I det sentrale Kina i byen Xi’an, som ligg sør i Shaanxi‑provinsen, var det i 1974 ein bonde som skulle grave ein brunn. Plutseleg støytte spaden i noko hardt. Dei byrja å grave og i dette området fann dei ein hær nede i jorda. Det var 8000 ulike soldatar i brent leire og i full størrelse. Dei fekk namnet Terrakottahæren.
Det gjekk som ei veldig nyheit over heile verda. Det vert rekna som ei av dei største arkeologiske funna på 1900-talet. I sanning var det eit imponerande arkeologisk funn, og i dag er det eit av Folkerepublikken Kina sine fremste turistattraksjonar.
Om du hadde spurt nokon av desse turistane som kom og besøkte denne keisarlege grava: – Trur de at desse leirfigurane har vorte til av seg sjølv? Då trur eg dei hadde sett dumt på deg, og trudd det var noko gale med deg som kunne finne på å spørje om noko slikt.
Ingen vil tru at desse leirfigurane hadde utvikla seg over tid, vorte forma av terracotta jord, utan at ein skapar stod bak. Dette er også bekrefta, då dei har funne ut skriftlege historiske kjelder som viser at det tok 38 år og 700.000 menneske for å skape denne veldige grava med alle desse figurane. Det viste seg at det var ein keisar som levde ca. 200 år f. Kr. som ville sikre si keisargrav på dette viset.
Eit forunderleg skaparverk
Me kan verte imponerte over desse 8000 leirfigurande i Kina. Det er utruleg at det kunne skje at dei for over 2000 år sidan kunne lage dette. Her er me alle samde om at det står ein skapar bak.
Men tenk då på eit menneske. Det er ingen leirsoldat, det er levande menneske som består av 35-40 billionar levande celler. Det vil vel seie at det er 35-40 tusen millardar celler i din og min kropp, og alt er styrt av elektrokjemisk impulsar i hjernen.
DNA er cella sin informasjonssentral og styrer all aktivitet i cella. DNA i ei enkel celle består av ein streng som liknar ein stige og er ca 1.8 m lang. Det høyrest heilt utruleg ut at den får plass i ei celle, men årsaka at den er berre 2 nanometer(1/1 000 000 mm) tjukk. Berre i ei enkelt celle er det like mykje informasjon som i ca 4000 bøker på 400 sider. Det er utruleg og vanskelege å fatte!
Men trur menneska at det står ein skapar bak dette? Nei! Heile vår vestlege kultur har fjerna Bibelens Gud som skapar. Dei har erstatta han med teoriar om Big Bang, og at alt liv har utvikla seg frå ei urcelle over millionar og milliardar av år.
Darwinismen
24 nov. i 1859 skjedde noko som fekk enorme ringverknadar i heile den vestlege kultur. Då vart Charles Darwin si bok om «Artenes opprinnelse» lansert. Første dag etter lansering vart heile opplaget på 1250 bøker rive bort. Innholdet av den vart spreidd som eld tørt i gras over heile den vestlege verda.
Her fann ein ryggdekning for å seie at menneske har utvikla seg frå ei urcelle til eit menneske, utan at ein trong å tenkje på det Bibelen talar om at Gud hadde skapt. Når Gud var avsett som skapar, hadde mennesket og løyst seg frå Ordet om at han ein dag skal døme levande og døde. Menneske følte seg fritt, og at det kunne leve fritt utan å ta omsyn til Bibelens tale!
Darwin sin teori var svært mangelfull, og den mangla heilt bevis for at det hadde vore overgangsformer frå ulike artar, og den ville aldri vorte godkjent som ein vitenskapeleg haldbar teori etter dagens kriteria – seier mange lærde.
Evolusjonsteorien står og fell med at det finst mellomformer, mellom fisk og frosk, mellom frosk og øgle, mellom øgle og fuglar. Og Darwin meinte sjølv at det måtte finnast menger av slike mellomformer. Hans forklaring på at desse mangla var at desse var utdøydde – men at me etter kvart ville finne fossilar av desse mellomformene.
Fossilar er restar, avtrykk eller spor etter noko som tidligere har levd. Fossilar kan være deler av sjølve organismen, slik som skjelett, tenner eller pollen, eller det kan være avtrykk av desse. I år er det 167 år sidan Darwin kom med sin teori, og i mellomtida er det gravd ut meir enn 200 millionar fossilar. Men enno har ein ikkje funne ei einaste mellomform.
Skapt av Gud!
Himmelens Gud seier deimot?
«Eg laga jorda, og menneska på henne har eg skapt. Hendene mine er det som har spent ut himmelen.» Jes 45:12
Men heilt frå syndefallets dag har djevelen angripe denne sanning med sitt spørsmål: «Har Gud verkeleg sagt?» i ulike variantar. 1 Mos 3:1 Når Jesus beskriv djevelen seier han:
«Når han talar lygn, talar han av sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna.»
Kva skjer når folk lyttar til hans løgner? Då
«sender Gud dei kraftig villfaring, så dei trur lygna.» 2Tess 2:11
Det er det me opplever i dag nær sagt på alle felt.
Men kva seier kong David som lytta til Guds ord og gav det rett?
«Eg prisar deg fordi eg er verka på skremmande underfull vis. Underfulle er dine gjerningar, det veit mi sjel så vel.» Sal 139:14
Han var ikkje i tvil, han visste: – Eg er skapt av Gud!
Ja, han let seg overvelda og seier:
«Når eg ser din himmel, verket av dine fingrar, månen og stjernene som du har sett der – kva er då eit menneske at du kjem han i hug, ein menneskeson, at du ser til han!» Salme 8:4-5.
Då vart David liten! Det får veldige konsekvensar når ein forkastar Gud som skapar slik Paulus skriv til sine vener i Roma:
«Guds vreide vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urettferd hjå menneske som held sanninga nede i urettferd. For det ein kan vita om Gud, ligg ope for dei, av di Gud har openberra det for dei.» Rom 1:18-19
Gud har med sitt veldige skaparverk vist si allmakt for alle menneske – lagt det ope fram så kvart einaste menneske som vil, kan sjå. Bevisa er så overtydande gjennom alt det skapte og med menneske som krona på verket. Måtte du og eg få bøye oss for vår skapar og sanne med David: – Eg er skapt av Gud!
Skrevet av Dag Rune Lid
