Korleis eg kom gjennom til liv i Gud

Vekking rundt århundreskiftet
Utover hausten i 1902 var det liksom det livna til i det kristelege arbeidet inne i Norheimsund. Folket byrja søkja til bedehuset. Dette gledde dei gamle truande venene der inne, og dei la opp til festar og stor aktivitet i julehelga. Så kom julaftan, og det rauk opp til storm, med orkan i bygene. På juledagsmorgon stilna stormen, men då spurdest det i bygda at tre mann frå Kaldestad, to brør og sonen til den eine, var drukna om natta då dei hadde gjort freistnad på å redda ei skuta som låg forankra ute på Sundet.

I ei av «Kvammabøkene» våre, står det å lesa at det var fire mann som gjekk ut i bergingsbåten, og berre den eine av dei unge brørne klarte å symja til lands og berga livet. To av dei omkomne fann dei att i sjøen, men den tredje vart borte for alltid. Gjennom det som hende der ute på Kaldestad denne julenatta, fekk folket i bygdene her eit spesielt kall frå Gud. Dei frilynde ungdomslaga avlyste alle sine tilstellingar i jula, og folket søkte til bedehuset. Mange trong hjelp i sitt forhold til Gud, og slik byrja vekkinga i Norheimsund i 1903.

Her fekk Johannes Brandtzæg og mange av hans medarbeidarar koma til hjelp. Denne vekkinga gjekk òg vidare til Øystese og seinare til Steinsdalen, og gjennom ho vann Brandtzæg seg mange trufaste vener som seinare vart dei leiande i arbeidet for Kinamisjonen her i bygdene fram gjennom 1920- og 30-åra.

Men i denne tida gjekk òg det frilynde ungdomsarbeidet sterkt fram i bygda vår, og her vart me unge med. Det vil ikkje seia at me ikkje gjekk i kyrkja og bedehus, men me kom likevel bort ifrå Gud og gjekk våre eigne vegar. Men Gud gav ikkje opp; «Han tala mange gonger og på mange måtar», som det står i Hebrearbrevet (1:1).

Ungdomsår
Eg er fødd i 1917, og gjennom skule- og konfirmasjonstid fekk eg kristen kunnskap som Den Heilage Ande kunne nytta i si tid.

Under krigen på Kvamskogen i 1940 måtte eg sjå fleire av mine gode vener liggja att på slagmarka. Den kvelden ropa eg til Gud om frelse, og lova at dersom Gud kunne spara meg frå dei tyske kulene, skulle eg bli hans. Men også denne gongen, som så mange gonger før, braut eg løftet og gjekk mine eigne vegar.

Hausten 1942 reiste eg til Nordfjord i Sogn på handelsskule. Eg var då 25 år gammal. Straks før jul blei eg sjuk og innlagt på sjukehuset. Ein kveld kom tyskarane og forlangte at me sivile måtte ut, for dei hadde bruk for sjukehuset. Eg må vedgå at humøret stod ikkje særleg høgt då eg den kvelden kom heim til ein kald hybel. Men på skrivebordet mitt låg det fleire brev heimanfrå. Alle desse breva hadde den same nyheita å fortelja: Det var brote ut vekking i Steinsdalen, og mange av mine tidlegare kameratar var komne med, som dei kalla det. Det første som rann meg i hugen den kvelden, var at då eg no skulle heim på juleferie om nokre dagar, måtte også eg nytta den laglege tida. Bestemminga blei teken på nytt, og det var berre så vidt at eg ikkje sa det til skulekameratane mine då me sto på Strandkaien i Bergen og ynskte kvarandre ei god jul etter ei lang og munter natt ombord på Hurtigruta. Men motet svikta som så mange gonger før.

Heim til jul
Denne gongen var det rart å koma heim til jul. Kven eg møtte, så kom samtala før eller sidan inn på vekkinga, og kven som var komne med. Talaren, Johannes Amland frå Kinamisjonen, som hadde verka der framover hausten, var no reist heim til jul. Men sundagskvelden før jul var det tillyst møte ved Halvor Fotland i Steinsdalen bedehus. Fotland var ein høgvørd mann i bygda. Han overtok som styrar på Framnes etter at Brandtzæg flytta til Oslo, og denne styrarplassen hadde han heilt fram til 1937, då Hans Sandvoll overtok. Om kvelden synte det seg at det ikkje berre var eg som hadde tenkt å høyra kva Fotland hadde å bæra fram, for då eg kom til bedehuset, var huset fullt, slik at min plass vart i ei trapp ute i gangen.

