Eit kall til anger og bot

Eit kall til anger og bot
Av Gunnar Soppeland

Me treng nåde til å tre inn i Guds ransakande lys. Det kan skape vanskar, og sjela kan bli uroa, men det kan òg føre til at han veks og me minkar.

«Son min! Dersom du tek imot orda mine og gøymer boda mine hjå deg, så du vender øyra ditt til visdomen og bøyer hjarta ditt til klokskapen, ja, dersom du ropar etter skjøn og lyfter røysta di for å kalla på vitet, dersom du leitar etter det som etter sølv og grev etter det som etter løynde skattar, då skal du skjøna otten for Herren og finna kunnskap om Gud. For det er Herren som gjev visdom, frå hans munn kjem kunnskap og vit» (Ord 2:1-6).

Eg er overtydd om at vårt største behov i dag, og som me treng å rope til Herren om, er å få større åndeleg kunnskap, skjøn og visdom.

Temaet er «Uår i landet – eit kall til anger og bot». Det med uår i landet er meint som ei konstatering, og eg vil ikkje bruke mykje tid på å grunngje kva som ligg i det. Eg trur dei fleste her skjønar kva me meinar med «uår i landet». Innleiingsvis tek me berre nokre utdrag frå 1. Kongebok og profeten Haggai.

Uår i landet

Då kong Salomo under innviinga av templet ligg på knea med hendene utbreidde mot himmelen, og ber fram si lange, audmjuke bøn for folket og landet, skildrar han ulike vanskelege situasjonar frå Israels historie. Han seier m.a.: «Når fienden vinn over Israel, folket ditt, fordi dei syndar mot deg, (…) Når himmelen vert stengd så det ikkje kjem regn, fordi dei har synda mot deg, (…) Når det vert hungersnaud i landet, når det kjem pest, når det kjem brann og rust på kornet, grashopper og gnagarar, når fienden trengjer inn i landet og kringset byane, når det kjem noka plage eller nokon sjukdom…» (1Kong 8:33-37).

Grunnen til uåra ligg i både ytre og indre forhold. Fienden vinn over Israel, himmelen vert stengd, og jorda ber ikkje grøde. Dei største naudsituasjonane i Israel oppstod då dei ikkje fekk regn. Det førte til hungersnaud, pest, brann og rust på kornet.

Profeten Haggai skildrar uåret på eit anna vis. Han viser til at folket har det travelt med sine eigne hus, medan Herrens hus ligg øyde. «Tida til å byggja Herrens hus er enno ikkje komen,» sa folket. Men gjennom profeten går Herren sterkt i rette med folket og seier: «Er det tid for dykk til å bu i bordkledde hus, medan dette huset ligg i ruinar?» Dei hadde tid og høve, men dei brukte tida og høvet feil. Eigne hus var viktigare enn Herren sitt hus.

Dette var årsaka til uår og misvekst. «Legg merke til korleis det går dykk!» seier Herren til dei. «De sår mykje, men haustar lite i hus. De et, men vert ikkje mette. De drikk, men sløkkjer ikkje torsten. De kler dykk, men ingen vert varm. Og han som tener for løn, får løna si i ein pung med hol i. Så seier Herren, Allhærs Gud: Legg merke til korleis det går dykk» (Hag 1:4-7)!

Dette er klåre ord om manglande velsigning: Når alt på ein måte slår feil, når ein strevar og strevar, når ein sår og sår – men haustar lite i hus. Ein tek til seg næring, men vert ikkje mett. Ein drikk, men sløkkjer ikkje tørsten.

Det gjeld forholdet til Herren

Alle desse døma dreier seg om ugreie i deira forhold til Herren. Og det viser at arbeidet i hans rike fyrst og fremst må vere i samsvar og i samanheng med dette riket sin Herre.

Men det er også viktig å understreke at sjølv i uåra, held Kristus fram med sitt oppdrag gjennom dei han kallar inn under seg. Det er mellom dei me ynskjer å vere.

Himmelen spør ikkje: «Kven vil gå?» men himmelen spør alltid: «Kven vil gå for oss?» Det er det store hovudspørsmålet til oss i dag – der du går i heimen, på arbeidsplassen, i forsamlinga, der du ligg i sjukesenga. Der lyder spørsmålet: «Vil du vere der for oss?». Det er ikkje spørsmål om kva stilling du er i, kva arbeid du har, eller kor du er tilsett. Men der du er – vil du vere der for oss?

