Medan båten sokk!

Det er tredjedag jol 1942. Frå Hoddøya i Namsenfjorden legg ein liten motorbåt frå land. Kursen står inn mot Namsos. På sætet i det vesle rorhuset sit Leif Prestvik – ein breiskuldra kraftkar på 26 år. Leif var ein ungdom alle sette høgt. Hans dugleik på sjøen, hans stille og fine ferd, hans ærlege og hjelpsame vesen gjorde at alle vart glade i han.

Ei av systrene står nede ved stranda. Motorduren vert veikare og veikare. Til slutt høyrer ho han ikkje lenger. Den vesle farkosten gleid bort i ein mørk og disig fjord.

Kva ville Leif i Namsos denne mørke kvelden? Vi veit berre at lengten etter å møta andre kristne ungdomar drog han. Og han trong hjelp i si sjelenaud. Dei siste dagane han levde, gjekk han gjennom ein anfekting- og lutringseld.

Ein av dei forkynnarane han kjende best, sekretær Sverre Lindaas, skulle tala på jolefest for Misjonssambandet i Namsos om kvelden, og Leif gledde seg mykje til å møta han att.

Leif hadde fare fjorden i uver og storm, vinter som sumar, natt som dag. Om andre heldt seg heime medan uveret rasa, så visste alle at Leif kom fram. «Han er ein hardhaus, og rasande flink på sjøen», sa dei.

I kveld ligg fjorden blank og still, men disig og mørk. Veret er surt og kaldt. Isflak frå Tøtdal-vågen har rive seg laus og driv innover. Leif set seg godt til rette i rorhuset. Med gløgge sjømannsaugo set han kursen etter lysa som blenkjer langs land.

No gledde han seg. Han ville ut av anfektinga sitt mørke. Det skulle bli gildt å vera i lag med dei truande venene. Han måtte finna ljos og meir hjelp for den kjempande sjela si på denne reisa!

Men – Leif kom aldri fram. Ingen har sett korkje han eller båten hans etter denne mørke vinterkvelden. Det vart den siste reisa hans. Berre nokre vrakrestar vart funne. Fjorden er for djup og straumtilhøva for vanskelege til å finna den sakna båten.

Jau, det vart funne meir enn vrak­restar etter Leif si siste ferd. I februar året etter fann Konrad Nygård frå Otterøy setet frå rorhuset i båten hans. Slik gjekk det til at Leif nådde så mange med det klare, trusstyrkjande vitnemålet sitt frå dødsstunda i den mørke fjorden:

I Tørbergvika på Otterøya levde Leif sine første rike barneår. Som eldste guten av fem sysken måtte han tidleg læra seg å hjelpa både mor og dei andre heime. Faren var skippar på eiga skute, og var mykje borte.

Alle som lærte Leif å kjenna i barneåra og seinare, har gode minne om ein snill, hjelpsam og kjenslevar gut.

Tidleg lærte mor borna sine å be og gi til misjonen. Dei hadde alle kvar si misjonsbøsse. Leif var nettopp omvend då han sokk saman med båten sin. Nokre dagar etter at dette hende, kom bror hans til krinskontoret i Namsos med misjonsbøssa hans. Det var 169 kroner på henne.

Då Leif var 13 år, flytte familien til garden Langneset på Hoddøya.

Leif var ikkje gamal guten då han kjøpte seg båt. Sjøen lokka. Snart var han kjend som ein flink fiskar og truverdig og pålitande skysskar i distriktet. Sumarstid låg han ikkje sjeldan åleine heilt ute på Folla og fiska sei. I dei ljose sumarnettene med måkeskrik og rikeleg med seiplask utover grunnane, då lika han seg.

Men Folla er ikkje alltid i godlag, sjølv sumardagen. Tåka kan liggja mørk og farleg, og nordvestkulingen kan koma og laga stor sjø. Då gjeld det å finna veg mellom lumske fall, grunnar og brott. Det kunne Leif. Mang ein vinterdag tok han seg fram i storm og uver, i mørke og snøfokk, i frostrøyk og tåke med drivis i fjorden. Han hadde det ikkje med å snu, sjølv om det såg strengt ut.

På skyssferdene sine møtte Leif mange forkynnarar. I sin eigen heim og andre stader vart han óg ofte i lag med truande menneske. Guds ånd verka på han. Lenge kjempa han med kallet til frelse. I denne tida søkte han jamt dit det var møte.

