Dersom du i denne tida skulle slumpe til å høyra Bachs Joleoratorium i radio, vil du leggja merke til at langfredagssalmen «O, hoved høyt forhånet» brått tonar fram. Du vil kanskje undra deg over å høyra denne djupt alvorlege påsketonen midt i den elles so ljose og joleglade musikken, og du spør: Kva har då denne salmen å gjera i eit joleoratorium?
Eit slikt spørsmål kan berre den stilla som har mist, eller er i ferd med å missa, synet for jola sitt eigentlege innhald. So lett kan det skje at jola blir ein gullforgylt religiøs parentes, lausrive frå samanhengen med den heile kristne bodskapen. Men dermed misser ein sjølve saka og blir sitjande att med berre ramma. Ganske visst er jola si ramme fin. Men biletet burde no likevel vera hovudsaka.
Kva er so jola sitt bilete, jolebodskapen i ein sum? Me kan svara kort og godt JESUS KRISTUS.
Men me lyt med ein gong leggja til at denne
bibelske innhaldsfylde i krubbebarnet sine namn kan ingen gripa utan i ljoset frå påsken. Og det er nett i denne samanhengen Bach i sitt Joleoratorium gir oss ei rettkoma påminning: Lat påsken få lysa over jolebodskapen og hjelpa oss fram til ei rett joleglede.
I LJOSET FRÅ PÅSKEN
… gleder eg meg ikkje berre over Barnet, men over Frelsaren. I krubba ligg då ikkje det tidlause og poesiforgylte barn, men Guds Messias send til fullbyrding av dei gamle lovnader.
… skjønar eg ikkje berre at Jesus kom. Men det går opp for meg med stigande undring og takksemd kvifor han kom.
… ser eg at det er Golgatavegen som tar til i Betlehem. Jamvel jolenatta spøkjer Herodes sine knivar i bakgrunnen. Og det som verre er: Barnet i krubba ligg i slagskuggen av mine synder.
… går det opp for meg at joletreet i all si lysande glans er for ingenting å rekna mot krossen sitt harde og nakne tre. Eg kan ikkje syngja om det grøne glitrande tre utan at undertonen kling med: O, la aldri noensinne korsets tre meg gå av minne.
… forstår eg at Bach i Joleoratoriet er i djupt samsvar med evangeliet, når han let langfredagsorda lyda jolenatta.
Ja, i ljoset frå påsken ser eg at so mangt og mykje i mi jolefeiring er som eit glansbilde og utan feste i den bibelske realismen. Truleg lyt me sanna det alle i hop: Kor ofte har me ikkje grunn til å sakna evangelisk substans og kvalitet i det me kallar jolegleda? Her trengst sanneleg større alvor og djupn.
No får Bach syna oss vegen. Han let den barnlege gleda få tona og tindra fram. Men det er i påskeljoset han ser kva han har å gleda seg over. Einast i dette ljos kan eg finna inn til den store jolegleda og syngja av hjarta: Han er Frelsar min.
Tidlegare publisert i avis (ukjend)
Illustrasjonsbilde: AdobeStock
