Årsoppgjer

Det er snart tid for innlevering av sjølvmeldinga. Den viser status for din personlege økonomi. Det er ein nyttig og nødvendig status.

I Lukas kapittel 12 les me om ein kar som gjerne kunne vore nordmann og levd i 2008. Han var rik, og han tente bra med pengar. Ein kveld sette han opp status. Det var behov for enno meir plass, og han planla store investeringar og strategien var klar.

«Eg vil riva ned løene mine og byggja større. Der vil eg samla heile grøda mi og alt godset. Så vil eg seia til sjela mi: Sjel! Du har mykje godt liggjande for mange år. Slå deg til ro – et, drikk, ver glad!» (18-19).

Han var dyktig. Det ser også ut for at han hadde økonomisk sans. Mange nordmenn er også dyktige, og dei gjer det godt. Aldri har me vel hatt det betre økonomisk, og aldri har vel heller investeringane i Noreg vore større.

Men det var ein viktig ting som denne mannen gløymde, på line med mange nordmenn i dag: Å stille status for si udøyelege sjel. I all sin iver og velstand gløymde han det viktigaste.

Då Herren sette opp status for hans sjel, den same natt, vart resultatet katastrofalt: «Du dåre! I denne natt krev dei sjela di av deg! Kven skal då ha det du har samla?» (Luk 12:20).

Han fekk aldri slå sine augo opp neste dag. Han fekk aldri nyte sine rikdommar slik han hadde tenkt og planlagt. Han stilte nemleg berre den økonomiske status, og aldri den sjelelege. Difor gjekk det evig galt.

Skulle du som les desse linjene vere som denne karen, lyder ordet frå Bibelen til deg: «Søk Herren medan han er å finna, kalla på han den stund han er nær!» (Jes 55:6). Du er aldri lova å få ein dag i morgon, sjølv om Prøysen syng det, og dei aller fleste trur det.

Djevelen seier du skal søkje Herren seinare, men høyr ikkje på han! La heller Jesu røyst få rom, og vend deg til han. Då vil du også få høyre som millionar før deg: «Den som kjem til meg, vil eg slett ikkje støyta ut» (Joh 6:37). Då vert du rik i Gud! Det er den største rikdom, og han er evig.