Hausten 1942 vart Leif vakt opp for alvor. No lengta han etter fred med Gud som aldri før. Men ingen visste kor hardt han kjempa med seg sjølv. Denne hausten låg han sjuk ei tid. Då var det at Ordet frå Joh 11:25-26 kom med ljos og fred og løyste han ut: «Då sa Jesus til henne: Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han so døyr, og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æva ikkje døy.»

Leif fekk girpa dette herlege Ordet og var lukkeleg nokre dagar. Han fekk tru seg frelst.

Men var ikkje dette alt for stort til å vera sant? Slik tenkte han. Då møtte Gud han med eit nytt Ord frå Bibelen: «Min nåde er nok åt deg.» Leif fekk kvila i desse sterke Orda. Men ingen visste det. Frimotet til å vedgå kva han hadde opplevd svikta. Så kom han inn i ny åndeleg strid og eit svært mørke. Det spørsmålet brann i han dag og natt: Var det mogeleg for han, som var så feig, å verta frelst? Dette fortalde han seinare i fortruleg samtale.

 

Ikkje lenge før jol 1942 hadde frikyrkje-predikanten Petter Nærøy nokre møte på Hoddøy. Då det lei mot slutten av det siste møtet, fekk Nærøy ei sterk minning om at han skulle ha eit møte til. «Det står slik for meg at det er ei sjel her i kveld som har sitt siste kall frå Gud», sa han. Då gav Leif seg til kjenne. Han ville kjennast ved for alle kven han i hjarta trudde på. Men heller ikkje etter dette kom han til klårleik, og fekk ikkje frimod til å vitna. Åndskampen braut framleis i han, dag etter dag. Det var særleg mor som var merksam på dette.

Så kom jola. Saman med nokre andre drog Leif til Tøtdal på jolefest. Men enno rann ikkje ljoset i sjela hans. På Tøtdal fekk han høyra at det skulle vera jolefest i Namsos tredje joledag og at Lindaas skulle tala.

Fjerde joledag hadde han lova å henta nokre ferdafolk i byen. Han ville då nytta høvet til å reisa på festen og vera over i byen til dagen etter. Mor var lite glad for denne turen. Veret var surt, det rak isflak i fjorden og det vart tidleg mørkt vinterstid.

Leif lét venta på seg. Mykje av fjerdedagen gjekk, og heime tok dei til å verta redde for han. Då dei ringde til Namsos, fekk dei vita at han ikkje hadde vore på festen, slik han hadde sagt. Same dagen vart nokre vrakrestar av båten hans funne. Kjentfolk skjøna kva som hadde hendt: Kvasse isflak måtte ha skore båten lekk. I mørkret var han ikkje i tide klår over dei farlege flaka som dreiv med straumen ut fjorden.

Spørsmålet som no brann i hjarta til mor og dei andre heime, var dette: Vart Leif frelst? Slapp han ut av mørkret og tvilen før han sokk? Han som ikkje var komen til klårleik, som hadde så veik ei tru – kunne han gå fortapt?

Mor trygla og bad om svar på dette spørsmålet. Ho bad om vissa. Ho måtte få vita om guten hennar hadde sigra gjennom mørkret, sigra over døden og synda, sigra over tvilen i Frelsarens namn.

Då hende det. Eit Ord frå Gud gjorde henne stille og glad: «Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg opp i dagen.» – Herren gav henne kvile midt i sorga og saknet.

Vel ein månad etter at at Leif kom bort, kom Konrad Nygård frå Otterøy langs landet med motorbåten sin. Nygård var på heimveg i godveret etter ein skysstur. Ein materialstump låg og dreiv ved ein odde. «Han kan eg ta med heim til å brenne», tenkte Nygård og stogga båten. Men straumen var strid og førde båten bak odden, så han måtte på land. I ei lita vik fann han meir rakved, som han slengde inn i motorbåten sin.

Etter at Nygård kom seg i veg med køyringa att, vart han merksam på at den eine fjøla var noko onnorleis enn dei andre. Ho likna mykje på sætet i rorhuset til ein småbåt. Sanneleg stod det ikkje noko skrive på henne óg! Nygård treiv etter fjøla og las:

«Båten gått lekk på et isflak.
Jeg går frelst heim til Gud.
Døden er en vinning.
Vi treffes i himmelen.
Vend om, før det er for sent!»

Medan båten sokk, hadde Leif rive laus fjøla i rorhuset og skrive denne siste helsinga til sine. Ja, ei helsing til oss alle.

