Josia og Kong reinsinga av templet

«Aldri før hadde det vore nokon konge som han, nokon som på den måten hadde vendt om til Herren av heile sitt hjarta og heile sin hug og av all si makt, slik heile Moselova krev. Og etter han stod det ikkje fram nokon som han» 2Kong 23:25. (Les gjerne heile avsnittet 22:1-23:26!)

Tenk å få eit slikt ettermæle!

Josia sitt forhold til lovboka

Josia var berre åtte år gammal då han vart konge. I 2Krøn 34:3 står det at han søkte Gud i det åttande året av styringstida si, altså 16 år gammal. Ti år seinare, i det attande styringsåret, då han var i ferd med å setja i stand templet, fann øvstepresten Hilkia – nærast tilfeldig – lovboka. Dette var eit eksemplar av dei fem Mosebøkene, som altså ikkje var i bruk, så vi skjønar at det var ei mørk tid. Det er det også i landet vårt. Heller ikkje her er «lovboka» i bruk, for vi veit at det ikkje står i vår makt å oppfylla dei ti Guds bod, så vi får forhalda oss til evangeliet. Hans Adolph Brorson seier det slik:

Hva hjelper det vi vet:

Du døden for oss led.

Når vi ei står mot satans verk,

i troen frisk og sterk?

Då kongen fekk høyra lovboka opplese for seg, reiv han sund kleda sine. Han kom inn i vekkjing og let seg døma av Guds ord. Han såg både sin eigen og folket sin tilstand. Lova vart så lese opp for alt folket.

Reinsinga av templet

Resultatet vart at ein sette i gang arbeidet med å reinsa templet og få ut alt det som ikkje høyrde heime der. Og det var mykje. Det som skulle vera Guds bustad, hadde blitt eit avgudstempel.

Det står at Josia reiv ned husa der dei som dreiv tempelutukt heldt til, noko som følgde med Astarte-dyrkinga.

Det er trist å lesa at også kong Salomo hadde medverka til at Astarte-dyrkinga hadde gripe slik om seg (2Kong 23:13).

Vi er Kristi tempel

No lærer Guds ord at kvar og ein som høyrer Herren til, er hans tempel der han vil bu i vårt hjarta. Våre lemer er Kristi lemer. Kva fører så du og eg inn i dette templet? Vi gjev vel ikkje rom for ureine tankar, tankar som i Herrens augo er jamgodt med tempelutukt, syndige tankar som vil ha Kristi lemer til å gjera synd? Korleis brukar vi tunga? Kva opnar du opp for og slepp inn gjennom augo og øyro?

Når Carl Olof Rosenius er inne på desse tinga, konkluderar han slik: «Gjør intet som det ikke ville sømme seg for Herren Jesus å gjøre»!

Josia rydda også ut dei små husgudane. Om dei er det sagt at «vi ofrer på deres alter hver gang bekymring, griskhet, ukjærlighet og grettenskap og annet slikt får makt i et hjem. Disse husguder er ikke de minst farlige for et Guds barns trosliv».

Herrens bodskap til sitt folk

Profeten Jeremia har dette å seia til Guds folk på den tida – og til alle tider: «Høyr Herrens ord, heile Juda, de som går inn gjennom desse portane for å tilbe Herren. Så seier Herren, Allhers Gud: Betra vegane dykkar og gjerningane dykkar! (…) De stel, slår i hel, driv hor, sver falskt og brenner røykjelse for Ba’al og fylgjer andre gudar, som de ikkje kjenner. Og så kjem de og stig fram for mitt åsyn i dette huset som er kalla med mitt namn, og seier: Vi er frelste! – og så vil de framleis gjera alt dette avskyelege!» (Jer 7:2-3+9-10).

Skal vi få vekkjing, trur eg den må byrja med Guds folk. Vi må omvenda oss frå syndene våre, syndene mot dei ti boda. Dei gjeld framleis! (Vi finn dei godt utlagde i «Pontoppidans forklaring»).

Er synda blitt synd for oss? Det er berre når synda blir synd at nåden blir nåde.

Då Josia ville få bort alt avgudsvesen til det aller minste, vart det openberra kor mykje det fanst i alle krokar. Alt dette var ei frukt av at han ikkje ville bryta brodden av Guds ord.

Reinsinga av vårt tempel

Har du prøvd å reinsa ditt tempel for den skjødesynda som er deg så kjær? Då har du kanskje erfart at det maktar du ikkje? Ja, du vil knapt! I så fall er det ei rett erfaring – så langt! Om det seier Rosenius: «Kraften til å overvinne det onde, eier intet menneske i seg selv. (…) Men Ordets anvisning er denne: Gå først til Jesus, be om nåde – og så skal det siden bli råd også mot syndens makt».

Ein kan av og til mest få ei kjensle av at det å vera ein stor syndar er noko fortenestefullt, som på ein måte gjev meg adgang til Guds nåde. For har eg mykje synd, ja, så har eg bruk for nåde. Og så finn ein trøyst i «evangeliet» på grunn av si synd.

For den som er av sanninga, er det nettopp synda som gjer det vanskeleg å tru Guds nåde. Det er først når ein går i gang med tempelreinsinga at ein får sjå kor bunden og hjelpelaus ein er – og kor dårleg det står til. Då er det godt å få høyra og sjå at berginga ligg utafor meg – i ein stedfortredar.

Til deg som kjempar og strir, ja gjerne fell i same synda igjen og igjen, du veit mest ikkje om du kan tru Guds nåde, slik du er, til deg har Rosenius dette å seia: «Syndenes forlatelse gjelder alle synder, ikke bare tenkte og oppdiktede, men virkelige, ikke bare små, men også store, ikke bare håndens og tungens synder, men også hjertets og tankenes, ikke bare forbigagne, men også de nåværende. Og som Luther så dristig sier: ‘Ikke bare de overvundne og avlagte synder, men også de som ennå er sterke og mektige i meg’».

Får evangeliet innta vårt hjarta, er det iallfall mi erfaring at då misser synda si makt. Då blir det skapt ei ny lyst til å leva for Herren og til ikkje å gjera Den Heilage Ande sorg.