Anstøtet i forkynninga

Evangeliet må openberrast for oss – både første gongen og seinare i kristenlivet.

Det er ein døds- og livsprosess som varer livet ut. Gamle Adam skal døy. Han må setjast på sveltekost, samstundes som det nye livet må få tilført ny, sunn næring. Men gamle Adam, som vi ber i vårt bryst, vil ikkje døy. Dermed oppstår det eit anstøt som kan slå begge vegar: Til forherding eller til vokster i nåden og kjennskapen til Kristus.

Det blir ein dom over alt mitt eige, men ei ny evangelisk forvissing om nåden for den som let seg avkle og på nytt finn sitt alt i Jesus.

Dette skiljet synest truleg best i vekkingstider. Carl Olof Rosenius skriv ein stad at i sann vekking vil ein møta største motstanden frå ein kant ein minst ventar det. Då kjem det meir fram kvar den einskilde har si trøyst. Jesus og apostlane møtte alltid største motstanden frå dei religiøse. Det er nok ikkje annleis i dag. Med ein religiøs person tenkjest det på ein som har omvendt seg – utan å ha kome igjennom til liv i Gud. «For ei dør har vorte opna for meg, stor og verksam, og det er mange motstandarar» (1Kor 16:9).

Her har den som forkynner Guds ord eit stort ansvar. Det går an å forkynna slik at anstøtet blir fråverande. Korleis forkynner ein då? Då kan ein forsåvidt tala både lov og evangelium – på ein slik måte at vi kan sitja og høyra og svara ja og amen til det som blir sagt – utan at det gjer noko med oss.

Det når ikkje hjarta, og talar og tilhøyrar går fri anstøtet. Vi blir ikkje sette på val. Vi møter ikkje ein heilag Gud – anna enn i teorien. Stikket i hjarta uteblir. «Men då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarta» (Apg 2:37).

«Lettvint lækjer dei skaden i folket, når dei seier: Fred! Fred! Og det er ingen fred» (Jer 6:14). Dette anstøtet må vera med i forkynninga. Det må forkynnast at utan å bli født på ny, går ein fortapt.

Lov og evangelium forkynt i ånd og sanning gir oss eit møte med ein heilag Gud. Dette er ikkje noko ein berre kan ta seg til. Det har med talaren sitt gudsliv å gjera. Den Heilage Ande må setja sitt stempel på det som blir talt.

Asschenfeldt-Hansen skriv i «Gullgruben» om Jeremia: «Jeremia var lydig. Han visste så godt hva som ventet når han kom med budskapet sitt. Men han gikk uten å spørre kjød og blod om råd».

«Og kven er vel dugande til dette?» spør Paulus, og fortset: «For vi er ikkje, liksom dei mange andre, slike som forfalskar Guds ord for å tena på det. Nei, i reinleik, ja, som av Gud, talar vi for Guds åsyn i Kristus» (2Kor 2:16b-17).

Det er lett å tenkja at tilhøyrarane i våre forsamlingar er kristne. Det har faktisk lite med saken å gjera. Forkynninga må nå alle tilhøyrarane anten dei er frelste eller ikkje.

Det skjer når loven blir lov og lukkar himmelporten for oss. Når loven har utført si oppgåve, og teke frå oss alle falske trøystegrunnar og vist oss litt av kva som bur i oss, då står vi att ribba og hjelpelause framfor ein attstengd himmelport. Då er vi førde dit kor vi er mottakelege for evangeliet – om vi ikkje tek anstøt og dreg oss unna for å berga vårt sjølvliv.

Så står vi der som lutfattige tiggarar som må få alt for ingenting. Og det er nettopp det evangeliet gir oss. Vi er sette på sidelinja som ubrukelege. Det er ein annan som har teke seg av vår sak og ordna opp. Vi som så gjerne ville betala for vår frelse med vår omvending, vår tru og vårt kristenliv, vår bibellesing, vår anger og sorg over synda osv.

Vi er for seint ute! Ein annan har ordna opp for oss! Det skjedde for 2000 år sidan. Det som han gjorde vart godteke av Gud, som reiste han opp frå grava, og dermed erklærte Jesu gjerning som fullført. Det er fullført, ikkje berre delvis, men fullt og heilt. For kven? For syndarar, for ugudelege. Det var altså ikkje for dei som er «rett omvende», for dei som er «fødde på ny», nei, for slike som manglar alt. Når du tek imot dette, midt i din fattigdom, då er du rett omvend.

Her kan det høva å låna nokre ord frå Hans Erik Nissen, som seier det slik: «Derfor kan du med frimodighet løfte ansiktet og si: Jeg er frelst. Jesus har frelst meg helt og fullt!» Det er altså nok det som Jesus gjorde. Det er nok for meg. Er det nok for deg?

«Min nåde er nok åt deg», vart det sagt til Paulus. Han heller hadde ikkje noko anna eller noko meir til grunn for sitt håp. «Og han forkynner vi, i det vi formanar kvart menneske og lærer kvart menneske med all visdom, for å stella fram kvart menneske fullkome i Kristus. Dette arbeider eg for, i det eg strider i hans kraft som verkar i meg med styrke» (Kol 1:28-29).

Og Paulus skriv i Galatarbrevet om det han kallar krossens støytestein. Det ligg altså ein støytestein i ordet om krossen. Med dei fleste farisearane kom ikkje Jesus så langt at han kunne forkynna evangeliet for dei, for han fekk ikkje ta frå dei deira eigarettferd. Dei reagerte kraftig når dei fekk sjå at Jesus tok seg av syndarar. Sjølv hadde dei streva, kanskje i årevis, med å vera gode kristne, så kjem syndarar av verste slag og får nåde framfor augo deira!

Tidlegare forkynnar, Ole Rolfsnes, har sagt det slik: «Skal arbeidet lykkes, må vi meget nøye granske Ordet for å se hva måte det best kan gjøres på. Her kunne mye nevnes, men jeg vil nevne den beste og mest effektive måten det kan gjøres på. Det er å forkynne lov og evangelium i ånds og krafts bevis (1Kor 2:1-4). Jeg fikk den nåde å høre noen av de gamle vekkelseshøvdinger. De var ikke flinkere til å tale enn predikantene i dag, men det var en uimotståelig åndskraft som dro synderen til Gud. Denne åndskraft mangler i forkynnelsen i dag, i alle fall er den sjelden å høre».

Nå er det ikkje all sann forkynning som går direkte på lov/evangeliumtale, dvs. det direkte «anten/eller», «frelst/ufrelst», «under loven/under nåden» osv. Likevel er det ein bibelsk bodskap som når hjarta og blir til sjeleføde for det livet som alt er født. Men skiljet eller anstøtet er der fordi Guds ord i seg sjølv er lov og evangelium, og fordi bodberaren veit å skilja mellom desse og ikkje blanda dei saman.

Enn vi som tilhøyrarar då, kviler det noko ansvar på oss? Om det skriv Paulus: « … ver uthaldande i bøn for alle dei heilage, og bed for meg òg, at det må verta gjeve meg ord når eg opnar munnen min, så eg med frimod kan kunngjera løyndomen i evangeliet… og tala slik eg bør tala» (Ef 6:18b20b).

Hadde Paulus behov for forbøn, så er det ikkje mindre aktuelt for dei som i dag reiser med Guds ord. Det sviktar vel her for nokon kvar av oss. Det er vel difor Guds ord, gjennom Paulus, legg oss dette på minnet.