Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Korleis brukar du di dyre tid?

Korleis brukar du di dyre tid?

Av Dag Rune Lid


For ei tid attende var eg i jobbsamanheng på eit seminar som gjekk på bruken av sosiale media på internett. Det er media som Facebook, Twitter, Youtube, MySpace osv. Facebook har no passert 400 millionar brukarar. Det kjem 1 million nye brukarar på Facebook kvar dag. Berre i Norge er det 2.2 millionar på Facebook.

Dei fortalde at i Norge nytta brukarane av Facebook i gjennomsnitt 55 min. kvar dag på dette mediet. Då er det nok mange som nyttar det fleire timar for dagen. Det vert som ein mani, der ein må følgje med korleis det går med vener og kjende, og slik går time etter time framfor skjermen.


Kva fyller sjela di?

Ei songstrofe har tona for meg dei siste dagane: «Kor’ brukar du di dyre tid? Og sei, kva fyller sjela di?» Guds folk treng å stille seg desse spørsmåla. Det er ikkje likegyldig korleis du som ein truande brukar tida di og kva du fyller sjelslivet ditt med.

Me lever i ei hektisk tid, der eg som ein kristen vert bombardert med inntrykk. Djevelen nyttar travelheita. Han skyt sine giftige piler gjennom det me vert utsette for kvar dag av synd og umoral av mange slag i ulike media. Songaren fortset i same songen: «Ver varsam, slepp ei noko inn som stygt og ureint gjer ditt sinn! Å gå fortapt, så svært det er!» Ein kristen står i ein konstant fare her.

På 80-talet var eg student i Bergen, og eg fekk meg TV på hybelen, men det opplevde eg som eit angrep frå djevelen sjølv. Det var som ei åndsmakt, som ville angripe sjelslivet mitt. Sjølv om det kunne vere mange positive program, tok det tid, og eg opplevde også at det var program som var gift for meg. Eg erfarte at eg klarde ikkje slå av, og aller verst var det når «gift» vart presentert. Det vart kamp, og til slutt kasta eg ut heile TV-en.


Sette synda framfor augo

Det er ikkje noko nytt under sola. Guds folk har møtt slike freistingar før óg. Høyr berre korleis Herren talte i fordoms tid til Guds folk: «Desse mennene har gjeve dei motbydelege avgudane sine rom i hjarta. Og det som gjer at dei vert freista til synd, har dei sett framfor augo sine. Skulle eg la dei spørja meg?» (Esek 14:3). Dei sette synda framfor augo sine, dei ville leve i synda – og det gjekk gale.

Jesus visste kva farar hans born ville utsetjast for, og han visste kva konsekvensar synda kunne få om ho fekk rom. Difor sa han: «Om det høgre auga ditt freistar deg til fall, så riv det ut og kast det frå deg! For det er betre for deg at du misser ein av lemene dine enn at heile lekamen vert kasta i helvete. Og om høgre handa di freistar deg frå deg! For det er betre for deg å missa ein av lemene dine enn at heile lekamen din kjem i helvete» (Mat 5:28-29). Om ditt og mitt hjarta sovnar åndeleg sett, då ser me ikkje lenger den fare Jesus her tek fram. «Kva gagnar det eit menneske om han vinn heile verda, men misser seg sjølv?» (Luk 9:25). Då ser eg ikkje at det er ein himmel å vinne og eit helvete å unnfly.


Eitt er naudsynt

I ein travel kvardag må ein kristen oftare og oftare prioritere mellom det som er viktig og det som er livsviktig åndeleg sett. Då Jesus var i heimen i Betania sa han: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men eitt er naudsynt. Maria har valt den gode delen, som ikkje skal takast ifrå henne» (Luk 10:41-42).

Det såg ut til å vere så ineffektivt det Maria styrde med. Ho brukte tid til å sitje og lytte til Jesu ord. Men skal du og eg nå heim til himmelen, er det livsviktig at Herren dagleg får oss inn i stilla der han kan tale tukt og trøyst til di og mi sjel. Djevelen brukar bevisst travelheita i dag slik at «det eine nødvendige » vert unødvendig. Har du erfart det? Det er ti gonger lettare å setje seg ned å lese avisa, enn å ta tid til Ordet, og byrjar ein ikkje dagen med ei stille stund, får ein sjeldan høve att.


Stå opp og et!

Difor er det meir naudsynt enn nokon gong at me som vedkjenner oss Jesu namn, stiller kvarandre spørsmålet: «Kor’ brukar du di dyre tid? Og sei, kva fyller sjela di?» Eg trur at her vert ein av dei viktigaste kampane kjempa i dag i den truande sitt liv. Djevelen set alt inn på å få Guds folk bort frå stilla i bøn over ein open Bibel (Mat 6:6), og det å ta tid til å prioritere samfunnet av dei heilage. Difor talar Herren til sine som han talte i fordoms tid: «Stå opp og et! Elles vert vegen for lang for deg» (1Kong 19:7).

Det er så mykje nyttig, det er så mykje interessant, det er så mange moglegheiter, det er så mange ting ein «må» vere med på i dag. Borna våre har også mange tilbod, seint og tidleg – livet vert så travelt. Men skal du og eg som har møtt Jesus til frelse verta berga, då gjeld det at me lyttar til Jesu ord om å velje den gode del, og det eine som er naudsynt – kjem fyrst. Gjer me ikkje det, syter djevelen for at høvet ikkje kjem att.


Søk då fyrst Guds rike

Lat ikkje travelheita få drepe gudslivet ditt! Fyll ikkje sjelslivet ditt med «søppel», men gjer som Maria! Ho prioriterte det vitigaste av alt først, i ein travel kvardag. Begynn dagen med ei stille stund ved Jesu føter, då kan du få vandre i dei ferdiglagde gjerningar. Då får du gjort meir på ein time, enn ein heil dag i kjøtleg stress og kav.

«Søk då fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt dette i tillegg! Syt då ikkje for morgondagen. For morgondagen skal syta for seg sjølv. Kvar dag har nok med si eiga møde» (Mat 6:33-34). Slik talar Jesus til sine også i dag!

Maria hadde erfart, og kunne samstemme med salmisten: «Ditt ord har halde meg i live» (Sal 119:50b). Kvifor kunne salmisten vitne slik? Jau, for han og mange med han, har erfart det Jesus seier: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg skal ikkje svelta. Og den som trur på meg, skal aldri nokon gong tyrsta» (Joh 6:35). Når Jesus får velsigne maten, då vert det nok også i ein travel kvardag.

Kjære truande ven! Set deg difor ned og la spørsmålet eg innleia med få senke seg ned: Korleis brukar du di dyre tid? Brukar du tida di rett? Om ikkje, snakk med Herren om den saka. Han vil så gjerne føre deg til dei grøne enger (Sal 23).



L&E 46. årgang, nummer 4