Falske trøystegrunnar

Før Paulus vart omvendt hadde han mange trøystegrunnar som han sette si lit til. Det er ikkje annleis i vår tid. Når dagen kjem då vi alle skal fram for Gud, «skal mange seia til meg: Herre, Herre! har vi ikkje profetert i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange kraftige gjerningar i ditt namn?» (Mat 7:22).

Her ser vi kvar dei hadde si trøyst. «Men då skal eg ope seia til dei: Eg har aldri kjent dykk. Vik frå meg de som gjorde urett!» (Mat 7:23). Dei var aldri blitt avkledde si eiga rettferd. Er du villig til å ofra di rettferd, din eigen kristendom?

Kva er min eigen kristendom? Det er alt det du sjølv er åndeleg involvert i. Kva er det? Det kan vera di eiga omvending, alt det som er verka i livet ditt, alt det som er til fordel for deg, ja, også det som måtte vera verka ved Den Heilage Ande.

Kva er att når alt dette blir teke frå deg? Det kan vera eitt av to: Du står att med ingen ting, og er fortapt. Eller du er frelst, og står att med Jesus, Jesus åleine.

Det som var meg ei vinning
Vi kjenner til frå Guds ord at Paulus måtte missa alt det som var ei vinning for han (Fil 3:7-9). Då stod han att med ingenting, fortapt. Først då fekk han bruk for Jesus. Nikodemus vart fråteken alt sitt i samtalen med Jesus. Når ein er komen dit, blir ein mottakeleg for evangeliet.

Vi må ikkje tru at dette berre gjeld Paulus og Nikodemus. Dei står som eksempel for alle som skal koma etter. Ein kristen må igjen og igjen bli fråteken alt sitt eige. For han vil alltid søkja fred i noko ved sida av Jesus eller i tillegg til Jesus åleine. Ein kan spørja, kvifor er det slik?

Den viktigaste årsaka til det er at vi framleis har den gamle Adam i oss. Han kan gjerne vilja vera ein kristen, men det må vera på hans eigne vilkår. Kva er så det? Han vil vera ein kristen utan å kapitulera, utan å missa sitt liv. Kva så når han høyrer evangeliet forkynt? Det blir ein aksept i tanken. Jesus blir ikkje til sann trøyst, for sann trøyst er han ikkje i behov av.

For den som er fallitt på alt sitt eige, der blir Jesus til trøyst, glede, frelsevisse og takksemd når han får høyra og ta imot evangeliet. Ei anna årsak til at det er så vanskeleg å halda fast på evangeliet, er at vi har skatten i leirkar. Vi maktar ikkje av oss sjølv å halda fast på han.

Loven si oppgåve
Einkvar kristen står i fare for å vilja kristna gamle Adam. Vi har den gamle naturen etter syndefallet som alltid vil byggja på noko i seg sjølv. Den Heilage Ande må igjen og igjen føra oss inn på vegen når vi vil vika av. Til det bruker han Ordet, som er gjeve oss som lov og evangelium. Han syner oss kva vi må vera og gjera om vi vil frelsast gjennom loven. Det loven er, er han heilt og fullt. Her skal ikkje evangeliet blandast inn. Loven stiller åndelege krav, medan vi av natur er kjøtlege, selde under synda.

Skal vi bli frelste, så må loven først få visa oss at lov-vegen er stengd. Det lærer vi berre gjennom erfaring. Loven si gjerning er å gjera det umogleg for oss – og på den måten driva oss til Kristus. All trøyst til deg sjølv blir teke frå deg. Erfarer du det i ditt kristenliv? Elles er loven for ein kristen ein vegvisar om rett og galt, som vi har i dei ti boda.

Lovlaus forkynning
Frå ein tale eg høyrde for ei tid sidan, vart det sagt: «Den som er ulydig mot loven, han blir ikke tuktet til Bibelens Kristus. Så alvorlig er det å være ulydig mot loven – at loven ikke får lov til å tale til meg, vise meg min synd, dømme meg; for det er det han er gitt til!»

Her kviler eit stort ansvar både på forkynnar og tilhøyrar. Bibelen kallar dette for «lovløyse». «Såleis tykkjest de òg rettferdige for folk i det ytre, men inni er de fulle av hyklarskap og lovløyse» (Mat 23:28). «Og av di lovløysa tek overhand, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste» (Mat 24:12). Dette kjem inn under det som kallast “antinomisme” (lovforkasting).

«De benekter lovens betydning i den daglige omvendelse. En sann kristen, sier de, bærer loven i sitt hjerte og bør unngå å beskjeftige seg med lov og formaninger for ikke på ny la seg spenne i trelldoms åk. (…) Skulle det ikke være nok til imøtegåelse av enhver antinomistisk villfarelse å minne om den kjensgjerning at hele Det nye testamentet, hvor det er Jesus selv og apostlene som preker, knapt nok har et eneste kapittel hvor det ikke forekommer noe som faller inn under begrepet lov og formaning?» (Fra «Samlede Skrifter» av Carl Olof Rosenius).

Du som talar Guds ord, må ikkje ta brodden av Ordet fordi du meiner at du kjenner forsamlinga; for det gjer du ikkje! Innsida kjenner berre Herren. Den som forkynner må tenkja at her er personar av alle slag i forsamlinga: Eigenrettferdige, hyklarar, slike som lever i synd, havesjuke, som er avgudsdyrking osv.

