I sjelesorg hos Jesus

I sjelesorg hos Jesus

Av Ragnar Opstad

«Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter: Simon Johannesson, elskar du meg meir enn desse? Peter seier til han: Ja, Herre, du veit eg held av deg. Jesus seier til han: Fød lamma mine! Han seier til han andre gongen: Simon Johannesson, elskar du meg? Han seier til han: Ja, Herre, du veit eg held av deg. Han seier til han: Gjæt sauene mine! Tredje gongen seier han til han: Simon Johannesson, held du av meg? Peter tykte det var leitt at han tredje gongen sa til han: Held du av meg? Og han seier til han: Herre du veit alt, du veit at eg held av deg. Jesus seier til han: Fød sauene mine!» (Joh 21:15-17).

Dette skjedde ved ein koleld (v 9). Dei tre spørsmåla Peter får av Jesus har samanheng med dei tre fornektingane.

Jesus nyttar det gamle namnet hans: «Simon Johannesson, elskar du meg meir enn desse?» Det har nok vore som ein kniv i hjartesåret. Jesus var endå ikkje ferdig med Peter, sjølv om han hadde fått nåde. Det er han ikkje med oss heller!

«Tredje gongen seier han til han: Simon Johannesson, held du av meg?» Det er som han vil seia: No har du to gonger sagt at du held av meg, held du verkeleg av meg? Talar du sant? Kan eg stola på det du seier?

Jesus tek Simon Peter i sjelesorg, fornyar kallet og set han inn att i den tenesta han var tiltenkt. Og han gjer det gjennom audmjuking, for å gjera det endå meir klart for Peter kva som bur i den gamle naturen hans.

Peter sitt svar

Vi kan undra oss over Peter sitt svar på det første spørsmålet: «Simon, Johannesson, elskar du meg meir enn desse?» Og Peter svarar «ja!». «Ja, Herre, du veit eg held av deg».

Var det ikkje meir naturleg at han – etter det som hadde hendt – hadde svara: «Nei, Herre, men du veit at eg likevel held av deg?»

Peter hadde falle djupt. Om han samanlikna seg med Judas, var han i eigne augo ikkje det grann betre enn han, heller verre. Judas gjekk fortapt, medan han sjølv så ufortent hadde fått nåde og forlating for alle syndene sine.

Han var komen i same situasjon som den syndefulle kvinna i farisearen, Simon, sitt hus. Vendt mot denne kvinna, sa Jesus til Simon: «Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor elskar ho så mykje…» (Luk 7:47).

Peter hadde fått ein ny kjærleik til Jesus, som ikkje var så smitta av hans eiga tru på seg sjølv. Slagget var reinsa ut.

Han innsåg at han var den ringaste av disiplane – og at han hadde så mykje større grunn enn dei til å elska Jesus. Skal tru om ikkje det var årsaka til at han svara Jesus som han gjorde? Og at Jesus godtok det svaret.

I Guds lys

Når vi kjem inn i Guds lys, får vi sjå kven vi er. Paulus seier det slik: «Det er eit truverdig ord, fullt verd å ta imot: Kristus Jesus kom til verda for å frelsa syndarar, og mellom dei er eg den største» (1Tim 1:15). Han er ikkje den einaste som har sagt det om seg sjølv sidan den gongen og fram til i dag.

Nyttig til teneste

Herren kan ikkje bruka den som er stor i eigne augo. Kong Saul, som hadde blitt stor i seg sjølv, fekk høyra desse orda av profeten Samuel: «Då du var liten i dine eigne augo, vart du hovud for Israels-ættene, og Herren salva deg til konge over Israel» (1Sam 15:17). Hadde ikkje Simon Peter lete seg tukta av Herren, hadde han nok kome til å slå følgje med Saul.

Å, kor Herren tukta dei han fekk bruka til storverk i sitt rike på jord. For ein tung veg å gå for Josef, for David, for Paulus – og mange, mange med dei opp gjennom tidene.

Ein som fekk kall frå Herren til å reisa med Guds ord, fortalde at han saman med kallet fekk dette spørsmålet frå Herren: Er du villig til å vera den minste?

Den som Herren skal kunna bruka, må vera villig til det, men det kostar for den gamle «Simon» å bli flytta ned frå første til siste plass.

Vi blir så små hos Jesus.

Det vil han vi skal bli.

Først da kan vi om Jesus

det rette ord få si.

Da blir det ham alene

og ikke meg og mitt.

Og hvis jeg så får tjene,

da er det nåde blitt.

(Emilie Bovim, Sb 711)

Å, fikk jeg kun være

den minste kvist

på vintreet ditt,

Herre Jesus Krist!

Og måtte så aldri

vi skilles igjen,

men elske og elskes

som venn hos venn.

Så rens du mitt hjerte

med ømmeste tukt,

og bløder enn grenen,

den bærer dog frukt.

Du mener det godt

med mitt dryppende sår.

Du har meg så kjær,

og du best det forstår.

Ja, får jeg kun være

den minste kvist

på vintreet ditt,

Herre Jesus Krist!

Ditt kors rankes inn

av de vinkvister små,

og opp til ditt hjerte

jeg gjerne vil nå.

(Sigvald Skavlan,

Sb 572:1+4+5)