I dag hjelper Herren!

Eg er på besøk hjå Johanne Margrete og Bjarne Vestbøstad i Norheimsund i Hardanger, og over kjøkenbordet heng eit bilde med svart bakgrunn og med gullforgylte bokstavar der det står: «Gårsdagen er forbi. Morgondagen har ingen sett. I dag hjelper Herren».

Bildet er eit talande vitnesbyrd for alle som kjem inn i heimen, og også for meg som vil slå av ein prat med han Bjarne denne kvelden.

Oppvekst
Han var fødd i Fitjar i Sunnhordland 29. juli i 1934, og han vaks opp på gard saman med 3 sysken.

Då han skulle ut i den vide verda, var Framnes Ungdomsskule i Hardanger første stoppestad. Her var det lekmannshøvdingar som Ludvig Hope og Johannes Brandtzæg som hadde rådd grunnen, men no var det Indremisjonssamskipnaden som dreiv skulen. Det vart ein gild og innhaldsrik vinter for
Bjarne.

På heimstaden hadde Bjarne vore med i Kinamisjonen, som etter krigen hadde skifta namn til Norsk Luthersk Misjonssamband. Det var såleis naturleg for han å reise til Skien sommaren 1955, der generalforsamlinga i NLM skulle vere.

– Ein dag møtte eg Vincent Færevåg. Han var krinssekretær i Haugesund, Sunnhordland og Hardanger (HSH) krins NLM. Eg kjende han frå møteverksemda heime på bedehuset på Fitjar der han hadde gjesta oss.

– Eg var oppvaksen i ein gild kristen heim, men eg sleit med frelsevissa, og saka kom på banen i samtalen med Færevåg. Til slutt hamna me på ein benk i ein park i Skien denne vakre sommardagen.

– Der fekk han vitne for meg gjennom Ordet. Der og då såg eg at frelsevissa ikkje var knytt til noko i meg og mitt, men til Guds ord og løfter. Seinare i livet når eg har kjent på mørke og anfekting, har eg igjen og igjen fått setje min lit til Bibelordet.

Hausten 1955 gjekk ferda vidare til det militære og hæren. Her fekk han befalsopplæring, og vart verande inne i 16 månadar. Det neste vart skolering på Stranda på Sunnmøre der Misjonssambandet
hadde ein handelsskule, og her lærte han bokføring.

Yrkeslivet
– Etter at skulen var ferdig fekk eg tilbod om å arbeide på ein butikk på Stranda hjå den 80 år gamle Johan Faus. Det var den kjekkaste tida i livet mitt, sjølv om det ikkje vart meir enn halvtanna år, seier han med ein smil.

– Så kom det spørsmål frå ein kamerat heime på Fitjar. Faren hadde ein trelasthandel med kring 30 mann i arbeid, og no hadde dei trong for ein som kunne føre rekneskapen for dei. Eg hadde i grunnen ikkje lyst til dette då eg treivst svært godt på Stranda. Men samtidig kjende eg på at eg kunne ikkje seie nei til denne kameraten og far hans.

– Men eg hadde ikkje før svara ja til dette, så kom eit brev frå Vincent Færevåg i HSH. I brevet spurde han om eg kunne tenkje meg å byrje å reise på prøve som predikant i denne krinsen. Då kom eg inn i ei veldig klemme, og eg visste ikkje kva eg skulle gjere.

– Butikken på Stranda var gamal, og ein av utfordringane var at fyrkjelen lek. Ei av mine oppgåver var å ause spillvatnet opp i ei bytte med ein tom fiskebolleboks, og deretter å bære vatnet ut og tøme det i havet.

Kva ville Gud?
– I denne tida var eg så pressa som eg aldri har vore verken før eller seinare livet. Det hende at tårene
mine blanda seg med spillvatnet frå fyrkjelen når gråten kom.

– Spørsmålet som låg sterkt på meg var: Kva ville Gud? Og for det andre, kva skulle eg svare Færevåg på hans spørsmål. Eg visste ikkje mi arme råd, kva eg skulle svare, seier han.

Han hadde brevkommunikasjon med Færevåg i denne perioden. Færevåg skreiv at den einaste vegen
ut av dette no, når han ikkje ville eller kunne svare, var at det måtte verte ei praktisk løysing. Han meinte Bjarne kunne kome på prøve og sjå om det gjekk.

Difor vart han invitert til Haugesund for å snakke med Færevåg. Bjarne sa difor opp stillinga i butikken og reiste til Haugesund. No ville det enten verte arbeidet på trelasthandelen eller å reise på prøve som predikant.

– Eg reiste direkte til Haugesund for eg måtte få snakka med Færevåg om det eg sleit med. Men då eg kom til Haugesund, fekk eg greie på at no stod «verda på ende» grunna mi oppførsel mot dei heime på Fitjar.

– Det skuldast følgjande scenario: Far min hadde vore til kyrkje ein sundag. Då han kom ut frå kyrkja og skulle heimover, trefte han denne trelasthandlaren som eg fyrst hadde lova å kome til. Han hadde gått hardt på far min og sagt med høg røyst: «Han son din har loge for meg!». Det var litt av eit «kyrkjemøte» for far, seier Bjarne.

– Om dei ville terga opp far min, måtte det seiast noko slikt, som at eg dreiv og laug folk opp i augo. Far vart ikkje god, og han gjekk vidare til Færevåg. Det vart skuldingar om at Færevåg hadde egla meg opp til å lyge for trelasthandlaren.