Du er der ikkje for pengane, for karrieren, for organisasjonen eller som talsmann for dei som har valt deg, men for oss. «Kven vil gå for oss?» Det er den treeinige Gud – Faderen, Sonen og Den Heilaga Ande som spør.

Oppgåva er altså der me er, over alt – heile tida. Det er ikkje til eller frå. Denne oppgåva er heile vegen for stor i forhold til det som er menneskeleg mogleg. Det er det viktig å vere klar over. For denne oppgåva er ikkje fyrst og fremst av praktisk eller pedagogisk art. Ho er åndeleg, og må difor utførast med åndelege gåver og middel.

Med si hand

Då templet var ferdig, sa kong Salomo: «Du lova det med munnen din, og du har oppfylt det med handa di…» (1Kong 8:24). Han såg ikkje på tempelbygginga som sitt verk eller som ei praktisk sak, men som eit åndeleg byggverk. Først hadde Gud lova og teikna templet for David, sidan hadde han ført det opp med si eiga hand. Åndeleg sett var templet ein realitet frå den augneblinken Gud ved sin munn talte om dette til David.

Det åndelege må Gud sjølv utføre og oppfylle. Hans tenarar er hundre prosent avhengige av at Gud med handa si stadfestar det ordet han sjølv sender dei ut med.

Difor er det òg at Paulus seier: «Bed til ei kvar tid i Anden med all bøn og påkalling. Ver årvakne i dette, og ver uthaldande i bøn for alle dei heilage…» (Ef 6:18). Å be til ei kvar tid er både nødvendig og normalt i ei oppgåve som menneskeleg sett alltid er for stor, og alltid går langt ut over det menneskeleg moglege.

Difor seier han: «Bed til ei kvar tid i Anden.» Vi må vere årvakne i dette, slik at Anden kan få utrette det han vil og ser behov for. Oppgåva skal utførast i eit terreng og eit miljø fullt av fallgruver og avvegar, og det er ein aktiv åndehær i himmelrommet som vil stengje den rette vegen.

Det eine nødvendige

For den som har sett det «eine nødvendige», blir det «eine» det nødvendige over alt og til alle tider. Det kjem alltid før det unødvendige. Maria søkte det eine nødvendige, medan Marta seier: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi har late meg åleine med å tena deg? Sei no til henne at ho skal hjelpa meg» (Luk 10:40)!

Marta tykte mange ting måtte kome før det eine nødvendige, på same vis som Israelsfolket sa: «Det er enno ikkje tid.» Dei bordkledde husa kom først. Men når det eine er det nødvendige, då vil det kome før alt anna.

Legg merke til kor tyngdepunktet ligg her. Det er ikkje slik at me sjølve må bestemme oss for at no må det nødvendige kome fyrst. Men det er slik at når det eine er blitt det nødvendige for eit menneske, er det i seg sjølv årsak til at det blir det nødvendige.

– Bunden av Anden fer eg no til Jerusalem, og eg veit ikkje kva som skal møte meg der, sa Paulus (Apg 20:22). Han var under det eine nødvendige, og dermed under guddommeleg tvang; heilt frivillig! Det var slik det måtte vere. For oppdraget hans var å «gå for Gud». Slik er det for alle som vil gå for han, enten det er i heim, familie, arbeidsliv osv. Guddommen har teke beslag i sine utsendingar.

Det er ikkje så grundig analyse som skal til i våre liv eller i den åndelege stoda, før me oppdagar at mykje unødvendig går for å vere nødvendig i dagens Noreg. Ikkje minst med tanke på den høge levestandarden ein har lagt seg til, og det kavet som krevst for å halde denne ved like. Men i forhold til oppgåva rekna ikkje Paulus ein gong sitt liv eit ord verd. Grunnen til det var livsperspektivet hans, og forståinga av kva som er det eine nødvendige her i livet. Til galatarane seier han: «Eg er krossfest med Kristus. Eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg» (Gal 2:20).

