Vårt påskelam er slakta

«Reinsa difor ut den gamle surdeigen, de kan vera ny deig, sidan de er er usyrte. For vårt påskelam er slakta, Kristus.» 1Kor 5:7b

Vi kjenner til kva betydning lammet og blodet fekk for israelsfolket ved utgang- en av Egypt. I den samanhengen bør vi ta med at all surdeig skulle fjernast. Kvar den som åt syrt brød skulle rydjast ut or Israel (5Mos 12:15). Surdeigen er bilete synda. «Eit lite grann av surdeig kan, all deigen gjennomsyre». Blir surdeigen spart, vil han før eller sidan føra til frå- fall. Det går altså ikkje an å halda Jesus i eine handa og synda i den andre om du har tenkt deg til himmelen.

Også for oss er påskelammet slakta. Det vart slakta på Golgata. Jesus seier om seg sjølv: «Eg er døra. Om nokon går inn gjen- nom meg, skal han verta frelst» (Joh 10:9). Jesus er døra som vi inn gjennom til frelse. Denne døra er det som er merka med blod. På krossen vart Jesus oversprengd med sitt eige blod. Vårt påskelam er slakta. Vårt påskelam! Mitt! Slakta for meg!

Guds altar på jorda er Frelsarens kross.
Der streid han mot Satan og sigra for oss.
Hans kross er vår fristad, vår einaste von.
:/: Der gav han seg sjølv i sin einborne son :/:
(Haldis Reigstad. Sb 254)

Når noko er betalt og gjort opp, er det då meir å krevja? «De engang avhandlede sager, man atter for retten ei drager. Ei heller i Skriften befales at gjelden skal to-gang betales!» (Fritt etter Petter Dass).

Ei orsaking for ikkje å tru evang- eliet er gjerne denne, attgjeve frå tale av Curt Westmann: «Jeg tviler ikke det Jesus har gjort. Feilen ligger hos meg. Den feilen er større enn du tror! Det er jo den feilen han har betalt for! Det var jo derfor han måtte lide og dø! Har du bruk for det jeg har gjort? Har du virkelig bruk for meg og det jeg har gjort, da er det jo ordna opp for deg! Det var jo derfor jeg kom».

Trur du at det Jesus gjorde er nok? Det trur du. Trur du at det er nok for deg slik som du er og har det no? Det er nok for deg, anten du trur det eller ikkje! Og det blir ditt når du set di lit til at det forheld seg slik, at det er nok for deg det som Jesus gjorde. Jesus vert ikkje meir nådig mot deg om ei veke eller to, enn han er, her og no.

Gud väger aldrig din arma tro.
En bättre grund finns för frid och ro.
Den grund som lades i Jesu blod,
då han så huld och så hjärtans god,
tog på sig hela vår synda-mengd
och i bland rövare blev hängd.
Se denna grund, det var ej din tro,
men tror du det, får du samvetsro.
(Anders Nilsson).