Nygård la svint kursen om og køyrde direkte til Langneset for å bera fram helsinga til Leif sine kjære. Gleda vart stor. Midt i sorga og saknet lyste vona om eit æveleg attersyn og siger. Endeleg fekk dei vissa om at Leifs svake tru var knytt til ein sterk, usvikande Frelsar!

Leif var berga inn i dei herlege himmelsalane. No fekk han halda jolefest heime hjå Jesus, Frelsaren sin!

Mor tok fjøla mellom hendene, lyfta henne opp og takka Gud. –

 

Ein fin, men noko disig maidag no i vår stod eg i tunet på Langneset og heldt denne fjøla i hendene mine. I mangeår hadde eg tenkt at eg måtte sjå henne. Enno er kvar bokstav synleg. «Handskrifta hans Leif kjenner vi alle att», fortel systera.

Orda på denne enkle fjøla vert på nytt eit mektig vitnemål om ein som med ei veik og anfekta tru sigra i døden si mørke stund.

Eg ser det heile for meg: Leif hadde alt køyrt ein halv time. No er båten mellom Brandøya og Gåsøya – omlag halvveges mellom Hoddøya og Namsos. Mellom desse øyane er fjorden mørkare enn elles. Dei løynske isflaka er vanskelege å sjå.

Brått stansar båten med eit brak. Sjøen fossar inn. Leif går kanskje fram og ser på skaden. Han har ingen småbåt med. No ropar han om hjelp. På garden Oftedal på Otterøy høyrer dei ropa, men skjønar ikkje kva det gjeld.

Skaden på båten kan det ikkje gjerast noko med, og isen er for skral til å berga seg på. Motoren stoppar, og straumen tek båten bort frå isflaka. Det finst inga berging.

Leif lyfter augo opp til nådetrona, til sigerherren over synd og død, til Frelsaren åt dei stakkarslege, til han som tok røvaren frå krossdøden like til paradisets ljose land!

Jau, det er berging for Leif óg! No ser han frelsesgrunnen og kviler i Ordet! Som eit ljosstreif i den mørke natta renn ljoset i Leif si sjel. I staden for jolefest saman med dei unge i Namsos blir det lovsongsfest heime hjå Gud! Ei uskjøneleg og useieleg gleda fyller sjel og sinn.

Tankane er klåre. «Dei der heime må få vite kvar det vert av meg», tenkjer han. Leif tenner det elektriske ljoset i rorhuset. Det er straum på batteria enno. Med raske hender grip han etter sætet, famlar etter den grove blyanten, – og skriv.

Du ser det enno – 18 år etter – at det er ein mann med klåre tankar og ro i sinnet som har skrive denne siste helsinga. Det finst ikkje feil i orda. Korkje prikkane over i-ane, punktum eller store bokstavar vantar. Han skjelv ikkje på handa.

Men tida er knapp. Båten søkk fort, tome for tome.

Av plasseringa av setninga på fjøla skjønar eg at helsinga er skriven i dene rekkefylgja:

Først har han skrive:

«Båten gått lekk på et isflak. Jeg går frelst heim til Gud. Hilsen Leif.»

Det var desse to tinga som låg han hardast på hjarta i denne stunda. Men han fekk tid til å skriva meir, og la til:

«Døden er en vinning. Vi treffes i himmelen.»

«Døden er en vinning», har han skrive på skrå og streka under med to digre strek.

Siste setningen ber merke av annsemd – og det siste ordet er ikkje heilt tydeleg, og bokstavane noko uryddige. Men du ser kva som står heilt nederst: «Vend om, før det er for sent!»

Til oppstoda sin store morgon kviler no Leif Prestvik ute i den djupe fjorden. Når basunane ljomar, skal også havet gi sine døde attende.

Leif sitt mektige vitnemål er verdt å nå ut til mange.

Kanskje ein og annan som ber på redsla for dødens naud og gru, kjem til å lesa dette. Då ropar Leif sitt vitnemål til deg: Døden er ei vinning! Anten eg lever eller eg døyr, så høyrer eg Herren til!

Då får livet si rette meining, ja døden også.

Leif fekk oppleva det som songaren har tolka så herleg:

«Han fører deg frelst over fjorden,
heilt fram til den himmelske strand.
Når døden sin brottsjø du møter,
vil Jesus dra båten i land.»

Må vi få oppleva, både du og eg, at han dreg vår vesle livsbåt trygt i land!

Frå «Ved juletid» 1965