ikkje høyrer når du ber. Du finn inga løysing på det du strevar med. Du opplever at Bibelen er ei stengd bok. Du ser ikkje kor vegen vidare skal gå.

Likevel har Herren ein veg for deg, og hugs Jesus ord: «Mitt rike er ikkje av denne verda» (Joh 18:36). I Guds usynlege rike, er det andre lover som gjeld. I dette riket vert det største nederlag til den største siger.

Den som ikkje har lært Herren å kjenne, kan ikkje forstå at motgang, hjelpeløyse og fortviling kan vere noko som Herren kan bruke til velsigning. Sjølv den som har levd mange år med Gud, har lett for å gløyme dette.

Korleis arbeider Herren? Når han skal frelse eit menneske, gjer han det fortapt. Når han skal gjere nokon brukbar i sitt rike, då gjer han dei ubrukbare. Det er stikk imot den menneskelege fornuft, og det er berre i lys av Skrifta at ein kan forstå at det er slik. For Bibelen seier at Guds tankar er som himmelen over jorda – så framande og uendeleg mykje høgare enn våre tankar.

Det umoglege

Det er ofte slik at Herren må føre mennesket slik at det ikkje ser nokon veg, før det byrjar å spørje etter Guds veg. Søren Kierkegaard seier: «Den levendegjørende ånds meddelelse begynner med døden». Dette var det songaren hadde erfart når han syng: «Når jeg har tenkt meg trett til døden, si så hva du har tenkt, o Gud».

Kva skjer når eit menneske kjem til den konklusjonen at det som ligg framom er menneskeleg sett umogleg å løyse? Då fyrst byrjar det å spørje etter Guds tankar, som er så mykje høgare. Fyrst då ropar mennesket til Gud. Men når det dryger, tenkjer ein gjerne at Jesus kjem nok, men han kjem for seint. Hugs då at Jesus har enno aldri kome for seint til noko menneske eller i nokon situasjon (2Kor 6:2), sjølv om mange menneske har kome evig for seint til Herren – dei søkte alt anna fyrst. I teksten her står det: «Då» stod Jesus på stranda. Akkurat på det rette tidspunkt dukka Jesus opp.

Mathias Orheim skriv frå sine livserfaringar og seier: «Når vekkinga stilna, og folket det fór, og få er her att som vil høyra Guds ord, når sysken kan sovna, og verda ho ler, kor kan eg åleine stå vakande her?», men… «Då høyrer i stormen eg Frelsarens ord, det var som han sov, men han er då ombord. Skal båten min søkkja, må han følgja med, men aldri skal Jesus og eg søkkja ned».

Har de fisk?

Læresveinane kjenner ikkje Jesus att, og han innleiar med eit spørsmål: «De har vel ikkje noko fisk, born?» Dei er fiskarar, men dei vert tiltalte som born. No er det ingen som reagerar, sjølv om dei alle ville vere den største hin kvelden då alt gjekk gale. No er dei vortne ubrukelege og hjelpelause på mange vis. Dei kjenner seg også mislukka som fiskarar. Dei ser ikkje nokon veg vidare. Alt er stengt. Alt ser håplaust ut.

Har du hatt det slik nokon gong? Då skal du vite, at det er slik Herren fører sine til siger i denne verda. Den som ropar til Herren i si naud, vil erfare at Herren svarar (Sal 50:15). Visst er det ikkje alltid ein kan forstå Gud med den menneskelege tanke. Likevel vil den som ropar til Herren få erfare igjen og igjen korleis Gud arbeider gjennom det som ser ut som menneskeleg nederlag – frå død til liv. Det naturlege menneske fattar det ikkje, det er berre trua som forstår det (2Kor 5:7).

Då Jesus spør om dei har fått fisk, treffer han det ømme punktet i den situasjonen dei no er i. Jesus treffer alltid det ømme punkt, for han veit kor det er. Slik er det når Herren vil føre mennesket til erkjenning av sin sanne tilstand, både når det gjeld frelse og teneste i Guds rike. Då erfarer eg at eg i meg sjølv manglar evnen til å gjere Guds gjerning. Den som er av sanninga vil erfare at det er slik Herren fører sine på ny og på ny gjennom livet.

Skatten i leirkar

Når Paulus skal forklare dette for korintarane, seier han: «Me har denne skatten i leirkar, så den rike krafta skal vera frå Gud og ikkje frå oss sjølve. På alle vis er vi trengde, men ikkje stengde; rådville, men ikkje rådlause; forfylgde, men ikkje forlatne; nedslegne, men ikkje utslegne. Alltid ber vi med oss Jesu død i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra i lekamen vår» (2Kor 4:7-10).

