Søk
Close this search box.
Søk

Referat fra nyttårsleiren på Fossnes 2020-2021

Når ein no sit og ser tilbake på nyttårsleiren, blir eg veldig takksam til Gud for at ein i det heile fekk halda leir no i desse usikre tider med covid-19. Takksam for at ein fekk koma saman å høyra Guds Ord, det er ikkje sjølvsagt.

Ein litt annleis leir i ein pandemi skildrar nok ytre setting godt. Litt restriksjonar og smittevern måtte til, slik som bla. faste plasser ved måltid og møter, «einvegskøyrdedør», handdesinfeksjon og ein meter avstand. Ingen handhelsing med «takk for sist» eller farvel klemmar når ein reiste, men andre kreative måtar måtte til. Ein kunne ikkje vera så mange som ønskeleg på leiren, men me var me samla ca.50 ungdomar/ unge vaksne i frå ulike stader i Noreg på bibelskulen på Fossnes.

Med oss som forkynnarar hadde me Finn Widar Knutzen, Lars Fredrik Ellingsen og Per Bergene Holm. Totalt var det åtte møter fordelt på fire dagar, fire møte med Finn Widar, to med Lars Fredrik og to med Per. I tillegg så var det to samtalemøter, eit ved Elise Fjell og eit ved Tobias Fjell. På NLL si nettsida ligg talane ute, så der kan du få lytta til møta. Litt speling, kasting av snøballar og mykje prating var det og tid til innimellom.

Ein song som gjekk igjen på møta var songen på nr. 120 i songboka «Saligheten er oss nær». Me fekk sitja å lytta til møte etter møte. Det blei talt over ulike tema, litt av innhaldet i frå dei kjem no. Lars Fredrik Ellingsen stilte spørsmålet «er du verkeleg fri?» Fri i frå å leva etter synda, og fri frå synda si makt. Tenk at alle Guds krav er oppfylt i Jesus, har du fått sett og erfart det? Lever du i det? Finn Widar Knutzen: Jesus han blei menneskeson, ikkje «fiskars son, «markens sønn», men menneskeson. Han kom for å vera menneske. Han tok din og min stad, levde eit reint liv for alle. Han er full av nåde og sanning. Full av frelse. Har du fått forsoninga inn på din «konto», rettferdiggjort. Per Bergene Holm: «Eit liv i teneste». Det er nåde å få vera med i tenesta. Å fylla sin eigen vilje er å vera fanga, tenar under synda. Løyndomen bak tenesta er å gje seg sjølv fyrst til Herren. Han vil ta seg av sine «ver ikkje bekymra for noko» Ein er fri til å tenkja på kva dei andre treng, fordi Gud sørge for sine. Korleis er ditt forhald til Kristus? Jage du etter å gripa Jesus, fordi du er grepen av han?

Det fyrste samtalemøtet var ved Elise Fjell der temaet var «det personlege gudsliv». Alle menneske er forskjellege og det personlege livet i Gud kan utfolda seg på ulike måtar, men Gud er den same. Leve du i Jesus? Har du fått han som din frelsar? Det andre samtalemøte som var ved Tobias Fjell hadde temaet «vær eit førebilete i alt». Der det bla. i samtalestunda kom fram historier om korleis menneske rundt kan merka at ein er kristen utan at ein har sagt det. Dei merkar det på korleis ein er. Ein er kristen 24. 7. Er du sann i din ferd? 1.tim 4:12.

På nyttårskvelden fekk me servert ein god middag som bestod av juleskinke med båtpoteter, salat og saus. Til dessert var det sjokolademousse med fløyte og pianosaus. Det virka som maten slo godt ann fordi ein høyre mange «nam». Me fekk høyra instrumental ved Randi Terese Larsen. Jostein Brennsæter diska opp med ulike barndomsminne i frå Hurdal. Det blei halde eit minutt stillheit for året som hadde våre. Nyttårsmøte ved Finn Widar. Kaker, kaffi, te og brus. Ute stod me medan nyttårsrakettar og stjerneskodd lyste og braka medan ein song «Navnet Jesus» og ønskte alle godt nytt år. Til slutt blei det ulike leikar på koronavis ved Mirjam Lid og Anne Yi Bergene Holm. Kvelden blei nok til natt, før mange tok kvelden og det var ein del trøtte, men blide fjes 1. januar.

For mange var det nok veldig godt det å treffa kristne venner igjen no etter stenginga. Godt det å koma saman, samtala, dela med kvardane i frå eigne liv, i frå Bibelen og det å få venda blikket mot målet, mot himmelen. Det blei ein annleis leir denne gongen med berre ei aldersgruppa, men takken går til Gud for moglegheita me fekk til å samlast nok ein gong. Takk til dykk som var med å bad for leiren og takk til dykk som var med å gjorde det mogleg å ha leir.

Vil helsa dykk med orda:

«Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal slett ikkje forgå» Luk 21:33

og

«Kom til meg, alle som strevar og har tungt å bera, og eg vil gje dykk kvile.» Matt 11:28

Skrevet av Karoline Aarsland

Bilder av Johanne Torbjørnsen