Gud høyrer bøn!

Gud høyrer bøn!

Av Dag Rune Lid

Då Jesus døydde på Golgata kross, rivna forhenget som skilde det aller heilagste frå det heilage, ovanfrå og ned. Kva vitnar det om? Vegen var opna for syndaren til himmelen ved Jesu blod. Men det vitnar også om at i namnet hans har den truande fått ei ope dør inn til Guds farshjarte. I Jesu mektige namn skal ein truande få lov å brette ut si naud for han som har all makt i himmel og på jord.

Ludvig Hope seier: «Bøn er vegen Gud har opna for oss menneske inn til seg sjølv. På den vegen kan me finna og eiga krafta som gjer den veikaste til ein helt. Me kan med stor frimod halde fast på trøysta som er guddommeleg sanning, at bøn er den største kraft gitt oss av Gud». Det vitnar om kva kraft Gud har gitt sine gjennom bøna.

Syt ikkje for noko

Då Jesus snakka med sine om bøn, slik det står omtala i Matteus 6, fortel han dei om korleis den himmelske Far føder fuglane under himmelen, og så seier han: – Er ikkje de mykje meir enn dei?

Så fortel han så fint om korleis himmelens Gud kler liljene på marka på forunderleg vis – finare enn kong Salomo i all si prakt. Så seier Jesus: «Men kler Gud såleis graset på marka, det som står i dag og i morgon vert kasta i omnen, skal han då ikkje mykje meir kle dykk – de lite truande?» (Mat 6:30).

Så konkluderar Herren med å seie: «Difor skal de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med? For alt slikt søkjer heidningane etter. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette» (Mat 6:31-32).

Velsigning som svar på bøn

Jesus seier: Heidningane som ikkje har nokon himmelsk far, spør slik: Kva skal me kle oss med, kor skal me få maten frå. Men Guds born skal få rekne med hans faderomsorg i alle ting. «Ver ikkje bekymra», seier han. Difor skal de heller ikkje syta for morgondagen. Vår himmelske far vil også ta seg av den. Har du sett din lit til han, kjem du aldri på skam. I bøna skal Gudsbarnet få tale med Gud om alle ting.

Når himmelens Gud har slik farsomsorg for sine, kan ein tenkje: Kva er då vitsen med å be? Lagar ikkje Gud alt til det beste for sine uansett? Hans Erik Nissen skriv: «I livet med Gud er ikke alt logikk. Der ber vi om at Gud skal gjøre det han gjør. Det henger sammen med at Gud vil binde oss til seg og sin vilje. Han vil skjenke oss sin velsignelse som svar på bønn».

Tenk det! Gjennom bønesamfunnet med Herren, vil Herren binde oss til seg. Han vil at me skal vere avhengige av han i eitt og alt. Han vil at den truande skal vere hjelpelaust avhengig av han. Når vi då får oppleve at Gud svarar på bøn – kva då? Jau, då skapar det takk og lovprising i hjarta.

Får han lov?

Slik er det med frelsa i Lammets blod, og slik er det også i vandringa med Herren. Han vil gjerne ta seg av oss i alle ting, vaske føtene våre, reinse syndesår, stelle med oss og føre oss på sine vegar. Får han lov til det i ditt liv?

Får du og eg gå vår eigen veg, ja då vel me ikkje å gå Guds veg. Difor må Gud ofte føre sine inn i naud og smerte – Kvifor? For at du og eg skal få vårt hjarte retta på han.

I Hebrearbrevet 12:1 står det: «Så lat oss derfor, etter di me har så stor ei sky av vitne ikring oss, leggja av alt som tyngjer…» Slik ville Herren at me skulle gjere det. Korleis ville han at det skulle skje? «Med augo feste på Jesus». Med augo feste på Ordet og lovnadene.

Gud nytta nauda

Kva skjer når blikket vårt vert festa på han? Då veks trua og tilliten til han, til Ordet, til lovnadene. Då misser ein trua og tilliten til seg og sitt. Men for at du og eg skal løfte blikket dit, sender han oss inn i naud på ymse vis – nettopp for å dra oss til seg.

For ei tid sidan var det mange vanskelege ting med det eg arbeidde med i ulike prosjekt. Då var det eit ord som tala sterkt til meg frå Jes 41:10, og det har fylgt meg ved fleire høve gjennom livet. Der står det: «Ver ikkje redd, for eg er med deg! Sjå deg ikkje ottefull ikring, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg og hjelper deg og held deg oppe med mi rettferds høgre hand».

Er det ikkje nettopp det ein har så lett for: å sjå seg ottefull ikring. Men det er når otten og nauda bankar på døra at du og eg får behov for Herren. Då har du ikkje noko anna plass å gå med di naud. Trur du Herren høyrer når hans born ber. Ja, ver du sikker. Han høyrer det minste bønesukk. Før du har forma det med leppene dine, er det høyrt i himmelen.

I gullskåler

Kva som skjer i himmelen med bøna bedt i Jesu namn, det kan me lese om i Johannes Openberring: «Ein annan engel kom og stod attmed altaret. Han hadde eit røykjelsekar av gull. Og han fekk ei stor mengd røykjelse som han skulle leggja til bønene frå dei heilage, på gullaltaret framfor trona. Og røyken frå røykjelsen steig frå handa åt engelen opp for Gud saman med bønene frå dei heilage. Og engelen tok røykjelsekaret og fylte det med eld frå altaret, og kasta han på jorda. Då kom det toredrøn og røyster og lyn og jordskjelv» (Op 8:3-5).

Dei truande sine bøner er samla i gullskåler på gullalteret framfor truna. Slik vert bøner bedt i Jesus namn samla i himmelen – gjerne i ringe kår her på jord, i ei mørk stove, på kne framfor omnen, i løa eller ved kontorpulten. Det er mest ikkje råd å fatte det, men slik seier Skrifta det er.

Dei som har greie på det, seier at etter grunnteksta går det fram i v. 3-4 at røykjelsen som vart gitt til engelen (frå Gud), kjem som ei hjelp til dei heilage sine bøner. Asschenfeldt-Hansen seier i kommentarverket Gullgruben: «Det står egentlig at røkelsen skulle legges til de helliges bønner som en hjelp fra Gud. Dette uttrykker den fine tanken at Gud vil selv gi styrke til de helliges bønner med tanke på forestående trengsler».

Anden oss til hjelp

Dette talar Bibelen også fint om i Rom 8:26: «Og her kjem òg Anden til hjelp for oss i veikskapen vår. For vi veit ikkje kva vi skal be om slik som vi burde gjera det. Men Anden sjølv går i bøn for oss med sukk som det ikkje finst ord for».

Kva verknad hadde dei heilage sine bøner? «Og engelen tok røykjelsekaret og fylte det med eld frå altaret, og kasta han på jorda. Då kom det toredrøn og røyster og lyn og jordskjelv» (Op 8:5).

Det flyttar fjell. Det verkar jordskjelv i syndarhjarto. Det skapar vekking og nytt liv. Gud grip inn og gjer det umoglege mogleg. Når ein ser kva bibelen talar om bøn i Jesu namn, ja då byrjar hjarte å undra seg – tenk: Vesle meg skal få be til den allmektige Gud!

(Nr. 2 i serien på 5 om «Bøn i Jesu namn»)