Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Sjå eg forkynner dykk ei stor gleda!

Det er jula sin store bodskap at Gud forkynner oss ved englar: – Eg kjem med bod til dykk om ei stor gleda, som skal timast alt folket.

 

Kva er så denne store gleda som alle folk skal få del i? Er det dei gledene som til vanleg fylgjer med jula, og som menneske prøver å gleda kvarandre med, som store og små julegåver, fest og hygge i heimen, fritid og besøk av sine kjære osv.? Nei, slike ting er både kortvarige og forgjengelege, og høyrer til det som menneske prøver å skapa jul ved, og dei timast så visst ikkje alt folket. Mange vil nok leva i synd og liding også denne julehelga, og mange vil svelta ihel mens vi lever i overflod og fest.

Guds store gledesbodskap lyder:
– Dykk er i dag ein frelsar fødd, han er Kristus Herren (Luk 2:11). Denne frelsar er gitt til alt folket, og gamle Simeon vitnar i same kapitlet: «Herre, nå let du tenaren din fara herifrå i fred etter ditt ord, for augo mine har sett di frelsa som du har skipa til for åsynet åt alle folk».

Det merkelege er at denne gåva er ikkje mykje påakta av folk. Det er ingen kø der me tar imot denne frelsa, slik det er i butikkane der dei sel verda sine mange forgjengelege ting til skyhøge prisar. Dei aller fleste viser han ifrå seg, i dag som då Jesus levde og vandra på jorda. Dei brydde seg ikkje om Guds kall og Guds gåve, står det skrive.

Men Gud sender like fullt ut sine vitner for å forkynna oss den store gleda at ein frelsar er oss fødd, også denne julehelga, og Frelsaren står også i år for hjartedøra og bed om å få koma inn. Kor lenge har han stått for di hjartedør?

Han går inga dør forbi, ikkje den uslaste rønna, ikkje det mest syndige og svarte hjarta, for han er ein frelsar som elskar syndaren og kom for å frelsa den fortapte, og han kom til alt folket. Han kom til jorda for di skuld, og difor bankar han på di hjartedør og vil inn i ditt hjarta og liv.

Jesus kom ikkje for å døma deg, nei, han kom for å frelsa deg frå synda og dens fylgjer, både her i livet og når du skal møta den rettferdige og heilage Gud. Jesus leid for dine synder og tok den straffa du skulle lide. Han gjekk i døden for at du skulle leva. Han kom for å gi deg sin fred, som verda ikkje kan gi deg. Han gjorde fred på krossen, og derfor står det skrive at han er vår fred. Han kom for at du skulle få fred med Gud, fred i sjela og samvitet, og Guds fred utrent i hjarta ditt ved den Heilage Ande, den fred som overgår all forstand og som kan bevara hjarta ditt og tankane dine i Kristus Jesus.

I dette barnet som kom til jorda første julenatta, og i denne mannen – som er kalla Menneskesonen – har Gud gitt oss eit liv som varer æveleg. – Den som lever og trur på meg, han skal i all æva ikkje døy, vitna Jesus sjølv for Marta. Han skal leva, om han enn døyr.

Ved han har Gud gitt slekta frelse og barnekår hjå Gud, med alle dei rettar barnekåret gir, som «Guds arvingar og Kristi medarvingar». «Det er dog noe å være barn av Gud, den evige Fader, og her på jorden ha ham til venn som aldri sine forlater». – Å, du vantru ætt, som ikkje kjenner di gjestingstid, og som ikkje veit kva du viser frå deg! Jesus gret når han såg vantrua hjå sitt eige folk, og folket i Jerusalem som ikkje kjende si nådetid, og det gjer han nok også når han ser ned på vårt folk.

Alle våre lesarar vil me ynskja ei av Gud velsigna julehelg med denne bøna av Lina Sandell:

«O Jesus, åpne du mitt øye,
at jeg må se hvor rik jeg er.
Jeg har en Fader i det høye
som faderomhu for meg bær.

Jeg har en broder ved Guds side
som alltid treder frem for meg,
jeg har en nådestrøm så vide
som himlens hvelving strekker seg.

Jeg har en talsmann tro i nøden,
en trøster og husvaler god,
jeg har et evig liv i døden,
en evig fred i Jesu blod.

Jeg har et evighetens rike,
et nåderike, det er sant.
Jeg har en krone uten like,
en arv som Jesus til meg vant.

Ei burde jeg da gå og sørge,
jeg er en mektig konges brud,
skjønt jeg i vantro titt må spørre:
Hvor er din høyhet og ditt skrud?

O Jesus Krist, forøk meg troen
at jeg må se min herlighet,
og aldri, aldri glemme kronen
du har beredt fra evighet.»
(Sb 49)

Så takkar me for året som snart er gått, og ynskjer og bed at bladet må bli til velsigning i året som kjem.

Fra arkivet: L&E nr.10, desember 1975

Lov og Evangelium 2015 - Nr 10