Nøtter utan kjernar

Når det som høyrer kristenlivet til ikkje spring ut frå kristendommens kjerne, som er Andens openberring i Kristus, vert innviing, overgiing, bøn, tilbeding, kraft, teneste og kjærleik berre hykleriske masker ein prøver å få fanga andre i.

Eg er redd for at mykje av det som i dag går for å vere stort og fengjande i det kristne arbeidet ikkje spring ut frå kristendommens kjerne. Dermed vert arbeidet forførersk og hyklersk. Frukta vert ein kristendom som er tilnærma lik ekte kristendom, og som difor er like vanskeleg å oppdage som nøtter utan kjerne.

Av og til knekkjer ein nøtter som viser seg å vere tomme. I det ytre var det ikkje mogleg å skilje dei ut. Det som høyrde til nøtta si ytre form og fasade, var på plass – men likevel mangla innhaldet.

Det å leve i denne tilnærma kristendommen er å spare seg sjølv og andre for å gå gjennom gjenfødinga sin tronge port til livet. Det er å vilja leve som ein kristen, utan å vere det. Det er å blande det guddommelege med verdsleg klokskap, og avbalansere trua mot fornufta.

Gud oppfyller berre sitt ord

Til viktigare ein tykkjer ein sjølv og verksemda er, til mindre tru har ein på openberringa av den himmelske røynda og på Ordet si makt til å verke av seg sjølv. Herren oppfyller ikkje automatisk det me preikar. Det er sitt ord, det han sjølv har talt med munnen sin, han oppfyller med handa si.

Difor er det òg Paulus seier i Ef 6:19: «Bed for meg òg, at det må verta gjeve meg ord når eg opnar munnen min.» Han var avhengig å få det ord som Herren ville oppfylle med handa si for tilhøyraren. Både for Paulus og tilhøyraren er dette avgjerande. Når dette ikkje fungerar slik, vert det uår i landet.

Men også menneskeord kan oppfyllast i kristen samanheng. Innan moderne visjonstenking der ein nyttar ulike effektfulle verkemiddel og arbeidsmetodar, er denne faren stor.

Faren er at menneskelege syner og openberringar om vekst og framgang kjem i fokus. Desse er ofte sjølvoppfyllande ettersom sterke leiarar får folk til å handle som om desse leiarane stod i Guds råd, og formidlar Guds ord.

Lytt til den himmelske visdomen

Kva som er tap og kva som er vinning vart for Paulus snudd heilt om i lys av æva. –Kunnskapen om Kristus er så mykje meir verd, difor aktar eg alt for tap og skrap, vitnar han.

Salomo talar om visdommen ovanfrå. Han seier: «Visdomsmøya ropar høgt på gata, ho lèt røysta si høyra på torga. I ståket på gatehjørna ropar ho, i dei opne byportane talar ho og seier: Kor lenge vil de uvituge elska fåvitet, og spottarane ha hug til spott og dårane hata kunnskap? Vend om og høyr etter når eg viser til rette! Då vil eg la ånda mi fløyma for dykk, eg vil kunngjera dykk mine ord» (Ord 1:22-23).

Ordet og Anden høyrer saman. Når visdomsanden fløymer, kunngjer Herren sine ord. Der Anden fløymer, vert verda sin visdom til dårskap. Visdommen ropar høgt på gatehjørna og i byportane: «Kor lenge vil de uvituge elska fåvitet?»

Dårskap er mange ting, men det verste er når dårskapen opphøgjer seg mot himmelens Herre og krenkjer hans heilage namn. Når dårar brukar hans hus og hans heilage kar utan å vere sende og utan å stå i flaumen av hans Ande.

Visdomsanden vil peika på det som Herren si hand gjer og oppfyller. Han er reiskap for Guds openberring og verksemd, og openberrar det mest skjulte av alt – djupnene i Gud. Det vil seie Guds eigenskapar, Guds tankar og Guds råd.

Når det lyder: «Kven vil gå for oss?» Då er den som går, avhengig av å få det han skal gå med. Trua kviler på Anden sitt vitnesbyrd, dei guddommelege lovnader, og at Herren står ved sitt ord. Han utfører sitt ord med si hand. Då går ein ikkje til verda for å sjå korleis ein skal få framgang i Guds rike.

Framhald i neste nr.