Men ein kveld mellom helgane kom Samson Vik og heldt eit møte. Då tok eg ut i tide og kom inn. Det var ikkje så mykje folk på møte denne kvelden, og på ettermøtet bøygde eg kne saman med alle dei andre som var på møte. Mange kom etterpå og ynskte meg velkomen i laget. Kva var det som hadde hendt? Jau, eg hadde teke mi beslutning, som eg òg var tenkt å halda. Eg er i dag ikkje i tvil om at dette var den beste beslutninga eg har teke i heile mitt liv. Men vegen blei meg både tung og lang før eg fekk sjå meg løyst og fri i det som Jesus gjorde i min stad der på Golgata og at alt var av nåde i han.

Attende til kvardagen
Eg måtte reisa attende til skulen etter nyttår, så eg fekk ikkje vera med på fleire møte i Steinsdalen bedehus. Før eg reiste, kom bror min og gav meg eit nytestamente og feste eit lite gullkors til jakkeslaget mitt. Han visste nok at det ville ikkje verta så lett å møta dei gamle kameratane att. Men no hadde eg teke mi beslutning, som eg var bestemt på å halda. Det fekk kosta kva det kosta ville, eg ville no leva mitt liv som ein kristen. Men det var lenge sidan eg hadde vore i lag med Guds folk, og Bibelen var blitt framand for meg. Likevel merka eg at barnetrua var der. Gud hadde ikkje sleppt meg, og eg bad inderleg til Gud at han måtte hjelpa meg til å leva eit liv som kunne vera han til æra, og til frelse for meg.

På turen nordover viste det seg at Gud også hadde lagt denne situasjonen til rette for meg. Eg reiste seint om kvelden med Hurtigruta frå Bergen, og tidleg morgonen etter kunne eg liggja på lugaren min og høyra på samtalene ute på gangane, mellom elevane som var komne ombord fram over natta. Her vart alle nyhende diskuterte, og mellom anna var her ein som kunne fortelja nytt, at Lid’en var blitt gudleg medan han hadde vore heime i julehelga. Dette vart til stor lette for meg, og mange aksepterte at eg ikkje ville gå dei same vegane som tidlegare. Seinare synte det seg at det var fleire på skulen som var i same stilling som meg. Dei hadde gjeve seg over til Gud medan dei var heime på juleferie.

Som venta vart dette ei hard tid for oss. Men så ein sundagskveld kom det to jenter til meg og spurde om eg ville vera med dei på møte i elevlaget på Gymnaset. Det sa eg sjølvsagt mykje takk til, og her fann eg nye vener som forstod meg betre. Mange av desse var i same situasjon som eg. Me levde på ei beslutning me hadde teke med oss sjølve, utan at Den Heilage Ande sitt ljos hadde openberra evangeliet for hjarto. For mitt vedkomande bad eg heile tida til Gud om hjelp til å leggja av synda og bli eit nytt menneske som kunne vera Gud til æra. Men dette syntest eg lukkast lite for meg. Eg blei meir og meir fortruleg med at dette ikkje var mogleg for meg, og som det står i songen: «Lenge jeg tenkte Gud ikke skjenkte, nåde til den som fattedes alt».

Slik gjekk vinteren, og om våren kom eg heimatt til Steinsdalen. Der hadde vekkinga stilna og flokken var ikkje lenger så stor. Men endå var her ein flokk av både unge og eldre som trufast slutta opp om dei faste bønemøta om onsdagskveldane. I denne flokken fann også eg min plass. Eg var då trulova med Gudrun, som var frå Bøhn, og far hennar, Olav, var ein av desse venene til Brandtzæg som fekk tru seg frelste under vekkinga i 1903.

