Når Gud taler

Når Gud taler
Av Dag Rune Lid

Me kan snart ikkje lese eller høyre noko i media, utan at det handlar om katastrofar på ulike vis. Orkanen Katarina øydela mykje, og spesielt gjekk det ut over byen New Orleans i USA. Denne orkanen hadde ikkje før roa seg, før den neste kom.

Då eg las om byen New Orleans, kom eg til å tenkje på det som Bibelen seier om Sodoma. Synda herja, og den sodomittiske synd som florerte i byen hadde skapt eit klagerop som var så sterkt at det nådde til himmelen (1M 18:20). Så kom utsendingane frå himmelen som hadde fått i oppdrag å øydeleggje byen (1M 19:13).

Bibelen seier at Herren «la byane Sodoma og Gomorra i oske og fordømde dei til undergang og sette dei til eit førebilete på dei ugudelege i framtida» (2Pet 2:6).

I New Orleans var det fem fosterdrapsklinikkar, der utallige små born vart drepne kvar dag. Byen var kjend for ein mordstatistikk som låg ti gonger høgare enn det nasjonale gjennomsnittet. I tillegg var det årleg marihuanafestival og ein stor festival der den sodomittiske synda vart forherliga. Byen er òg blitt kalla den sodomittiske hovudstad. Denne siste festivalen skulle innta byen berre nokre dagar etter at orkanen øydela.

I media vert det malt ut korleis mange naturkatastrofar er eit resultat av menneskeskapt forureining av naturen. Vitskapsmennene har sikkert rett. Likevel er det slik at for den som les Bibelen, ser ein òg ei anna sanning, som verda ikkje vil innsjå eller erkjenna. Den seier: «Far ikkje vilt! Gud lèt seg ikkje spotta! Det eit menneske sår, det skal han òg hausta» (Gal 6:7). Bibelen vitnar om korleis Gud straffar og tuktar, ja han lèt heile folk gå til grunne fordi dei vraka hans ord og bod.

Så kan me spørje: – Kva med oss? Er me så mykje betre enn dei i Sodoma eller dei i New Orleans? Me får i desse dagar ei ny regjering der det er parti som vil opne for å øydeleggje ekteskapet som er innstifta av Gud, ved å innføre kjønnsnøytrale ekteskap. Dei som lever i den sodomittiske synd, skal få adoptere, og grensa for fosterdrap er det også fare for vert utvida. Ein vil opne opp for forsking på befrukta eggceller, og dei kristne friskulane skal motarbeidast.

I ei ny undersøkjing mellom ein del prestar i Statskyrkja, konkluderar alle dei intervjua prestane med at dei kan vere usamde med Paulus i samlivsspørsmål, og ingen held fast på Ole Hallesby sitt syn på fortapinga. Det vil seie at dei forkastar klare Guds ord, og dei forfører folket.

Jeremia sa i ei tid som vår: «Profetane seier fram lygn, og prestane styrer etter råda deira, og folket mitt vil gjerne ha det slik. Men kva vil de gjera når enden på dette kjem» (Jer 5:31)? Det spørsmålet treng me i sanning å stille i dag òg.

Folket i Ninive vende om då Guds dom vart ropt ut i byen av profeten Jonas. I Noreg ser det heller ut for at det motsatte skjer – folk og land vert meir og meir forherda. Om nokon talar som Bibelen, vert dei hetsa og uthengde i media. Mange ting ser såleis ut til å peike på at det er ei tid for dom som ligg framfor oss no. Gud lèt seg ikkje spotte, og me vil måtte hauste fruktene av vårt fråfall som land og folk.

Dommen ramma Israels folk i fordums tid òg, og kva bodskap fekk Jesaja då å gå med? Han skulle forkynne til forherding for folket. Han spurde kor lenge han skulle halde på. Svaret frå himmelen lydde: «Til byane er øydelagde og folketomme, og husa utan menneske, og landet er audt og ligg som ei øydemark» (Jes 6:11).

Menneskeleg sett ser det ikkje ut for at noko kan stoppe denne utviklinga me no er inne i, utan at Gud grip inn. Israelsfolket var òg inne i slike tider. Under profeten Jeremia finn me mange parallellar til vår tid. Då fekk han eit underleg påbod frå Herren: «Du skal ikkje be om noko godt for dette folket! Når dei fastar, høyrer eg ikkje ropa deira. Når dei ofrar brennoffer og matoffer, har eg ikkje hugnad i dei. Men med sverd og med svolt og med pest vil eg gjera ende på dei» (Jer 14:11-12).

Medan eg sit og arbeider med denne artikkelen, dukkar ei melding opp på skjermen på internett: «150 millioner kan dø. Eksperter sier i kveld at det berre er et tidsspørsmål før fuglevirus smitter mellom mennesker. Verdens helseorganisasjon (WHO) går i kveld kraftig ut og advarer mot at fugleviruset kan mutere når som helst, slik at det begynner å smitte mellom mennesker.» Det er eit mørkt perspektiv.

Me treng i sanning bøye våre kne og rope til Herren og erkjenne som Daniel: «Min Gud, vend øyra ditt hit og høyr! Opna augo dine og sjå ruinane våre og byen som er nemnd med ditt namn! Det er ikkje våre eigne rettferdige gjerningar vi legg til grunn for dei audmjuke bønene våre som vi ber fram for åsynet ditt, men di store miskunn. Herre, høyr! Herre, tilgjev! Herre, gjev akt og gjer det, dryg ikkje – for di eiga skuld, min Gud» (Dan 9:18-19)!

Ingen er så trygg på ferda, som Guds barneflokk i verda (S.b. nr. 343), skriv Lina Sandell. Du som set di lit til Herren vil få erfare at du er trygg i all fare. Du kan få seie med Paulus: «For om vi lever, så lever vi for Herren, og om vi døyr, så døyr vi for Herren. Anten vi då lever eller døyr, høyrer vi Herren til» (Rom 14:8). Det viktigaste av alt er å få leve i det fortrulege samfunnet med Jesus kvar einaste dag.

Guds folk har vore i hard trengsle før òg, men Herren stod då ved sitt ord og sine lovnader. Les Salme 91! Ho vitnar nettopp om det. Klyng deg til Herrens ord! Det er til å stole på òg i dag! Når Gud talar inn i tida, og Ordet vert oppfylt, då skal Guds folk berre få sanne at forløysinga stundar til (Luk 21:28).

Lærer ved Bibelskolen på Fossnes, Hans-Henrik Brix, gjennomgår her innledningen og den første bønnen i Fadervår. Dette er fortsettelsen på stykket «Bønnens evangelium» fra forrige nummer.

Red.