Bøn om vekkjing

Det er naturleg for ein kristen å be om vekkjing. Under slik bøn er det viktig å spørja seg sjølv om det kan vera noko i mitt eige liv som kan stå i vegen og vera ei hindring. Ein ting er sikkert; er det synd som vi ikkje vil skiljast frå, så vert ein eit hinder både for seg sjølv og for andre.

Det er blitt sagt at sann vekkjing begynner med Guds folk. Det kan nok i mange tilfelle vera slik, for Ordet når som regel dei truande først – og gjer si gjerning i hjartejorda.

«For tida er komen då domen skal ta til med Guds hus …» (1Pet 4:17).

Men vi ser i Guds ord (også i det praktiske liv) at eit enkelt vitnesbyrd kan verta til vekkjing og frelse. Vi kan for eksempel tenkja på kvinna ved Sykars brønn som møtte Jesus. Ho gjekk heim og vitna om Messias, så førde det til vekkjing. Skrifta har ei mengd tilsvarande eksempel i evangelia og Apostelgjerningane.

Kva så med meg sjølv? Treng eg å vekkjast? Er det noko galt med meg då? Vi syng i ein song: «Vis meg mine brister så jeg aldri mister nådens lækedom!» Vis meg mi synd, så mykje – at eg får bruk for Guds nåde! For ser eg ikkje mi synd, kva skal eg då med Guds nåde? Det er difor ei viktig bøn dersom eg vil ha vekkjing.

At det skjer noko med meg, positivt eller negativt, vil nok først merkast i heimen, for der kjenner dei meg aller best på godt og vondt. Når borna har flytta ut, er det berre kona og eg tilbake. Er det noko her som kan stengja for vekkjing?

Det smakar meg ikkje når Gud høyrer bøna og viser meg at eg har handla urett mot kona. Det sit langt inne å be om tilgjeving. Det er mykje lettare å ta tida til hjelp, så går det oftast over av seg sjølv etter kortare eller lengre tid. Har dette noko med vekkjing å gjera?

«Så skal då de ektemenn òg leva med forstand saman med konene dykkar som det veikare kar. Og syn dei ære, for dei òg er medarvingar til livsens nåde – så bønene dykkar ikkje skal verta hindra» (1Pet 3:7).

Kva så om det var kona som sette det heile i gang? Det kan så vera, men det fritek ikkje meg til å gi att med same mynt. Eg står for Gud med det eg seier og gjer, og kona skal svara for seg. Eg har nok med mitt eige.

«Mildt svar døyver harme, men eit sårande ord vekkjer vreide» (Ord 15:1).

I Josva (kap. 7) kan vi lesa om Akan som hadde tatt av det bannlyste gods. Det førte til at dei ikkje kunne innta nytt land – og dei tapte for Ai. Omlag 36 mann av Israel vart drepne. På grunn av det Akan hadde gjort var heile Israel kome under bann. Og Herren sa: «Skil de dykk ikkje av med det bannlyste gods, vil eg ikkje veramed dykk lenger». Alt dette på grunn av berre ein mann!

Så kan vi tenkja etter om det er noko slikt nedgrave i mitt eller ditt sinns telt. Iså fall øydelegg vi for dei andre i venesamfunnet,sjølv om vi kan stå fram med eit evangelisk vitnesbyrd. Eit ordtak seier omlag slik: «Eg høyrer ikkje kva du seier – for livet ditt ropar så høgt!»

Det er vekkjing når vi får sjå vår synd – og vil gjera noko med det. Det er først og fremst å gi Ordet rett når det feller domen over meg. «Den som løyner brota sine, har inga lukke. Men den som sannar dei og vender seg frå dei, finn miskunn» (Ord 28:13).

«Kor brukar du di dyre tid? Og seg, kva fyller sjela di? (…) Lat han få helga all di tid! Då sigrar du i livsens strid. (…) Ver varsam, slepp ei noko inn Som stygt og ureint gjer ditt sinn. Å gå fortapt, så svært det er! Med Jesus Kristus glad du fer Til livsensljose,sæle verd». (Utdrag frå nr. 527 i Sb.)

«Dersom vi seier at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og gjer ikkje sanninga. Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss frå all synd» (1Joh 1:6-7).