Kvifor er det slik? Fordi Herren ikkje har funne nokon betre veg å føre sine på i denne verda og byggje sitt rike på. Det er gjennom å vere avhengig av den kraft, frelse, styrke og mot som han kan gje, at den truande og Guds folk kan sigre i åndskampen. Difor er det også Herren seier til Paulus: «Mi kraft vert fullenda i veikskap» (2Kor 12:7).

Når mennesket misser sjølvråderetten, og let Herren ta over – då er det Herren kjem til med si kraft og sin styrke. Jesus prøvde å forklare det for sine den siste kvelden han var saman med dei då han sa: «Utan meg kan de ingenting gjera» (Joh 15:5). Men det var som dei ikkje kunne fatte det. Dei snakka i staden om kven som var den største av dei.

No derimot, etter den mislukka fisketuren på Genesaretsjøen, er dei alle vortne ubrukbare. Då kjem Jesus. No har dei gitt opp sitt strev og sitt arbeid. No er det ingen lenger som talar om å vere den største. Dei er vortne så hjelpelause at Herren kan ta seg av dei og gjere dei brukande i sitt rike på denne jord.

Kast garnet

Kva ropar Jesus, og kva var Guds tankar? «Kast garnet på høgre sida av båten, så får de fisk!» Dei var fiskarar og visste kor det var verdt å fiske. Dei visste at det å setje garn på lyse morgonen ikkje gav fangst. No var dei trøytte – i sitt eige sjølvstrev hadde dei ingenting fått. Dei var komne i ein slik situasjon at dei var mottakelege for Guds tale og Guds tankar, sjølv om det gjekk mot all menneskeleg fornuft, tanke og eigenvilje. No fekk dei oppleve at Gud gav, og ikkje som eit resultat av kor dyktige dei var.

Det er her Guds kamp står i dag også i ditt og mitt liv, om Herren kan få føre oss på sin veg. Herren har overflod av alt, men det er berre dei tome kar han kan få fylle og vil fylle. Skrifta seier at Herren er rik nok for alle som kallar på han (Rom 10:12). Difor er det òg Herren seier at me skal kome til han med alle ting, sjølv dei minste ting i kvardagen, slik at han kan få ta seg av det.

Kva skjedde då læresveinane lytta etter Jesu røyst? Resultatet vart overveldande! «No greidde dei ikkje å dra det opp, så mykje fisk var det» (21:6). No var det Herren som fylte garnet. Han styrde fisken inn i det. Visst var han rik nok!

Alt er mogleg for Herren!

Difor er det slik òg i dag at der Herren får enkeltpersonar og Guds folk på den plassen han vil ha dei – avhengig av han aleine, lyttande til Ordet, der er det ikkje grenser for kva Herren kan gjere. Alt er mogleg for Herren! Då kan han opne stengde dører. Då kan han frelse håplause menneske, som me trur det er umogleg for Herren å frelse. Då kan Herren skape sjelevinnarar av menneske som kjenner seg ubrukelege og forkasta av både Gud og menneske. Då kan han skape vekking i bygd og by. Difor gjeld det at me set vår von til Herren og hans ord i alle ting og gjev det rett, for enno er han den Gud som gjer under!

Der på stranda fekk læresveinane eit møte med den levande Kristus. Han gjorde eit under. No hadde dei gitt opp sin eigen veg. Då fekk Herren styre dei på sin veg. Her vart dei forvandla frå oppgitte fiskarar til brennande menneskefiskarar. Eit møte med Jesus og hans ord snudde alt opp ned. Slik arbeider Herren òg i dag!

I nød søker jeg Herren

«Hvor tom og kraftløs er ikke bønnen når alt er vel, når ingen nød, ingen bekymring driver oss? Det er nøden og bedrøvelsen som former alvorlige bønnemennesker. Hvor tørt og smakløst blir ikke Guds ord når alt er stille og greit? Men når nød, fristelser og bekymringer setter litt hardere inn på oss, blir det om å gjøre å finne fram hva Gud selv har sagt. Da får en smak på Davids salmer, og på alt Guds ord. Ja, hva er troen – når vi ikke mangler noe, men alt er vel med oss, med helse og vår redning, vår kristendom og gudfryktighet, osv.? Men når alt dette går i stykker, når troen og bønnen blir satt på prøve – først da lutres, styrkes og vokser det åndelige livet. Det er da vi gjør erfaringer i tålmodighet og standhaftighet».

Carl Olof Rosenius