«Isak» i vårt kristenliv

Er det noko vi ikkje vil, så er det å ta imot evangeliet for ingenting. Eit naturleg menneske kan gjerne vilja ta imot evangeliet, men det må vera for noko, der ein sjølv medverkar.

Skal vi derimot ta imot for ingenting, seier gamle Adam stopp! Då vil han ikkje vera med lenger. Det betyr døden for han. Det stadfestar Paulus då han seier: «Eg døydde.» Han som hadde eit så prektig «kristenliv»! Men gamle Saulus måtte døy – dersom han skulle verta frelst.

Du har ikkje bruk for ein mann i din stad før du aktar di vinning for skrap, som Paulus. Hans vinning var alt det han måtte ha og vera for at han kunne kalla seg eit Guds barn, og alt det han meinte Gud hadde verka i hans liv.

Det er tilsvarande det som du, som ikkje er fødd på nytt, trur du må ha for i det heile å kunna kalla deg ein kristen!

Tenk på alt det som har skjedd med deg frå den dagen du bestemte deg for å verta ein kristen og fram til i dag. Er ikkje det di vinning?

Kunne du tenkt deg at alt dette vart teke frå deg, slik at du vart ståande ribba – med ingenting att? Du må nemleg frelsast frå alt ditt eige, også frå di omvending.

Det er hit Guds lov vil føra deg – fram til den tronge porten, men han kan ikkje føra deg gjennom porten. Det er Den heilage ande si oppgåve og gjerning.

Det var noko av dette Abraham fekk oppleva då Gud sa til han at han skulle ofra Isak. Abrahams frelse var knytta til Isak. Og ikkje berre for Abraham, men for heile slekta. Det var gjennom hans slekt Frelsaren skulle koma. Og no skulle Isak ofrast! Skal tru om det ikkje kjendest for Abraham som om alt fall i grus.

Abraham hadde no berre Ordet å halda seg til: «For i Isak skal du få ei ætt med namn etter deg.» (1Mos 21:12) Abraham måtte jo tru at Gud kunne vekkja Isak opp frå dei døde! (Heb 11:17-19, 1Mos 22:5b)

Nokre av dei same erfaringar gjer vi når vår «Isak» blir teken frå oss, når vi blir fråtekne det som vi trur vi må ha for at det skal stå rett til med oss. Då misser vi alt håp til det som er knytta til oss sjølve. Det å ha noko trøyst i tillegg til eller ved sida av Jesus – Jesus åleine – kallar Skrifta åndeleg hor. Det er å ha omgang med to åndelege menn: loven og evangeliet (sjå Rom 7:3).

Lov og evangelium blir blanda saman – med det resultatet at loven ikkje får ta vårt liv. Då blir det heller ikkje behov for evangeliet sjølv om vi kan ha tileigna oss ein rett teori om desse ting. Det har eigentleg ikkje med forstand å gjera eller teori, men med erfaring. Og det er ikkje berre ei eigongs erfaring.

Vår gamle Adam prøver å berga sin kjære Isak så godt han kan, for han vil ikkje stå som ein fortapt syndar for Gud, men som ein som har det rett med Gud! Men det står skrive at den som vil berga livet sitt, skal missa det, men den som misser livet sitt for Jesu skuld, skal finna det (Matt 16:25).

Den som er villig til å gi slepp på sin eigen kristendom og tek imot ordet om Jesus, så fattig, avkledd og hjelpelaus som han er, han har i åndeleg forstand lagt Isak på altaret for å ofra han.

Det at du vil ha det i orden med ditt eige kristenliv før du kan våga å tru deg frelst, er å vanvyrda det som Jesus har gjort for deg. Det Jesus gjorde var for syndarar og ikkje for rettferdige.

Dette fekk Eva og Adam ta imot midt i sitt syndefall. Kva hadde vel dei som var rett i sitt liv? Kva kunne vel dei gjera der dei stod framfor ein heilag Gud?

Har du noko meir enn dei å stilla opp med? Farisearane hadde det!

Eg sjølv prøvde laga ei rettferd for Gud,
mi gjerning, mi betring,
sjå det var mitt skrud!
Men Heilage Anden meg berga or våden,
han synte meg: Slikt er å vanvyrda nåden!
(Lina Sandell)

Mot förlossningen du väger dock så litet, kära vän.
Synd och fromhet som du äger, kommer ej i räkningen.
(A. Nilsson)

Husk at du alltid er like verdig og like uverdig!
(C.O. Rosenius)