Sjølv om alle i forsamlinga skulle vera frelste, så har vi alle eit kjøt som ber i seg allslags synd. Difor er det uansett nødvendig at nemnde ting blir teke fram. Så skal nok Den Heilage Ande vita å dela ut etter behov. Sist, men ikkje minst: Her er fattige stakkarar som har behov for å høyra evangeliet, som har gått fallitt på alt sitt eige. Slike må få mat.

Kvifor skal alt dette takast fram? Fordi einkvar i den stillinga han er, kan få hjelp der han har sitt behov eller der han sit fast. Når alt dette er sagt, bør også nemnast at det er ulike forkynnar-nådegåver. Alle skal ikkje tala likt.

Det avgjerande er at den einskilde er tru mot den gåva han har fått – og ikkje legg om forkynninga for å gå fri forarginga («anstøtet») som i større eller mindre grad fylgjer nådegåva. Eg får av og til ei kjensle av at det kan vera ein svikt her i forkynninga.

Det er eit uttrykk som kan forekoma i dagliglivet: «å slå av for vener og kjende». Om det blir overført på det åndelege området, så blir forkynnaren populær blant dei fleste. Det kan vera rett forkynning, både lov og evangelium, men bodskapen manglar brodd. Eg går på ein måte fri, det når ikkje inn. Kvifor? Kanskje fordi Den Heilage Ande ikkje er med i bodskapen?

Fråfall
Ein kvar kristen som ikkje er født på ny, har allereie, eller er i ferd med å kristna den gamle Adam. Då finn ein si trøyst i alt sitt og i alt det Jesus kan ha verka i livet.

Om du ein gong er blitt frelst, er det ikkje sjølvsagt at du er det i dag. Det gjekk galt med galatar-kyrkjelyden og med kyrkjelyden i Efesus (Op 2:4) og kyrkelyden i Sardes (Op 3:1). Det var berre i to kyrkjelyder det ikkje var noko å klandra, av dei sju som er omtala i Op 2 og 3. Ein, eller kanskje fleire av desse sju kyrkjelydane, høyrer du og eg innunder.

Vekkjing
For min del vert eg redd når eg les det som er sagt til kyrkjelydane i Efesus og Sardes. Gjeld det meg? Eg treng å be: Syn meg mi sanne stilling, at ikkje eg som skriv om desse ting – skal koma til å bedra meg sjølv. Det er betre å bli klar over det no – enn når Jesus kjem att. Då er det for seint.

Når vi bed ei slik bøn, må vi vera villige til å ta imot Guds svar til oss. Guds svar kan koma på ulike måtar. Eg har merka på meg sjølv at når evangeliet inntek hjarte og sinn, då blir eg fri og har all mi trøyst og glede i mellommannen, Jesus.

Men kva gjer vi når svaret er: «Det står ikkje rett til med deg!»? Vi har alle med Herren å gjera. Det er han vi står til ansvar for. Vi kan ikkje anna enn å leggja alt fram for han – som er den einaste som kan ta seg av oss. Vi må ikkje berre slå oss til ro utan at Herren får stella med oss.

Den farlegaste situasjonen å vera i, er at ingenting uroar deg. Ingenting bit på deg. Blir loven forkynt, så kan du det frå før. Blir evangeliet forkynt, så er heller ikkje det noko nytt for deg. Kan årsaka vera det som står skrive i Op 3:1?: «Du har namn av å leva, men du er død». Og om kyrjelyden i Laodikea, som trudde dei var rike og hadde alt i orden, seier Jesus gjennom Johannes: – og du veit ikkje at du er arm og ynkeleg og fattig og blind og naken (Op 3:17).

Korleis skal vi få vekkjing? Det kan vi få når Herren ransakar oss. Då må vi ikkje dra oss unna ransakande forkynning. Det gjorde farisearane. Dei stod Ordet imot – til deira evige ulukke. Vi står i same fare.

Då Johannes døypte i Jordan-elva, syntest det først og fremst å vera verdslege menneske som let seg døypa, men det var og eit kall til dei religiøse farisearane, men dei hadde det rett med seg sjølv, så det var ikkje aktuelt for dei å stiga ned på syndarplassen i elva. Kva skulle dei vel der når dei hadde alt i orden! Er du blant dei som har det i orden? Då får du aldri gle deg i evangeliet, du berre kan det.

Fortapinga
Så langt eg får nåde til det, vil eg gjerne forkynna evangeliet. Men eg vil også forkynna til ransaking og vekkjing til slike som trur dei er på himmelveg, men er på veg mot helvete. Det er så tungt å tenkja på at mange rundt oss er på veg mot ei evig fortaping.

Ordet «evig» er eit frykteleg ord for kvar og ein som ikkje er frelst. Herre, send oss vekkjing! Den som ikkje bryr seg og ikkje vaknar opp, han vil få god tid i helvete til å angra og gråta – i ein evigvarande tilstand – i pine, borte frå Guds åsyn.

Slike som trur dei er på himmelveg, men som aldri har gått gjennom den tronge porten, dei er vanskelegast å nå, slik som var tilfelle med farisearane. Det gjeld vel også slike som har falle frå, utan kanskje å vera klar over det sjølv. Eg veit ikkje om Demas var klar over sin eigen situasjon, men Paulus såg det (2Tim 4:10). «Ransak meg, Gud!»