Dei tome kara

Dei tome kara

Av Anfinn Line,

Ei kvinne, kona til ein av læresveinane åt profetane, ropa til Elisa og sa: Tenaren din, mannen min, er død. Du veit at tenaren din hadde age for Herren. No kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar. Elisa sa til henne: Kva kan eg gjera for deg? Sei meg, kva har du i huset? Ho svara: Tenestekvinna di har ikkje anna i huset enn ei krukke med salveolje. Då sa han: Gå til alle grannane dine og bed om å få låna heim nokre tomme kar – berre ikkje for få! Gå så inn og lat att døra etter deg og sønene dine. Og hell olje i alle kara. Etter kvart som dei vert fulle, skal du setja dei bort. Og ho gjekk frå han og lét att døra etter seg og sønene sine. Dei bar kara fram til henne, og ho helte i. Då kara var fulle, sa ho til son sin: Ber fram endå eit kar til meg! Men han svara: Det er ikkje fleire kar. Då stansa oljen. Så kom kona og sa frå om dette til gudsmannen, og han sa: Gå og sel oljen og betal skulda di. Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.

2Kong 4:1-7

Her får me høyra om ei kvinna som var i stor naud. Ho hadde mista mannen sin, og sat åleina att med to gutar. Ikkje nok med det, men så kom det ein som hadde noko å krevja i buet etter mannen hennar og ville ta begge sønene til trælar. Situsajonene hennar var ikkje lys. Den var i korte trekk fylgjande: Ho var åleine, ho var i naud og ho stod i gjeld.

Å vera ein kristen har alltid to sider. Den eine sida er er den som vender opp til Gud, vår stilling hjå Gud. Den andre sida er dei kåra eller den tilstand me lever i her i verda. Desse to sidene kan vera vidt forskjellige.

Først litt om vår stilling hjå Gud: Då må me sjå til at me ikkje gjer same feilen som venene til Job gjorde. Dei tenkte at sidan Job vart så hardt plaga her i livet, kunne han ikkje ha det rett med Gud. Men vår stilling hjå Gud er ikkje grunna på noko i oss eller ved oss, men eine og åleine på Jesu soningsdød på Golgata kross. Det avgjerande for den einskilde av oss er om me er i Kristus. Då er det gamle borte, sjå alt har vorte nytt (2Kor 5:17). Me har tilgjeving for alle syndene våre (Salme 32 og 103), og står kledde i Guds rettferds klenad (Jes 61:10).

Så litt om den andre sida, vår tilstand her i verda. Her er det enka sin tilstand kjem inn: Åleine, i naud og i gjeld. Men er det slik å vera ei kristen?, vil sume innvenda. Er det ikkje alltid å ha det godt, alltid å vera herre over situasjonen? Nei, å vera ein kristen her i verda er ofte å kjenna seg i enkja sin situasjon. Mang ein kristen står åleine, det vere seg i heimen, på arbeidsplassen, i skuleklassen, i militæravdelinga. Også apostelen Paulus fekk prøva å stå åleine. I 2Tim 4:16 skriv han: «Då eg forsvara meg fyrste gongen, møtte ingen med meg, men alle forlét meg.»

Enkja var i naud for borna sine. Dei som er unge i dag har det ikkje alltid lett. Dei er utsette for eit press av freistingar som langt overgår det tidlegare generasjoner vart utsette for. Korleis skal det gå med den oppvaksande slekta? Det er eit spørsmål mange stiller seg. Sjølv om mange gode krefter prøvar å demma opp for til dømes bruken av stoff og andre rusmidlar, så er ikkje vegen lang til å enda som træl.

Men enkja fekk hjelp. Ho vende seg til profeten. Også for oss er det hjelp å få når med vender oss til Jesus. Profeten møtte henne med eit spørsmål: «Kva har du i huset?» Ei krukke med salveolje, det var det heile. Det var ikkje mykje, men svært viktig. Då profeten fekk velsigna det, vart det redninga både for henne og gutane. Salveolja er eit bilete på gudslivet, det nye livet i oss.

Nå fekk ho beskjed om å gå til naboane og låna heim tome kar, berre ikkje for få. Så skulle ho ta av den oljekrukka som ho sjølv hadde og hella over i dei tome kara. Ho gjorde som profeten sa. Då skjedde underet: Så lenge det var tome kar rann olja og fylte dei. Då alle kara var fulle, stansa oljen. Ho kunne selja oljen og betale gjelda. Seinare kunne ho og gutane leva av det som var til overs.

Kva har du i huset ditt? Det vil seia: Får Kristus bu ved trua i hjarta ditt? (Ef 3:17) Dette nye livet som du har fått, må du ikkje halda for deg sjølv, men dela med andre. Då fyller du olje i dei tome kara, og olja aukar. Guds rike veks og du får betalt gjelda di. Kvar gong du les og bed med borna, eller samlast med dei til sundagsskule, heller du olje i dei tome kara. Og kvar gong du vitnar for liten og for stor, heller du også olje i dei tome kara.

Så du får låne heim nokre kar, berre ikkje for få!