Kinamisjonen i Steinsdalen
Olav Bøhn hadde gjennom alle desse åra vore ein leiar for Kinamisjonen sitt arbeid her i Steinsdalen, og i heimen hans var alle tilreisande forkynnarar velkomne, men Kinamisjonen var likevel hjartebarnet på Bøhn. Sjølv om forkynnaren som hadde stått i vekkinga fram over vinteren, no var slutta, så var møteverksemda stor.

Mange av dei eldre talarane frå Kinamisjonen besøkte oss ofte, og etter møta om kveldane samlast me unge i stova på Bøhn. Der song me og samtala ofte med forkynnarane.
Mange av desse forstod nok korleis me hadde det, og freista å hjelpa oss, men diverre lukkast det så lite. Mange av talarane hadde òg vore ute på misjonsmarka, og kunne fortelja om sitt arbeid der ute. Såleis vaks både eg og mange av dei unge opp i arbeidet for Kinamisjonen. Me såg det slik at Gud kalla oss til dette arbeidet, som seinare fekk namnet Norsk Luthersk Misjonssamband. Dette arbeidet vart me glade i og deltok så langt me kunne.

For min del vart eg meir og meir oppteken i forretningslivet idet eg byrja byggja opp mi eiga verksemd. Eg prøvde å halda fram i sundagsskulen og tok del i anna kristeleg arbeid. Eg kunne ikkje forstå kvifor Gud ikkje kunne opne ein veg for meg òg, slik eg etter kvart skjøna at han hadde gjort for mange av dei som eg vandra saman med. Slik vaks det opp ein kritikk i mitt hjarta mot Gud, samstundes som arbeidspresset i verksemda auka frå år til år.

I Norheimsund hadde det vakse fram ein fin ungdomsflokk, og det var og ein del yngre ektepar mellom desse. Dei arbeidde i regi av Indremisjonen og hadde sitt eige styre og kalla sjølve sine arbeidarar for verksemda dei dreiv i bedehuset. Både haust og vår hadde dei sine ungdomsveker, og til desse samlingane møtte folket opp. Me frå Steinsdalen gjekk òg på desse samlingane.

På etterjulsvinteren i 1957 kom Henrik Røykenes til Norheimsund og heldt nokså mange møter, og Gud talte til oss på ein særskilt måte i Ordet som han fekk bæra fram for oss. Mange av oss kom i store åndelege vanskar, og bad om forbøn. Men løysinga kom ikkje medan Røykenes var i Norheimsund, og mange gjekk ut over våren og hadde det vondt. Me fekk ikkje tru at me hadde det rett med Gud, og livet vart eit stort strev.

Sommarskulen på Valen
Sommaren 1957 skulle Misjonssambandet ha sommarskule på Valen i Sunnhordland. Derfor tok me på verksemda ferien i den tida, så eg og kunne få vera med. Men det var likevel ikkje så enkelt å koma i veg, for heime hadde me mange små born, så kona kunne ikkje få vera med, og det vart ingen ferie på henne. Hjå Brigt Bøhn var dei i den same situasjon, men til slutt vart det til at Brigt og eg skulle reisa, og konene vera heime som vanleg.

Forkynnarane på sommarskulen var Gudmund Hjorthaug, misjonær Ørstavik og Ole Brandal m. fl. Desse dagane på Valen blei nokre merkelege dagar der Gud arbeidde. Ordet blei forkynt på ein slik måte at me blei skuldige for Gud som aldri før. For min del fekk eg sjå inn i mitt eige hjarta på ein måte som aldri før i dei 14 åra som var gått sidan eg overgav meg til Gud der heime i Dalen.

No var eg blitt ein syndar som ikkje på noko vis heldt mål for Gud. Det hadde nok mange gonger vore vanskeleg tidlegare òg, men aldri som dette. I det store og heile så rekna eg meg ikkje som nokon større syndar enn alle dei andre, og eg hadde gjort alt eg kunne for å leva eit reint og redeleg kristenliv. Men no ramla det alt saman for meg.

Eg hadde nok ikkje tidlegare oppdaga det som står i Rom 7:18-19: «For eg veit at i meg, det vil segja i kjøtet mitt, bur inkje godt; viljen hev eg, men gjera det gode vinn eg ikkje: for eg gjer ikkje det gode som eg vil, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg».

