Den ugudelege – som trur

To slags omvendingar
Det eine slaget er å vilja bli frelst ved gjerningar. Det andre er å bli frelst ved tru. Alle vil vi i  utgangspunktet bli frelst ved tru, men dei mange ender opp med å vilja bli frelst av gjerningar. Kva er årsaka til det?

Vi høyrer gjennom forkynninga av Guds ord at vi må omvenda oss. Så gjer vi det. Dermed trur dei fleste at då er dei frelste. Det er å vilja bli frelst ved det du sjølv har føreteke deg, dvs. av di  omvending. Alt det eit slikt menneske føretek seg i kristen samanheng, blir lovgjerningar – om det er aldri så kristeleg.

Kva er galt her? Du er blitt ein «kristen » i staden for å bli det du er: ein ugudeleg syndar. Det er eit resultat av at du har lukkast med å bli ein kristen. Du har aldri kome til kort med ditt eige. Kva er så årsaka til det? Årsaka ligg i dette at du ikkje forstår at vi etter syndefallet er så fortapte som vi er.

Med vår forstand kan vi tileigna oss den sanninga at vi er fortapte i oss sjølv, og at vi er frelste av tru, av berre nåde – utan at det er blitt ei personleg erfaring. Det er blitt kunnskap – utan kjennskap.  Dette kan vera fordi du ikkje vil bli avkledd alt ditt eige, eller det kan ha si årsak i uklar forkynning som ikkje set skilje i forsamlinga, men det blir forkynt og tenkt at alle tilhøyrarane er frelste. Dei
treng berre påfyll, berre ny opplading. Det endar i fariseisme.

Herren møter oss der vi er. Då begynner han med loven for å setja oss igang med det vi trur vi kan, nemleg å omvenda oss. Skal vi bli frelste så må det begynna der. Vi må vilja bli frelste; at vi omvender oss, er heilt nødvendig og rett. Så kjem loven på nytt og set oss i arbeid: Vi må be meir, vi må angra
syndene våre og bekjenna dei.

Vi må lesa meir i Bibelen osv. Loven blir aldri nøgd med oss. Går det som Herren vil, så endar det med ein fullstendig fallitt med det vi skal vera og gjera. Vi endar opp med å bli det vi etter syndefallet er. Då er vi komne dit vi høyrer heime, i Adam og Eva sin situasjon etter syndefallet – før Herren kom til dei. Dei omvende seg frå sin nakenskap og si synd ved hjelp av fikenblad, som Gud Herren
måtte ta frå dei. Dei hadde bruk for ein annan kledning, og dei fekk det! Det må vi òg få.

Træl eller fri?
Nå fører ikkje Herren alle menneske heilt likt, men eitt er felles: Vi misser trua på alt vårt eige, vår eigen kristendom, vi blir ståande på bar bakke – utan forsvar.

Her kan vi bli mottakelege for evangeliet. Du som er utan denne erfaringa, har ikkje bruk for rein nåde. Du finn eitt eller anna som får deg til å tru at det er rett med deg. Evangeliet kan du, du veit at alt er av nåde. Det er ein kunnskap du har tileigna deg, slik at du trur du eig det som du i røynda berre veit. Eit kjenneteikn på denne tilstanden er at du får aldri gleda deg i evangeliet.

Du har det som den heimeverande sonen: «Sjå, i så mange år har eg tent deg, og aldri har eg
gjort imot det du sa. Men ikkje eingong eit kje har du gjeve meg, så eg kunne gleda meg saman med venene mine» (Luk 15:29). Han ville ikkje gå inn og ta del i gleda over broren som var komen
heim og hadde fått nåde.

Isak og Ismael passa heller ikkje saman. Ismael var ein træleson, Isak var født etter lovnad. Træl og fri går ikkje saman.

Den ugudelege – som trur
«Den som har gjerningar, får ikkje løna av nåde, men som noko han har fortent. Den derimot som ikkje har gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer den ugudelege, han får si tru tilrekna som
rettferd» (Rom 4:4-5).

Du treng ikkje føreta deg noko for å bli ein ugudeleg. Det er du alt frå før! Det er ei sanning i Guds ord som vi må erkjenna og tru. Tenk å få tru på Jesus som ein ugudeleg! Abraham var i seg sjølv ugudeleg. Det er også vår sanne tilstand ut frå det vi er i oss sjølv. Vi får del i evangeliet på same måte som Abraham og røvaren på korset. Det er same nåde for alle. Det som før hadde sin plass i vår forstand, flyttar ved forkynninga av evangeliet inn i hjarta når det blir mottatt. Det blir personleg,
det blir mitt, det blir ditt.

Nettopp fordi eg er den eg er, har eg bruk for det som Jesus har gjort. Dersom du vil tileigna deg det Jesus har gjort, så må du ta imot det som den du er og slik som du har det. Då blir nåden nåde. Tenk, slik som du er og har det, her og nå! Denne fridomen har Jesus vunne oss med sitt eige blod. Det vitnar og Det gamle testamente om, som vi vil ta med litt av her.

Blodet i Det gamle testamente
Sjølv om du og eg ikkje forstår å verdsetja Jesu blod som vi burde, så er det akta høgt i himmelen. Gud veit å verdsetja det rett. Denne hans verdsetjing for oss skal vi få rekna med. Det er himmelen si vurdering som gjeld. Det ser vi då israelsfolket skulle gå ut frå Egypt. Då sa Herren: «Når eg ser blodet, vil eg gå forbi dykk». Der blodet var stroke på dørstolpane og på den øvste dørbjelken, der var
dei trygge, uavhengige av deira eigentilstand. Det var noko som galdt meir for Gud; det var blodet.

Det var altså heilt og fullt Guds vurdering av blodet som berga israelsfolket då han heldt dom over Egypterland. Det same gjeld for oss. Jesu blod gjeld meir enn vår synd og alt som fordømer oss – anten du har det slik eller slik. Guds vurdering av blodet har ikkje endra seg sidan den gongen
israelsfolket, kanskje urolege og redde, venta på det som skulle skje den natta.

Eg vil tru at mange synder kom fram i minnet, spesielt kanskje hos den førstefødte i kvar heim (2 Mos 12:12). Det er trøysterikt å tenkja på at alle dei som sat der inne, vart berga, same kva dei hadde gjort; «… så du skal koma i hug ferda di og skjemmast … når eg tilgjev deg alt det du har gjort, seier Herren Herren» (Esek 16:63).

«Når blodet da virket så kraftig hos Gud at han lot seg evig forsone, og derfor alene vil ta deg til brud og gi deg den himmelske krone, så la du deg dermed og nøye!» (C. O. Rosenius, Sb 420:2)