Eg kjem!
– No vart det nytt press mellom far min, trelasthandlaren, Færevåg og vår Herre som den fjerde instans. Men for å gjere ein lang historie kort. Eg ringde til trelasthandlaren og sa: – Eg kjem!

Bjarne forstod situasjonen som trelasthandlaren var komen i, og det forstod også Færevåg. Det enda med at han vart tilsett som bokhaldar hjå trelasthandlaren heime på Fitjar. Der vart Bjarne i nesten tre år. Men kallet til å verte lekpreikar hadde ikkje slept han, og det enda med at han 20. januar 1960 vart tilsett, og her var han verande fram til sommaren 1994.

Han reiste med Ordet om vinteren, og om sommaren jobba han i ei lokal bedrift. I 1964 vart han gift med Johanne Margrete Valland frå Norheimsund i Hardanger, og her busette dei seg. Saman fekk dei fem born og fire vaks opp.

Åndssituasjonen
I samtalen med Bjarne kjem me no inn på åndssituasjonen i landet vårt. Då refererer han noko som
professor Carl Fr. Wisløff sa på eit stemne eit av dei siste åra han levde: «Det vil alltid vedbli å være en sann Jesu Kristi menighet på jord», og slik trur også Bjarne det vil vere.

– Wisløff sa at det var fire grupper som bana vegen for kristendommen i dei første hundreåra etter Kristi død. Det var trælane, soldatane, sjøfolka og forretningsfolk. Dei spreidde ut Guds ord i heile Romarriket der dei fór, på tross av kristendomsforfølgingane.

– Det er fortalt at då biskop Polykarp lei martyrdøden kring år 155 etter Kr. ville dei ha han til å fornekte si tru før han skulle brennast på bålet. Polykarp svarte: «I 86 år har eg tent Herren, og aldri har han gjort meg noko vondt – korleis skal eg kunne svikte min konge og frelsar?» Slik vart han forfremma til herlegdommen.

– I år 325 etter Kr. var 900 truande samla frå heile Romarriket på kyrkjemøte i Nikea. Her vart den
nikenske truvedkjenninga utmeisla. Men det er sagt at ingen av dei 900 som var der, var normale. Dei var alle merkte på kroppen av kristendomsforfølgingane dei hadde vore gjennom.

– Det er ikkje noko nytt under sola. Me veit ikkje kva det vil koste å vere sanningsvitne når det går nokre år. Omkostninga med å vedkjenne seg trua kan kome til å stige i tida som kjem. Men sjølv om dei truande var ein forfølgd minoritet i Romarriket, vart dei til ein styrande majoritet då keisar Konstantin gjorde kristendommen til statsreligion i det store riket. Det viser at det har skjedd forskjellige ting i historia før også, seier predikanten.

Set si lit til Ordet
– Når det gjeld min eigen posisjon i høve til Gud, må eg forhalde meg til Guds ord slik me finn det i Ef
2:1-10: «Også dere har han gjort levende, dere som var døde ved deres overtredelser og synder. I disse vandret dere før på denne verdens vis, etter høvdingen over luftens makter, den ånd som nå er virksom i vantroens barn. Også vi vandret alle blant dem i vårt kjøds lyster, og vi gjorde kjødets og tankenes vilje. Vi var av naturen vredens barn likesom de andre.

Men Gud, som er rik på miskunn, har, på grunn av sin store kjærlighet som han elsket oss med, gjort oss levende med Kristus, vi som var døde ved våre overtredelser. Av nåde er dere frelst. Han oppvakte oss med ham og satte oss med ham i himmelen, i Kristus Jesus, for at han i de kommende tider kunne vise sin nådes overveldende rikdom i godhet mot oss i Kristus Jesus.

For av nåde er dere frelst, ved tro. Og dette er ikke av dere selv, det er Guds gave. Det er ikke av gjerninger, for at ikke noen skal rose seg. For vi er hans verk, skapt i Kristus Jesus til gode gjerninger, som Gud forut har lagt ferdige for at vi skulle vandre i dem», seier han med tyngde.

Herren kan duke bord
– Eg kan vakne om natta og oppleve at Herren dukar bord for meg. Då kan eg minnast Guds ord eller eit songvers som dukkar opp i sinnet. Såleis kan eg i stille nattetimar ha gilde stunder med Herren.

– Far min las husandakt i heimen og han las alltid frå Bibelen. Eg kan enno hugse andaktsord som han delte med oss, seier Bjarne. Før eg skal gå, tek han fram og viser meg ein lapp. – Denne kan eg
ha med meg i lomma når eg går på tur. Her står det to bibelord, seier Bjarne.

På lappen er det med sirleg handskrift skrive: «Bli funnet i ham, ikke med min egen rettferdighet, den som er av loven, men med den jeg får ved troen på Kristus, rettferdigheten av Gud på grunn av troen» (Fil 3:9) og «Tro er full visshet om det en håper, overbevisning om ting en ikke ser» (Heb 11:1).

– Desse gudsorda er eit anker og feste for sjela, som eg må ha skriftleg på lappen i lomma. Dagleg må eg minne meg sjølv om det, og sjå på dei, sjølv når eg er ute og går meg ein tur, avsluttar forkynnaren Bjarne Vestbøstad, før eg denne fredagskvelden forlèt dei – og ynskjer dei ei god og velsigna helg.