Eg var komen til sommarskulen med det eine ynskje at Gud måtte opna veg for meg, så eg kunne få gleda meg i frelsa som dei andre. Det var berre ein ting som låg i min tanke, at Gud måtte gjera noko i meg. Eg hadde heller ikkje oppdaga kva som står i dei første versa i Romarbrevet 8, som lyder slik:
«Så finst det då ingi fordøming for dei som er i Kristus Jesus; for lovi åt livsens Ande hev i Kristus Jesus gjort meg fri frå lovi åt syndi og dauden. For det som var umogleg for lovi, av di ho var maktlaus på grunn av kjøtet, det gjorde Gud, då han sende sin eigen Son i syndig kjøts likning og for syndi skuld og fordømde syndi i kjøtet, så kravet åt lovi skulle verta fullnøgt i oss, me som ikkje ferdast etter kjøtet, men etter Anden».

Alt dette hadde eg oversett, og stadig stilt krav til meg sjølv. I denne stillinga bad eg inderleg til Gud om at han måtte visa meg veg. Men alt stengde seg meir og meir til, og til slutt måtte eg erkjenna for Brigt, romkameraten min, at no såg eg det umogleg for meg å bli frelst. Eg hadde derfor bestemt meg for å gje opp det heile, og han hadde ikkj noko å leggja imot, for eg synest å ha prøvd alle utvegar. Eg hadde lyst å reisa ifrå det heile med ein gong, men eg hadde lova ein familie at dei skulle få køyra med meg etter at sommarskulen var ferdig og måtte derfor stansa. I denne situasjonen var eg då eg på neste møte hadde plassert meg på bakerste benk nede ved døra. Ole Brandal skulle ha denne timen. Emnet for bibeltimen som Brandal heldt, var «Omvending». (Talen ble gjengitt i L&E nr. 5-6/2012. og. Red. anm.) Då han avslutta talen sin, visste han ikkje at det sat ein nede ved døra som hadde vorte møtt med Andens openberring, gjennom det som han hadde fått nåde til å bæra fram i lydnad mot Ordet.

Frelst av nåde
Eg hadde gjennom alle desse åra slite ut ein Bibel med å leita etter ein veg som kunne gjera meg til eit betre menneske, og bede Gud om hjelp til dette. Eg syntest dette hadde lukkast så lite, sjølv om eg hadde brukt alle mine ledige stunder i arbeidet for misjonen og Guds rike. Likevel stod spørsmålet der:
«Kva skal eg gjera for å verta frelst?» Men medan eg vart sitjande og høyra på denne talen, viste det seg at Brandal her drog fram korleis eg hadde levd mitt liv i alle dei 14 åra sidan eg overgav meg til Gud, der heime i Steinsdalen. Eg hadde levd under lova. Og Ordet seier klart at den som lever under lova, er ikkje under nåden. Dette måtte eg i denne stund gjeva han rett i.

Med eitt var det som om det var trekt ei gardin frå mitt indre auga. Eg fekk sjå desse som låg i ørkenen, stukne av giftige ormar, utan von. Men dei som såg på koparormen vart lækte. Her møtte eg evangeliet. Her vart løysinga for meg òg. Det står omtala i 4Mos 21:8-9, og likeeins i Joh 3 om Nikodemus, som heller ikkje forstod dette. Men Jesus sa til han: «Ingen kan sjå Guds rike utan han vert fødd på nytt». Her låg løysinga for meg òg. Det er åleine eit Guds under for kvar den som får sjå seg frelst som det står i Joh 3:16: «For so elska Gud verdi at han gav son sin, den einborne, so kvar den som trur på han, ikkje skal verta fortapt, men hava æveleg liv».

Dette hadde eg aldri fått sett inn i før på denne måten, og dette løyste ut ei glede og ein hjartefred som ikkje kan forklarast med ord! Dette kunne eg ikkje halda for meg sjølv, men bad Færevåg, som var møteleiar, om å få seia nokre ord før møtet var slutta den kvelden.
Med få ord fortalde eg møtelyden at i dag hadde eg, for fyrste gongen i mitt liv, fått sett meg frelst av nåde i Jesus Kristus åleine – i det verket han gjorde på Golgata for syndaren.