Og me veit at alle ting tenar til gagn for dei som elskar Gud.

«Og me veit at alle ting tenar til gagn for dei som elskar Gud.» (Rom 8:18-39)
Av Tormod Vågen (1903-1970)

Ein kristen vert ikkje teken fri frå motgang og vanskar, sjukdom og fattigdom. Som Jesus Kristus sjølv vart prøvd i alt, ser det ut til at kvar kristen må få sin lut av det tunge i livet. I det ytre kan det sjå ut til at sume kristne kjem så lett gjennom verda, medan andre støtt er i trengsle.

Men mi stutte røynsle har synt meg at det tyngste i menneskelivet vert som regel løynt for andre. Mange av dei menneske me trur livet har smilt til, gret i sitt hjarta. Og nettopp det vi trudde gav dei lukke, vart ofte årsak til det blødande sår.

Hver har sitt, stort eller litt
Himlen alene for sorger er kvitt.

Men alle desse sorger, motgang som medgang, helse som sjukdom – alle ting skal tena til gagn for dei som elskar Gud. Dei skal verka saman til godt, som grunnteksta uttrykkjer det.

Men vilkåret er at me elskar Gud. Den som ikkje elskar Gud, vil verta beisk og kald under motgangs trykk. Men den som elskar Gud, tek alt frå hans hand. Difor veit han at det Gud sender, har eit kjærleg formål. Då vert også trengsla ei gåve frå Gud. Då får ein nåde til å seia Gud takk for alle ting i Jesus Kristi namn. Me kan ikkje alltid sjå kva det skal tena til. Men der vårt syn stansar, tek trua til. Då får me kraft til å takka sjølv om me ikkje skjønar.

Takk for fager vår som strøymde,
Takk for hausten grå og arm,
Takk for tårer som er gløymde
Takk for hjartefred i barm.

Frå andaktsboka: I kongens nærleik, 7. juli