Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Blader

Nye websider i Lekmannsmisjonen

Endeleg har me gleda av å presentere dei nye websidene til Lekmannsmisjonen. Det var naudsynt med ei oppgradering. Det har teke si tid, men me vonar resultatet har vorte godt og tenleg.


Bladet digitalisert
Mange har vore med på prosessen med å scanna alle «Lov og Evangelium» heilt attende til starten i 1964. Frå 1964 og fram til og med 1998 ligg dei no i eit søkbart PDF-format, og frå 1999 og fram til i dag ligg dei både i PDF-format og i rein tekst. Når ein søkjer etter artiklar før 1999 vil ein såleis få opp bladnr. i PDF, og kjem ikkje direkte til artikkelen. Totalt ligg det no ute over 3000 artiklar.


Ein kan søkje fritt på ord og uttrykk, og det ligg inne indeksar på forfattar og årstal, og ein kan velje ulike sorteringar på utvala som kjem fram. Det vil vera eit unikt arkiv for den som vil søkja etter oppbyggelege artiklar. Det ligg inne bortimot 400 forfattarar eller kjelder som artiklane er tekne frå.


Lydopptak
Digitale opptak av talane har me ikkje hatt på weben før, men no har me lagt ut dei fleste av talane som er tekne opp etter at me byrja med digitale opptak – så å seie heilt attende til 2004. I tillegg er det lagt ut over 200 taler og bibeltimar/forelesingar av Carl Fr. Wisløff og Øivind Andersen. Det ligg m.a. ute 48 forelesingar i dogmehistorie av Wisløff og ein gjennomgang på delar av Romarbrevet med  Andersen. Lydarkivet vil difor vere ei kjelde ein kan få ause av året rundt, kor du enn er i verda, berre du har tilgang til internett. Ein kan søkje både på namn og tidspunkt for møta.


Det er høve til å bestille opptaka, men når ein no har høve til fritt å laste dei ned og brenne dei eller å leggje dei ut på eigen MP3 spelar, reknar me med at det i framtida vert mindre bestillingar av CD-ar.


Møteverksemda
Det er også lagt inn oversikt over stader der NLL har møteverksemd, ein kalenderfunksjon me etter kvart vonar skal verta nytta aktivt for å annonsere møta me har ulike stader i landet. Det ligg ikkje så mange møter her enno, men etter kvart som folk lærer seg å nytte systemet, kan dei sjølve leggje inn kva tid møta skal vere på deira heimstad. Reiserutene til forkynnarane vert også lagt ut, og det er fint om nokon kunne ha dei som bønelister. Det er viktig å be for dei som skal stå fram med Ordet.


Blogg
I venstre marg har me ein blogg der Marcus Söderberg rapporterar frå misjonsarbeidet i Moldova. Det er kvardagshendingar, andaktsord, bønebegjær osv. Det gjev deg høve til å følgje med på arbeidet dei står i. Det er også eigne misjonssider der ein vil ha stoff relatert mot ytremisjonsarbeidet som me har i Moldova.


Elles er det samla stoff om forkynnarverksemda, link til bibelskulesidene, historikk, bladet, kontaktinformasjon, fellessamlingar framover og andre aktuelle linkar. Websidene er utvikla i Open Source-systemet Joomla, og sidene er lagra på eksternt webhotell på nettet slik at det opnar opp for at fleire kan vere med å vedlikehalde sidene. Planen er difor at sidene skal oppdaterast oftare og vera meir levande.


Me har hatt profesjonell hjelp av Julie og Tollef Slaathaug, som har brei erfaring innanfor webutvikling og programmering, og me vil takke dei for alle timane dei har lagt ned i utviklinga av sidene. Me vil også takke andre som har vore med på prosessen for å få dette til. Så er det vår bøn at sidene kan få vere ein reiskap i Herrens hand til velsigning for dei som besøkjer sidene våre.

Lov og Evangelium 2011 - Nr 02