Om mykje i verda kan såra mi sjel. Med Jesus og Ordet det alltid g&arin…

Om mykje i verda
kan såra mi sjel.
Med Jesus og Ordet
det alltid går vel.
Ja, om eg enn stundom
har tåra på kinn.
I trua på Ordet
gudsfreden er min.

Den rikdom er stor:
Ha Jesus til bror,
og eiga Guds levande ord.

Når synda meg skræmer
og plagar mi sjel,
då ordet om Jesus
meg trøystar så vel.
Mi synd er mot Jesus
som gneisten i hav.
Den sloknar og søkk
i det djupaste kav.

Når freistingar fell
som ein storm over meg.
Då ser eg, min Herre,
då ser eg til deg.
For du er mi rettferd,
du fører mi sak.
Så freistaren rømer
og slepper sitt tak.

Når ofte i livet
det skymest som natt,
eg skundar til Ordet,
då lysnar det att.
Om gjæve og rike
eg ikkje er lik,
eg skodar i Ordet,
og der er eg rik.

Agatha Rosenius/Nils Lavik
(Sb. nr. 462)