Død frå loven ved Kristi død

Guds ord gjennom loven kjem til oss med sine krav: Er det rett med deg? Har du ei rett omvending? Lever du som ein kristen i ditt kvardagsliv?

Så ber ein gjerne om Guds hjelp. Og der du kjem til kort, legg Jesus til resten. Han tilgjev deg der du ikkje strekk til. Så blir det eit slags samarbeid mellom deg og Jesus. Du sviktar, du syndar – og han tilgjev.

Dette er å blanda lov og evangelium. Det er å pleie omgang med to åndelege menn, å vilja bli frelst ved både loven og evangeliet. Men det er åndeleg ekteskapsbrot, skriv Paulus i Rom 7:1-4. Loven er vår første ektemann. Det er ein hard ektemann som krev av oss at vi skal vera fullkomne heilt igjennom. Er vi ikkje det, fordømer han oss. Han har ingen nåde å gi. Denne mannen er vi bundne til så lenge vi lever. Det er berre døden som kan oppløysa dette ekteskapet, slik det er med alle ekte-skap.

Dei fleste lever med denne mannen. Dei overhøyrer og overser hans krav og fordøming. Dei døyr ikkje under han, og difor kan dei ikkje på lovleg vis ekta ein annan mann, Kristus. Andre går til grunne under han. Han tek deira liv, som nettopp er loven si fremste oppgåve, sam-stundes som han er vår tuktemeister til Kristus (Gal 3:24).

Eg døydde, seier Paulus. Han vart fråteken si eiga vinning, alt det som tala til hans fordel i kristenlivet, dvs. heile hans gudsliv. Det er den tronge porten inn til Guds rike for alle.

Paulus skriv vidare; og det er evangeliet: «Mine brør! Såleis døydde de òg frå loven ved Kristi lekam». Då Kristus døydde, heldt Gud dom over meg. Det var eg som døydde, og då døydde eg bort frå min første ektemann, loven. Han har nå ingen rett eller makt over meg; eg er fri frå alle hans krav og alle hans fordømingar. Eg er død, og då er eg fri til å ekta ein annan mann, Kristus; utan at ein dermed bryt ekteskapet og driv åndeleg hor.

«Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under tuktemeisteren» (Gal 3:25).

Det må såleis vera eitt av to: Alt av nåde – eller alt av gjerning. Det eine utelukkar det andre. Kvifor må vi gjera slike erfaringar? Fordi Jesus vil ha heile æra for frelseverket. Får han ikkje det, så kan ikkje vi verta frelste. Det er difor du må gå konkurs på alt ditt eige. Jesus gjorde alt heilt ferdig – åleine.

Vi er slik av natur etter syndefallet at vi alltid vil blanda inn noko av vårt eige når vi skal tru evangeliet. Å ta imot av pur nåde er imot vår falne natur. Vi vil gjerne koma i ei slik stilling til Jesus at vi kan ta imot evangeliet på ein rett måte!

Kvifor? Fordi vi eigentleg vil ha det rett med oss sjølv – før vi kan tru Guds nåde! Det er å vilja bli frelst av gjerningar, å vilja bli frelst ved loven. Så lenge noko krav er knytta til oss, noko som må gjerast eller endrast i meg eller med meg før eg kan ta imot evangeliet, er det ikkje lenger av nåde. Nåde og gjerning utelukkar kvarandre.

Men kor den arme sjela
då enno dårar seg,
som trur at ho kan verta
nåden verdig,
som først vil døyda synda
og sidan tru på deg
eingong når hennar betring
rett vert ferdig,
som først vil verta heilag
og ven og rein og god,
og sterk i tru og kjærleik
og von og tålsamt mod
-og sidan verta barn i faderhuset.

(Lina Sandell, Sb 251:5)